Karpe varslar tre konsertar neste sommar

3 hours ago 2



På kontoen sin har Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel no publisert eit animert bilete av ein stor utandørskonsert på Ekebergsletta.

Et AI-generert bilde av en flyvende bil, en hai-ballong og et luftskip svevende over en skogkledd ås med flere scener og mye publikum

Plakaten som blei publisert på Instagraml.

Faksimile: Karpe/Instagram

Til biletet har dei skrive torsdag 09:00 www.karpeworld.com i kommentarfeltet. Det blir tolka som at billettane blir tilgjengelege då.

– Håper på ny musikk

– Vi kan ikkje røpe for mange detaljar på dette tidspunktet, men kan love at det blir ei heilt unik oppleving på Ekeberg neste sommar, seier manager Silje Larsen Borgan til NRK.

Ho legg til at som ein ser på plakaten, blir det innhald frå fleire tidlegare prosjekt på konsertane.

– Personleg håpar eg på ny musikk òg, seier Borgan.

en person som holder et kamera foran en folkemengde

Karpe er vande med store konsertar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Spekulasjonane starta allereie måndag morgon då alle innlegga på Instagram-kontoen til rapduoen Karpe var borte.

Måndag dukka det opp ein video av ei jente og ein mann i eit helikopter som flyg over eit skogområde. Utanfor passerer det oppblåsbare grisar og pengar, før dei ser ned på noko som liknar ein utandørs gigantkonsert.

I kommentarfeltet skreiv Karpe: «Mykje å oppdage i skogen i Oslo». Det gjorde at enkelte tenkte det kunne komme nytt album, eller at dei planla ein stor friluftskonsert i skogen.

Kjent for store lanseringar

Gruppa har det siste tiåret gjort det for vane å gjere noko spesielt når dei skal ha lansering.

Som «Heisann Montebello»-prosjektet som var ni låtar med tilhøyrande musikkvideoar, som blei gjeve ut mellom 2015 og 2017.

Karpe Diem har ikke tatt juleferie riktig ennå, og starter uka med en dobbel låt-utgivelse. Her fra én av tre konserter i Oslo Spektrum tidligere i år.

Snart kan vi sjå Karpe på scena igjen.

Foto: NRK P3

Prosjektet enda opp med tre konsertar i Oslo Spektrum og ein kinofilm «Adjø Montobello».

Albumet «SAS PLUS/SAS PUSSY» frå 2019 blei gjeve ut som eitt samanhengande spor på 30 minutt. Medan EP-en «Omar Sheriff» frå 2022 blei lansert saman med eit filmklipp som gjekk i loop.

Og i 2022 selde dei også ut Oslo Spektrum ti gongar.

Vil du se Karpe til neste år?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Publisert 16.09.2025, kl. 10.57 Oppdatert 16.09.2025, kl. 11.39

Read Entire Article