– På lange, harde økter er det kjempeviktig med påfyll. Men eg mistenker at mange også bruker det unødvendig, fortel klinisk ernæringsfysiolog og tidlegare friidrettsstjerne, Ingvill Måkestad Bovim.
Butikkhyllene fløymer over av fargerike småposar, og stadig fleire mosjonistar har lagt elsken sin på sportsnæring før løpefesten i vår. På relativt kort tid har energigel blitt den største og raskast veksande produktgruppa innan kategorien sportsernæring.
Det siste året har salet av energigel auka med over 60 prosent, ifølge Sport Holding, som eig nokre av dei største sportskjedene i Noreg.
EKSPERT: Ernæringsfysiolog og tidlegare friidrettsstjerne Ingvill Måkestad Bovim har trua på gel og sportsdrikker, i moderate mengder.
Foto: Audun Torsdalen / NRKMen sjølv om produkta er lett tilgjengelege, meiner ekspertane at mange bommar på bruken. Bovim har ei lita åtvaring til mosjonistane.
– Det er veldig få økter der ein mosjonist treng å hive inn på med gelar, anna enn dei veldig spesifikke øktene som er harde og av lengre varigheit i tillegg til konkurranse, seier ho.
Enkle alternativ held
Bovim trur sosiale medium bidrar til forvirring. Når toppidrettsutøvarar deler kvardagen sin, er det lett for sjåarane å tru at dei må følge det same regimet.
TRENG GEL: Johannes Høsflot Klæbo og andre topputøvarar har langt større behov for sportsernæring enn vanlege mosjonistar.
Foto: NTB– Om vi samanliknar oss med dei som trenar to økter om dagen, blir det feil. Dei har eit heilt anna dagsbehov enn den vanlege mannen i gata, forklarer ho.
Gjer det enkelt
Ein av dei som verkeleg har fått bruk for sportsernæring i den knallharde treninga si er supermosjonist Sven Kilander.
– Når eg spring ein roleg totimarstur treng eg kanskje ikkje ha med meg noko som helst, fortel Kilander, som har fleire maratonar og ultramaratonar på beltet sitt.
Kilander meiner mange mosjonistar overkompliserer kva dei treng av energi på trening. Han påpeikar at ein gel til 60 kroner ofte kan erstattast av noko langt enklare.
VETERAN: Sven Kilander er ein veteran innanfor maratonsporten, med ei imponerande tid på 2,24 som 48-åring. Her frå eit tidlegare løp.
Foto: Privat / Privat– Ein gel med 25 gram karbohydrat kunne like gjerne vore bytt ut med sukker blanda i vatn, meiner han.
Han trekker fram ei av dei største løpelegendene i historia for å illustrere poenget:
– La oss bruke Ingrid Kristiansen som eksempel. Eg kan garantere at ho ikkje fylte på med gelar under treningsøktene sine, og ho har framleis den norske rekorden på maratonar, seier Kilander.
Samtidig understrekar han at det er lurt å teste produkta på eit par økter før konkurranse, slik at magen og smaksløkane er vande med næringa.
Tren magen før start
– For meg er det heilt avgjerande å bruke det i maratonløp og i langløp, det er også viktig i trening opp mot løp, fortel Kilander.
SUPERMOSJONIST: Sven Kilander kombinerer ein kvardag med trening og jobb. Han spring som oftast til og frå jobb kvar dag.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRKSupermosjonisten har lang erfaring med å bruke både energigelar og sportsdrikker for å halde energinivået oppe.
Han understrekar at han berre bruker sportsnæring i nokre få veker av året. For å stille best mogleg førebudd til start, startar han med produkta seks til åtte veker før ein konkurranse.
– Då handlar det om éi til to økter i veka, der eg et og drikk akkurat det same som eg skal under sjølve løpet, fortel Kilander.
Han meiner at dei fleste klarer seg lenge med vanleg mat og drikke på kortare økter.
– I dei fleste tilfelle er det like greitt å fylle på med ein banan eller litt saft i løpet av treningsøkta, meiner Kilander.
Gel tærer på emaljen
Treningsfysiolog Melina Magulas trekker fram tannhelsa som eit offer. Det er ikkje berre magen ein må tenke på når det gjeld inntak av energigelar.
Produkta kan nemleg vere svært skadelege for tennene ved hyppig bruk.
– Bruker du desse produkta dagleg over fleire år, vil det gå hardt ut over den uerstattelege emaljen til tennene. Det kan bli ei dyr tannlegerekning om ti år, seier Magulas.
Ho anbefaler å skylje munnen med vatn etter bruk og vente litt med tannpussen.
TRENINGSFYSIOLOG: Melina Meyer Magulas er tidlegare langrennsutøvar og dansar for Hellas. I dag er ho utdanna treningsfysiolog og har løping som ein av sine store hobbyar.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK– Sportsnæring er praktisk, men bør avgrensast til konkurransar og enkelte nøkkeløkter. Då er det uproblematisk for dei fleste, seier Magulas.
Kan bli dyrt
Ho påpeikar også at det er eit økonomisk aspekt rundt bruken av gel, då det er ganske dyre produkt samanlikna med vanleg mat.
– Det kan jo diskuterast om løping eigentleg er ein så rimeleg sport når ein fort ønsker seg dei beste skoa, dei kulaste solbrillene og den beste løpeshortsen, i tillegg til aukande prisar på løpsavgifter, kast så nokre gelar på toppen der, seier Magulas.
Publisert 02.05.2026, kl. 13.11
















English (US)