I nyttårstalen tar Kongen til orde for å gje plass til det uperfekte. Samtidig heidrar han alle som held fast i håpet, trass motgang og smerte.
– For oss i familien har dette vore eit år då me verkeleg blei sett på prøve, eit år då me har blitt endå meir bevisst på kva som betyr noko her i livet.
– I kjernen av det å vera menneske ligg det at ingen av oss er spart for smerte og motgang. Nokon blir ramma hardare enn andre, men diverre slepp ingen unna å oppleva vonde ting i livet.
Meir enn det seier ikkje Kongen om korleis det har vore for kongefamilien etter at sonen til kronprinsesse Mette-Marit, Marius Borg Høiby, blei arrestert og sikta for vald, valdtekt og truslar mot seks personar.
Høiby har sidan vore open om at han har slite med psykiske plagar og rus.
– Eg er ingen psykolog
Kongen bruker eigne erfaringar til å uttrykka medkjensle med nordmenn som har hatt eit særleg vanskeleg år.
– Eg er ingen psykolog, men såpass har eg erfart: Det er viktig å finna måtar og takla det som er vanskeleg på, for å leva best mogleg med oss sjølve og med andre.
Han oppfordrar alle som treng det til å søka hjelp, og til å støtta kvarandre i vanskelege tider:
– Det kan vera hardt arbeid. Men det er livsviktig arbeid. Det er til og med eit samfunnsbyggande arbeid. For alle desse enkeltmenneska som står i prøvingane sine, er hender i denne lenka me dannar saman, der me verkar saman i stort og smått, der me møter utfordringar.
Og eit par utfordringar har det blitt for kongefamilien i året som har gått. Først då Kongen blei sjuk på ferie i Malaysia, etterfølgd av Høibys arrestasjon og prinsessebryllaupet i Geiranger i sommar.
Håpet og det uperfekte
87 år med kongeleg erfaring kjem godt med når ein skal adressera sjølvkjensla til det norske folket før mange tar fatt på nyttårsforsetta sine.
Kongen slår eit slag for å omfamna det uperfekte.
Han siterer Leonard Cohen som syng «det er ein brest i alle ting, der slepp lyset inn ». Dèt meiner Kongen gjev håp til oss alle når me føler at noko går i stykke:
– Eg trur me ville få det betre om me kvitta oss med ideen om at livet helst skal vera enkelt og gjerne nokså perfekt. For det er jo ikkje sånn det er.
Kongen understrekar kor viktig håpet er, og takkar alle dei som går laus på ein ny dag sjølv når det ser aller mørkast ut.
Dei som arbeider for fred og demokrati i konfliktområde, og dei som strekker ut ei han mot nokon me er ueinige med, eller som er ulike oss.
– Eg vil oppfordra kvar og ein i det nye året til å invitera ein du er ueinig med, til ein kaffiprat, seier Kongen.
Publisert 31.12.2024, kl. 19.30