Kanadiske turistar måtte søke ly: – Takk for at de redda liva våre

1 month ago 26



Fjellturen på Hornelen vart meir dramatisk enn turistane såg for seg. No takkar dei DNT.

 Privat
SØKTE LY: Kanadiske Andrew, Andy, Felix, Kevin og Michael overnatta på toppen av Hornelen. Foto: Privat

Publisert 24.07.2024 16:28

I eit innlegg på Facebook fortel Den Norske Turistforening (DNT) om ein dramatisk fjelltur for fem kanadiske turistar.

Kanadiarane var på fjelltur på Hornelen i Bremanger då havskodda kom sigande.

– Inga skodde er så tjukk, og inga skodde er så kald, som nettopp havskodda, skriv DNT i innlegget.

Då turistane nådde toppen av den høgaste sjøklippen i Europa, var det inga sikt. Dei var nedkjølte og tomme for energi.

– Ein tur ned frå fjellet ville potensielt utsett dei for ekstrem fare. Difor søkte dei ly i nødbua på toppen, skriv DNT.

I nødbua Olavsheim fann dei både nødproviant og termiske teppe, og bestemte seg for å sove over. Etter å ha kome ned igjen, oppsøkte turistane DNT i Oslo og omland for å kome i kontakt med det lokale turlaget.

– Ville døydd

I ein epost til Keipen Turlag uttrykker kanadiarane takksemd for opphaldet i nødbua.

– Takk for at de redda liva våre. Vi ville døydd om det ikkje var for nødbua og utstyret, skriv dei til Keipen Turlag.

Leiar Jannike Brenden Frøyen i Keipen Turlag trur turen til Hornelen var lengre og meir utfordrande enn turistane hadde sett føre seg.

 Privat
SKODDE: Då turistane tok dette bildet morgonen etter natta i nødbua, varma sola på toppen av Hornelen. Men havskodda var framleis tjukk. Foto: Privat

– Dei hadde lite kle – den eine gjekk berre i t-skjorte – og ikkje nok mat, seier ho.

– Vil ikkje skremme

Turen til Hornelen er ikkje naudsynleg den lengste for erfarne fjellfolk, fortel Frøyen.

– Men det er utfordrande terreng, og mange undervurderer kor vanskeleg turen er. Vi som bur her veit òg at havskodda ikkje er å spøke med. Den er mykje tjukkare og kaldare enn den du finn lenger inn i landet, seier ho.

– Eg vil ikkje skremme folk frå å gå der, for det er ein veldig fin tur, men ein må vere førebudd.

 Skjermdump
TAKKA: I eposten til turlaget skriv kanadiarane at nødbua redda liva deira. Foto: Skjermdump

Om nødbua faktisk redda livet til turistane, seier Frøyen ho verken kan bekrefte eller avkrefte.

– Men det er klart det er farleg å gå i slikt terreng når det er dårleg sikt, og ein er kald og svolten, seier ho.

– Ser kor viktig det er

Leiaren i turlaget har ikkje høyrt om nokon andre som har hatt same oppleving som kanadiarane på Hornelen.

– Det er første gang vi høyrer om denne situasjonen, men det kan nok ha råka mange. Eg går sjølv ofte tur til Hornelen, og møter mange som opplever at turen er meir krevjande enn dei hadde tenkt.

Frøyen fortel at ho vart stolt og glad då kanadiarane tok kontakt for å fortelje om opphaldet i nødbua.

 Privat
TRONGT: Turistane hadde ikkje mykje plass i nødbua. Foto: Privat

– Vi hadde ein stor dugnad i 2021, fordi bua hadde begynt å bli gammal og sliten. Vi ser kor viktig det er å ha ei bu der oppe, seier ho.

Kanadiarane er ifølge Frøyen no heime og i god behald.

– Dei er innmari takksame for at det finst nødbuer, seier ho.

– Lurt å setje seg inn i

Dei fem turistane på Hornelen er ikkje åleine om å hamne i problem på fjellet om sommaren.

– Vår og sommar er høgsesong for oss. Det er naturleg når vêret vert finare, og fleire trekker utandørs, både på fjord og i fjell, seier operativ redningsinspektør Andreas Høie Næsheim ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg.

Næsheim seier at både turistar og nordmenn som oftast førebur seg godt til fjelltur, men at nokon kan vere uheldige.

– Ein må kjenne til eigne ferdigheiter, og avpasse turen etter forholda. Sjekk vêrmeldinga, og sørg for å ha rett utstyr, oppmodar han.

Også Frøyen har fleire råd til dei som skal ut på fjelltur i sommar.

– DNT har eit godt utbygd hyttenett, med nødbuer ulike stadar. Det er lurt å setje seg inn i kva som finst der du skal. Så er det viktig å ha med nok mat og kle, og vere førebudd på at det ikkje alltid er god mobildekning i fjellet, seier ho.

Dei kanadiske turistane er orientert om at TV 2 skriv om opplevinga deira, og er positive til at historia vert delt. Dei vil ikkje sjølv uttale seg til TV 2.

Read Entire Article