Kaos og farlege situasjonar ved turist­attraksjon - no har Vegvesenet tatt grep

1 month ago 21



På ei smal, verna bru frå 1833 går riksveg 13, den einaste vegen gjennom Oddadalen i Hardanger.

Vegen er ein av dei mest brukte mellom Bergen og Oslo.

Brua her er òg det beste utkikkspunktet til den svært populære Låtefoss, ein gjengangar i feriefoto frå Vestland.

Turistar går på brua medan ein lastebil køyrer over.

Den smale brua skal bere både turistar og tungtrafikk.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Møtepunktet mellom trafikk og turisme har gitt så store problem at Statens vegvesen no har sett inn trafikkdirigentar på staden.

– Der det samlar seg mykje folk, kan ein få trafikale utfordringar. Ting toppar seg ved Låtefoss og får konsekvensar for andre trafikantar, næringstransport, utrykkingskøyretøy, og turistar. seier fungerande avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Henny-Kristin Asprenden Navarsete.

Turistar står på brua for å ta bilete av fossen. Bak dei køyrer ein bubil forbi,

Mange turistar går ut på den smale brua for å sikre blinkskotet frå Låtefoss.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Turistar i vegbana

På vinterstid køyrer om lag 190 køyretøy over brua i timen. I turistsesongen mangedoblar talet seg til 600 køyretøy i timen.

På dei travlaste døgna i juli køyrde nesten 6500 køyretøy over den smale brua.

Turistane må krysse vegen for å få seg frå parkeringa til kiosken og fossen

Turistane må krysse vegen for å få seg frå parkeringa til kiosken og fossen.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

I tillegg til møtande trafikk, må trafikantane her også belage seg på å møte skodelystne turistar på brua, samt bilar som ryggar ut frå parkeringa like ved.

Ved fleire høve har køyretøy òg parkert i vegbana, då det ikkje har vore ledige parkeringsplassar.

Kaoset er ikkje av ny dato, men er blitt verre med åra. Allereie i 1989 song Øystein Sunde om dei trafikale utfordringane i området i låten «Campingvogna».

Trafikkaos ved Låtefossen i Odda.

Denne situasjonen vart fanga opp på Statens vegvesen sitt webkamera ved Låtefoss tidlegare i sommar.

Foto: Statens vegvesen

– Mykje av dei trafikale problema har sitt utspring i parkeringa her, seier Navarsete.

– Når dirigentane er der, er det berre trafikk éin veg om gongen, så dei mjuke trafikantane får litt meir plass på brua.

I tillegg til å sørge for at det er god trafikkflyt, hjelper dirigentane dei som skal rygge ut frå parkeringsplassen.

Dirigeringa gjer det òg tryggare for turistane, meiner Navarsete.

To bilar møtast på den smale brua medan turistar fotograferer i vegkanten.

Dirigentane er på plass frå klokka 11.00 til 18.00. Før og etter kan ein møte motgåande trafikk og turistar samstundes på den smale brua.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

At det er nettopp ein foss turistane vil ta bilete av, gjer det ekstra utfordrande, seier ho.

– Dei er fråtekne ein av dei viktigaste sansane våre i trafikken, nemleg høyrsla. Så me oppmodar dei mjuke trafikantane der til å vere ekstra forsiktige.

– Ikkje så hysterisk

Frå mai til september sit Patrick Hylland elleve timar om dagen i Låtefoss Kiosk.

Herifrå har han god utsikt til vegen.

– Det er eit under at det ikkje har skjedd noko. Men noko kjem til å skje, det er klart, seier han.

Patrick Hylland sit i Låtefoss Kiosk og ser ut mot vegen

Patrick Hylland ser rett ut på møtepunktet mellom mjuke turistar og køyretøy frå kiosken sin.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

I høgsesongen stoppar om lag tre tusen dagleg for å sjå på fossen, anslår Hylland.

– Det er det same kvart år. Det er fullt på parkeringa, folk skal krysse vegen, og bilane køyrer ikkje i 50, for å seie det slik. Eg sit med hjartet litt halsen.

Men når trafikkdirigentane er på plass, blir situasjonen ein heilt annan.

– Det er mykje stillare og rolegare, det er ikkje så hysterisk.

Parkeringa til fossen står på andre sida av vegen

Parkeringa står på andre sida av vegen frå kiosken og fossen.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Dagleg leiar Lars Ivar Kollbotn i Aarekol Trafikktjeneste, som har tatt på seg oppdraget med å dirigere trafikken på staden, seier dirigentane får gode tilbakemeldingar frå turistar og trafikantar.

– Dei vinkar og gjev tommel opp!

Dagleg leiar Lars-Ivar Kollbotn i Aarekol Trafikktjeneste

Dagleg leiar i Aarekol Trafikktjeneste Lars-Ivar Kollbotn.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Selskapet har oppdrag i trafikken over store deler av Vestlandet, men oppdrag i direkte tilknyting til ein turistattraksjon er ikkje kvardagskost.

– Det gjev ein god kjensle å vere med å vareta eit område som Låtefoss. No kan folk parkere og bevege seg roleg over mot fossen, og få ei god oppleving.

– Kunne vore her heile høgsesongen

Hylland vil gjerne ha trafikkdirigentane tilbake neste høgsesong, då aller helst allereie frå mai og ut august.

– Viss ikkje, må dei byggje ut området her. Det er det som er alternativet.

I utgangspunktet skal tiltaket berre vare fram til 11. august i år, då festivalgjengarane til Sus og Dus-festivalen i Odda har kome seg heim.

Navarsete utelukkar ikkje at dei vil vurdere liknande tiltak neste høgsesong òg.

– Det viktigaste er at me oppmodar både mjuke trafikantar og dei i køyretøy om å ikkje bidra til hindringar eller trafikkfarlege situasjonar, seier ho.

– Viss den oppmodinga ikkje når fram, må ein sette i verk andre tiltak.

Publisert 07.08.2024, kl. 05.25

Read Entire Article