Publisert: Publisert:
For mindre enn 40 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Kanskje me skal snakka meir om verdien til barn som nettopp er fødde?
Nyvald leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom Ingrid Olena Hovland har eit klart og tydeleg standpunkt når det gjeld abort. Forsvaret hennar for fosterets rett til å leva er prinsipielt og absolutt, og gjeld frå «unnfangelsen». Meir er det ikkje å seia.
20-åringen står i stormen frå kritikarkorpset, og vik ikkje. Og ho ser ut til å ha brei støtte, ikkje minst her i Rogaland. Menneskeverdet for barnet i mors liv er ukrenkeleg!
Men kva med barn som nettopp er komne ut or mors liv?
Samtidig med Hovlands krig for menneskeverdet står den danske forfattaren Carsten Jensen og fleire andre på Rådhusplassen i København og les opp namn på drepne barn i Gaza: Dei hadde ikkje nådd å bli eitt år. «De var spebarn som ikkje engang fikk ta de første nølende skrittene, de første prøvende ordene. Og likevel var de, som alle barn, fylt av en ubetinget tillit til verden, en tillit som ble møtt med en kule. De kunne ikke sitt eget navn, de hadde ennå ikke lært seg å si mamma og pappa, og så var det slutt.»
Eg er klar over at verken Hovland eller meiningsfellane hennar eller me andre kan gjera så mykje frå eller til når det gjeld desse siste barna, anna enn å protestera mot ugjerningane dei er utsette for. Men det har eg ikkje sett at verken KrFU eller moderpartiet har gjort. Dei likar ikkje å snakka om dette.
Jødane som folk har ikkje noko med dette å gjera, dei har si eiga lidingshistorie. Men den regjeringa som nå har makta i Israel, kvifor teier KrF så stille om den? Lar det seg verkeleg gjera å foreina eit vilkårslaust forsvar for ufødde barns liv, og samtidig lukka auga for eit regime som fører krig mot ungar, enten dei er ufødde eller fødde?
Publisert:
Publisert: 13. november 2025 13:00

2 weeks ago
4












English (US)