Kilder til NRK: Tvungen lønsnemnd

1 month ago 21



SISTE: Årsaka er at kjernepersonell i politiet er blant dei som no er tatt ut i streik.

Ved midnatt blei streiken trappa opp. Det lammar blant anna helikoptertrafikken til Nordsjøen.

På Bergen lufthamn Flesland står helikoptra i hangaran onsdag morgon, og det er ingen helikopter ved gate.

Også på Sola og i Florø er trafikken til olje- og gassinstallasjonar i Nordsjøen stansa.

Helikopteroperatørane er avhengige av vervarslingstenester frå Meteorologisk institutt, der fleire no streikar.

Ytterlegare 160 Unio-medlemmer er tekne ut i streik frå onsdag. Blant dei er tilsette i politiet og Meteorologisk institutt. Totalt streikar no fleire enn 3500 Unio-organiserte.

Flypassasjerar må rekna med ekstra ventetid

Flytrafikken går som normalt. Reisande blir likevel oppmoda om å møta i god tid.

Ifølgje Avinor kan streiken blant tilsette i politiet kunna påverke ventetida i inngåande og utgåande grensekontroll ved enkelte flyplassar.

Politiet reknar sjølv med 2-3 timars ventetid i grensekontrollen på Oslo lufthamn, skriv Avinor på sine nettsider.

Reisande innan Schengen, altså EU og EØS-land, blir ikkje ramma.

Når blir det flere eldre enn barn og unge i Norge?

Publisert 05.06.2024, kl. 07.04 Oppdatert 05.06.2024, kl. 07.30

Read Entire Article