Eikehaug skriv godt, men litt retningslaust om motvilje mot å bli vaksen.
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Erik Eikehaug: «Alle elsker Kari». Roman. 329 sider. Gyldendal.
Kari verkar som eit litt trist menneske. Ikkje berre har kjærasten, som heilt tydeleg ikkje var bra for henne, slått opp, men ho må innan kort tid hente alt ho eig på eit rom ho har leigd frå ei eldre, særeigen dame som no har blitt dement og havna på gamleheim. Legg til at ho til ei kvar tid let seg forme av den ho er saman med, at ho tydelegvis har eit stort prokrastineringsproblem og er stor motstandar av å bli vaksen, så har du ein samansett, morosam og interessant hovudperson.
I staden for å fikse eigne, meir akutte problem, legg Kari all energi inn i å støtte og ordne opp for eit par hjelpeslause menn.
Så nei, «Alle elsker Kari» handlar definitivt ikkje om Kari Nessa Nordtun, men om sufflør-Kari som har bollesveis, bur i Oslo og jobbar ved Nationaltheateret.
Eg forstår etter eg har lese denne boka at eg burde ha lese Tor Ulven. Ikkje berre refererer Kari stadig til Ulven, og førestillinga ho er sufflør for er ei fiktiv førestilling på basert på Ulven si dikting, men eg får ei kjensle av at sjølve romanen òg er ei hyllest – eller i alle fall eit nikk – til Ulven.
Ifølgje Wikipedia er Ulven si dikting prega av «eksistensiell pessimisme kombinert med originale språklige bilder». På mange måtar passar denne skildringa òg til Eikehaug sin roman.
Språket er direkte, gripande og til tider morosamt. Kari kallar Tesla-eigarar for «Elon Musks skjødehunder», og ho siterer stadig Ulven i alle slags situasjonar. Til billettkontrolløren på trikken seier ho at «Ikke engang den mest liderlig anlagte pleierske på et handicaphjem ville gidde å la seg begrafse av deg.»
Det er likevel noko med romanen som verkar litt retningslaust. Kanskje pregar nettopp vinglinga til hovudpersonen handlinga. Eg lurer fleire gonger på kva det er romanen vil, kva type roman han vil vere. For på eit punkt går det frå å vere om Kari som ikkje vil vekse opp og virrar rundt i Oslo, til «Kari finn seg sjølv i Drangedal».
Det er ingen tvil om at det skjer ein slags vekst, ei utvikling utover i romanen. Kari reflekterer over oppveksten, reflekterer over eigne val og klarer etter kvart å forsone seg med minne og personar ho har hatt eit anstrengt forhold til. Kanskje me kan seie at ho går frå eksistensiell pessimisme til optimisme?
Det er likevel mykje som skal inn på 300 sider, både romansar, anstrengte familieforhold, psykisk helse, arbeidsliv, teater og bustadløyse. For ikkje å nemne Tor Ulven. Alt bidreg til å skape liv til Kari, gi henne erfaringar og personlegdom. Dessverre blir det ein tettpakka roman med for lite driv kor det til tider er utfordrande å finne den raude tråden.
Til tider minner «Alle elsker Kari» meg om ein av fjorårets suksessromanar, «Evil grandma» av Line Baugstø. Hovudpersonane i begge romane endar opp i rare, klamme situasjonar kor dei endar med å seie eller gjere noko dumt. Men der «Evil grandma» hadde pute-tv-potensial, klarer ikkje Eikehaug å få meg til å raudne eller tenke «nei, nei, nei, ikkje gjer det!» Det er nettopp slike augeblink som sit att etter ein har lese ei engasjerande bok. Dessverre tar aldri boka det så langt at eg får slike opplevingar, trass i at det finst potensial for det.
Kanskje elskar alle Kari, eller kanskje ikkje, men eg trur dessverre ikkje alle vil elske «Alle
elsker Kari». Det er likevel ein underhaldande roman med skarpt og godt språk og ein
hovudperson du får trong til å rope «ta deg saman!» til.
Publisert:
Publisert: 22. april 2025 10:15