Denne veka blei tre menneske avretta i Saudi-Arabia.
Dermed har landet avretta totalt 340 fangar i 2025, ifølge ei oppteljing frå nyheitsbyrået AFP.
Tala er baserte på kunngjeringar frå det saudiske innanriksdepartementet og statlege Saudi Press Agency (SPA).
– Saudi-Arabia har alltid hatt mange avrettingar, men nivået dei siste åra er høgare enn det vi har sett før, seier Charlotte Lysa, forskar ved Universitetet i Oslo.
Også i fjor sette Saudi-Arabia «rekord», då 344 menneske blei avretta.
Det er andre året på rad at landet slår sitt eige rekordnivå.
Dirah-plassen i Riyadh var tidlegare kjend som stad for offentlege avrettingar, men er i dag brukt som ein historisk og turistprega plass. Offentlege avrettingar blir ikkje lenger gjennomførte.
Foto: Sidsel Wold / NRKMange arbeidsmigrantar blant dei avretta
Ifølge styresmaktene er fleirtalet av avrettingane knytte til narkotikarelaterte lovbrot.
I 2023 starta landet ein «krig mot narkotika», med strengare kontroll og hardare straffer.
AFP sine tal viser at 232 av dei 340 avrettingane i 2025 gjeld narkotikasaker.
Arbeidsmigrantar utgjer omlag 13 millionar av arbeidskrafta i landet.
Saudiarabisk narkotikapoliti viser fram beslaglagd captagon i Jidda i 2022. Stoffet er eit amfetaminliknande rusmiddel og eit sentralt mål i landet sin kamp mot narkotika.
Foto: FAYEZ NURELDINE / AFP / NTB– Over 30 prosent av befolkninga i Saudi-Arabia er utanlandske statsborgarar, men dei utgjer nesten halvparten av dei som blir avretta, seier Lysa ved UiO.
Saudi-Arabia har i mange år vore avhengig av millionar av utanlandske arbeidarar for å bygge infrastruktur og arbeide i private heimar, som ifølge Lysa har ofte har ein svak posisjon i rettssystemet.
– Særleg dei som ikkje snakkar arabisk, har ein svak posisjon. Det finst mange døme på at dei ikkje får god informasjon om skuldingane mot seg eller om dommen.
Arbeidsmigrantar spelar kort i gamlebyen i Jeddah. Bilete frå november 2020 då Saudi-Arabia varsla reformer som skulle lette nokre av restriksjonane for migrantarbeidarar.
Foto: Amr Nabil / AP / NTBHo forklarer at rettsprosessane generelt er lite opne, noko som kan gjere situasjonen endå meir krevjande for utlendingar.
Avviser kritikken
Menneskerettsorganisasjonar har lenge kritisert bruken av dødsstraff i Saudi-Arabia.
Human Rights Watch (HRW) har dokumentert fleire tilfelle der personar er dømde til døden etter å ha blitt tiltala under Saudi-Arabias antiterrorlover.
Kronprins Mohammed bin Salman og president Emmanuel Macron under One Water Summit i Riyadh 3. desember 2024.
Foto: - / AFP / NTB– Dette er ikkje valdelege kriminelle, og dei fleste er utanlandske statsborgarar. Å avrette dei bryt med folkeretten, som seier at dødsstraff berre kan brukast ved overlagt drap, seier Harriet McCulloch i menneskerettsorganisasjonen Reprieve.
Etter ein pause på rundt tre år tok Saudi-Arabia i slutten av 2022 opp att bruken av dødsstraff i narkotikasaker. Det reagerte FN sterkt på.
Saudiske styresmakter avviser kritikken.
Dei meiner dødsstraff er nødvendig for å halde oppe lov og orden, og at straffa berre blir brukt etter at alle ankemoglegheiter er uttømde.
Mohammed bin Salman tok over makta i 2017.
Foto: BANDAR AL-JALOUD / AFP / NTBVanskeleg å få oversikt over politiske motstemmer
Ifølge Lysa finst det døme på at dødsstraff er brukt, men det er vanskeleg å få full oversikt.
– Det har vore tilfelle der dødsstraff er brukt i saker behandla i terrordomstolen. Lovgivinga er svært vag, og mykje kan bli definert som trugsmål mot statens tryggleik.
Charlotte Lysa, forskar på Midtausten, særleg Saudi-Arabia og Qatar ved Universitetet i Oslo.
Foto: Ksenia NovikovaMenneskerettsorganisasjonar viser til desse sakene som politisk relaterte:
- Mohammed al-Ghamdi – pensjonert lærar, dømd til døden i 2023 etter å ha blitt tiltalt under landets antiterrorlov for ytringar på sosiale medium, ifølge HRW.
- Youssef al-Manasif – sjiamuslim, dømd til døden etter demonstrasjonar. Var mindreårig då han blei arrestert, ifølge ein amerikansk kommisjon.
- Ali al-Mabiouq – dømd til døden i samband med protestar. Også han var mindreårig då han blei arrestert, ifølge HRW.
- Salman al-Awda – kjend sunnimuslimsk aktivist som har vore fengsla sidan 2017. Saudisk påtalemakt har bedt om dødsstraff, men saka har vore behandla for stengde dører og er framleis uavklart, ifølge ein amerikansk kommisjon.
– Har ikkje vore ei politisk liberalisering
– Det mest påfallande er kanskje ikkje at dødsstraffa finst, men korleis ho blir presentert. Staten har blitt meir opptatt av image, og dødsstraffa er i større grad flytta ut av det offentlege rommet, seier Lysa.
Ho meiner mykje av endringa handlar om korleis Saudi-Arabia ønsker å framstå overfor omverda.
Saudi-Arabia har brukt mange ressursar på å profilere seg som ein turist og sportsattraksjon. Her eit offisielt besøk av Lionel Messi i mai 2023.
Foto: HANDOUT / Reuters / NTBSidan kronprins Mohammed bin Salman, tok over den reelle makta i 2017, har landet jobba for å framstå som eit meir moderne og ope land.
Dei har investert tungt i kultur, turisme og internasjonal idrett, mellom anna gjennom store fotballsatsingar og sportsarrangement.
Landet møter vedvarande kritikk frå menneskerettsorganisasjonar for den omfattande bruken av dødsstraff.
MBS under eit offisielt besøket til USA i november 2025, her med den amerikanske presidenten Donald Trump.
Foto: Evan Vucci / AP / NTBOrganisasjonane meiner praksisen står i sterk kontrast til biletet landet ønsker å vise verda, som er ein sentral del av kronprinsen si Vision 2030-satsing.
Lysa påpeikar det viktig å skilje mellom sosial og politisk utvikling i landet.
– Det har vore ei omfattande sosial liberalisering, men det har ikkje vore ei politisk liberalisering. Tvert imot har landet blitt meir autoritært.
Publisert 20.12.2025, kl. 21.20























English (US)