Karen (79) ankar til Høgsterett etter å ha fått feil baby

1 week ago 5



Alderdommen til Karen Rafteseth Dokken (79) har blitt heilt annleis enn ho trudde.

For tre år sidan fekk ho vite at dottera ho fekk med heim frå fødestova i 1965 ikkje var hennar eiga.

Dei siste åra har ho brukt alle sparepengane sine på rettssaker for å få kommunen og staten til å ta ansvar for det som skjedde. I fjor haust tapte ho saka i Oslo tingrett, nyleg kom beskjeden om at ho tapte også i Borgarting lagmannsrett.

No ankar ho til Høgsterett for brot på menneskerettane.

Advokater

Advokat Sølvi Nyvoll Tangen seier Karen Rafteseth Dokken synest dommen i lagmannsretten er djupt urimeleg.

Foto: Terje Haugnes / NRK

– Ho føler jo at resultatet i lagmannsretten er feil. Det er særleg forholda knytt til 80-talet og staten sitt hemmeleghald av forbytinga, som gjer at ho føler det djupt urimeleg. Ho ønskjer å få prøvd dette, seier Nyvoll Tangen.

Dei vil ha erstatning og oppreising for brot på menneskerettane, for tapt barndom og familieliv. For å ha blitt frårøva moglegheita til å bli kjende med sin biologiske familie.

Det er ei av svært få liknande saker i Europa.

Tek Elden som advokat

Også dottera som vaks opp hos Karen Rafteseth Dokken har bestemt seg for å anke til Høgsterett. Nyleg skifta ho advokat. No blir ho representert av toppadvokaten John Christian Elden.

– Det er viktig å få Høgsterett sitt syn på ei så spesiell sak der retten til familieliv klart er krenka. Staten sitt ansvar i denne saka lyser mot meg når den i 37 år har visst om feilen utan å seie frå til henne det gjeld. Då bør også staten ta ansvar, seier Elden til NRK.

Stillbilder av Elden (advokat) i forbindelse med hans reaksjon etter dagens (23/09/22) pressekonferanse fra politiet.

John Christian Elden er advokat for dottera som vaks opp heime hos Karen Rafteseth Dokken utan å vite at ho var forbytt.

Foto: Thomas Hagajore Fosse

Blei oppdaga på 80-talet

Allereie på 80-talet blei det oppdaga kva som hadde skjedd, men i staden for å fortelje om dette, konkluderte helsedirektør Torbjørn Mork at det var best å gå vidare.

I løynd blei fleire familiar kartlagde, for å finne ut kven av dei nyfødde på fødestova i Eggesbønes i Herøy som kunne vere forbytte.

Dette har vore særleg tungt å svelgje for dei to kvinnene som har saksøkt staten.

Karen Rafteseth Dokken

Karen Rafteseth Dokken tok til tårene då ho forklarte seg i retten om babyforbyttingane.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det høyrer ikkje heime nokon plass, det er ikkje rettsstaten Noreg verdig, sa Karen Rafteseth Dokken då ho forklarte seg i lagmannsretten nyleg.

Eit tilfeldig treff på My Heritage gjorde at forbytinga blei oppdaga og Dokken har i seinare år blitt kjent med den biologiske dottera si. Det har vore eit lysglimt i tragedien.

Linda Gotaas til venstre og mor Karen Rafteseth Dokken til høgre.

Linda Gotaas til venstre og mor Karen Rafteseth Dokken på eitt av dei første møta. Då hadde det gått nesten 60 år.

Foto: privat

Meiner dommen var korrekt

Karen Rafteseth Dokken og dottera som vaks opp hos henne har tapt i to rettsinstansar.

I dommen frå lagmannsretten skreiv dommarane at forbytinga har hatt betydelege og livsvarige konsekvensar for dei involverte, men konkluderte likevel med at staten ikkje har ansvaret for det som skjedde:

«Lagmannsretten finner ikke grunnlag for at staten som overordnet myndighet har brutt EMD artikkel 8 ved manglende eller utilstrekkelig innretning av fødselshjelp eller barselomsorg».

Regjeringsadvokaten held fast på at dette er korrekt, sjølv om Karen Rafteseth Dokken no ankar.

– Dei er i sin fulle rett i å anke til Høgsterett. Staten på vår side meiner at lagmannsretten har skrive ein grundig, god og korrekt dom, og vil argumentere for det i eit eventuelt anke-tilsvar, seier Asgeir Nygård hos Regjeringsadvokaten.

Advokater

Asgeir Nygård hos Regjeringsadvokaten meiner dommen frå lagmannsretten var korrekt.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Trur at Høgsterett vil behandle saka

Det er mange som ankar til Noregs Høgsterett, men berre eit fåtal av sakene slepper gjennom.

Advokat Sølvi Nyvoll Tangen håper det.

– Denne saka er såpass prinsipiell, og det er behov for rettsavklaringar på dette området, så eg trur den slepper inn, seier ho.

Dei var først tre som gjekk til sak.

Den biologiske dottera til Karen Rafteseth Dokken har seinare inngått forlik med staten og kommunen.

Karen Rafteseth Dokken med bilete av dottera som viste seg å ikkje vere hennar biologiske.

På veggen i stova heng bilde av barn og barnebarn. Her heng også bilde av dottera som vaks opp i familien, utan å ha biologiske band til dei.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Publisert 21.11.2025, kl. 05.57

Read Entire Article