Ny E16 og jernbane
– No er det ingen veg tilbake, seier regjeringa om det største samferdsleprosjektet i Nasjonal transportplan.
Publisert 11.09.2024 12:33 Sist oppdatert nå
Denne saka blir oppdatert fortløpande!
Det er andre gong i år at samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) tar turen til Arna stasjon i Bergen.
I mars la dei prosjektet om ny E16 og jernbane på strekninga Arna-Stanghelle inn i den første seksårsperioden i Nasjonal transportplan (NTO).
Prislappen er på 38,9 milliarder kroner for den parallelle utbygginga.
– Det er ei stor glede for oss å komme tilbake hit etter sopass kort tid og meddele at vi no skal starte opp prosjektet. Det vil bli satt av pengar til oppstart i statsbudsjettet, sa samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) til dei frammøte i dag.
I mars kunne ikkje finansministeren love kva tid sjølve bygginga kunne starte. Han antyda «2025/2026» men sa at dei vil komme i gong «så raskt som mogleg».
– Det blir anleggsaktivitet i 2025. Vi sender proposisjon til Stortinget til våren. Det blir «point of no return», oppdaterte samferdsleministeren i dag.
– Det er snakk om 40 milliardar kroner. No er det ingen veg tilbake, no skal dette byggast, la Vedum til og ba om applaus.
Derfor var det ikkje mange som turte å slippe jubelen heilt laus i vinter. Mellom anna NHO.
– Vi har peika på Arna-Stanghelle som eitt av dei aller viktigaste prosjekta i landet. Men vi vil vente med å sleppe jubelen heilt laus til vi ser at dei gir pengane for å starte bygginga, sa politisk rådgjevar Sondre Olsen i NHO Vestland til TV 2 i mars.
Det blir tryggare veg, tryggare bane, dette er det største prosjektet i nasjonal transportplan. dette er eit nasjonalt prosjekt.
prosjektstart i 2025, det vil bli småarbeider med prosjektet, men målet er å få dette vedtatt til våren. vi skal sende ut på anbud og vedta papirer i løpet av åvren. det er eit noerm
Ras og dødsulukker
Det har lenge vore stort engasjement rundt utbetringa av den rasutsette strekninga på E16 mellom Bergen og Voss.
Fleire har ofra husa sine for å sikre at prosjektet blir bygd.
Vegen har av fleire blitt omtalt som «dødsvegen», med over 50 dødsulukker på strekninga sidan 1992. På 2000-talet har det vore over 300 ras.
E16 er hovudvegen mellom Bergen og Oslo.
Både riksveg 7 Hardangervidda, E16 Filefjell og riksveg 52 Hemsedalsfjellet har denne strekninga til felles det siste stykket frå Voss og inn til Bergen.
Dette skal dei bygge
Mange har venta spent, og kjempa hardt, for at fellesprosjektet skal bli ein realitet.
Totalt er det snakk om 30 km ny veg og bane som skal byggast.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle skal erstatte dei mange mørke og svingete tunnelane med langt færre og lengre tunnelar.
Det blir dobbeltspor for jernbana heile vegen til Stanghelle. Det betyr at reisetida på Vossebanen, og dermed også Bergensbanen, blir korta ned.
Veg- og jernbanetunnelane skal gå side om side store delar av strekninga.