Kan få bot for dette – truar med politisk streik

2 hours ago 2



– Det er ikkje så fint å sjå på. Det luktar òg. Eg skjønner at det blir reaksjonar.

Det seier yrkessjåfør og tillitsvald Bård Troli.

Han har lasterommet fullt av oppdrettslaks frå Nova Sea på Lovund.

Blodig og slimete smeltevatn frå vogntog blir oppdaga fleire gonger i løpet av ein vinter, ifølgje Vegvesenet.

Fryst fiskeavrenningsvann bak på en trailer

Fleire gonger i løpet av ein vinter oppdagar Vegvesenet blodig og slimete smeltevatn frå vogntog.

Foto: Frank Nygård / NRK

Det kjem frå fiskekasser, og er ikkje berre grisete, men gjer vegane glatte og trafikkfarlege.

Derfor vil Vegvesenet gi bot på 5000 kr til sjåførar og 20.000 kroner til transportfirma som søler med dette i vegbanen.

Men forslaget møter motstand i transportbransjen.

Vedtar ein dette vil mange nekte å køyre slik last, meiner Troli.

– Eg trur det vil bli vanskeleg å få sjåførar til å risikere det altså. Dei vil ikkje køyre dette her.

Bård Troli sitter i førersetet i en lastebil, iført en svart t-skjorte. Han er innendørs med utsikt mot et industriområde gjennom vinduet. Det er synlig diverse utstyr og kjøretøy i bakgrunnen.

Yrkessjåfør og tillitsvald Bård Troli skjønar at det blir reaksjonar på blodig smeltevatn frå vogntog.

Foto: Frank Nygård / NRK

Vurderer politisk streik: – Kan ikkje påverke avrenninga

Forslaget til Vegvesenet har høyringsfrist fredag 27. februar.

Ein som har sagt si meining er avdelingsleiar for Fellesforbundet si avdeling 32 Transport Nord, Bjørn Tore Bråten.

Han meiner Vegvesenet går etter feil personar når dei vil bøtelegge sjåførar.

– Når dei skal kome med tiltak for å hindre avrenninga, så skyt dei feil person med å gi sjåførane gebyr. Dei køyrar ofte på plombert last og har ikkje moglegheit til å påverke avrenninga, seier han.

  •  Utlendinger utkonkurrerer norske sjåfører,  Bjørn Tore Bråten i Polarsirkelen Transportarbeiderforb

    Bjørn Tore Bråten

    avdelingsleiar for Fellesforbundet si avdeling 32 Transport Nord

Transportforbundet har sendt inn sine synspunkt til høyringsnotatet, men skulle Vegvesenet få vilja si, vil dei vurdere politisk streik.

– Vi stiller eit krav om at dei fjernar den linja som går på gebyr til sjåføren, seier han og legg til:

– Vi vil også sende eit krav til Fellesforbundet sentralt om at vi tar ein politisk streik. For det her er ganske viktig for våre medlemmer.

Samferdselsministeren vil òg gje bot

Nyleg besøkte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård Vegvesenet sin kontroll av fisketransport i Bodø, for å sjå til at transportørane følgjer lovverket.

– Men kva med laksenæringa sjølv? Har ikkje dei også eit ansvar?

– Heile verdikjeda har eit ansvar, svarar ministeren.

– Men ifølgje loven, er det dei som køyrer køyretøyet som har ansvar for å sikre lasten, seier han.

En mann i oransje jakke og sort lue står foran en stor trailer utendørs på vinterstid.

Å ha gebyrer som eit sanksjonsmiddel er ikkje noko nytt, meiner samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Foto: NRK

– Transportnæringa truar med streik om dei får bøter. Kva tenker du om det?

– Det er alltid slik at den som køyrer lasta, har ansvar for ho, svarar han.

– Samstundes vil eg oppfordra transportnæringa om å vere veldig tydelege om at dei ikkje aksepterer fiskekassar som kan bidra til avrenning.

To trailere som fraktet fisk fikk kjøreforbud på grunn av avrenning av fiskevann under en kontroll ved Tanabru kontrollplass i april 2024.

Denne frakta fisk i april 2024 og fekk køyreforbod på grunn av avrenning.

Foto: Statens vegvesen

Kan gi auka trafikksikkerheit

Også Statens vegvesen meiner at sjåførane og transportselskapet har eit særleg ansvar for å sikre lasten.

I høyringsnotatet viser Vegvesenet til ein kontroll dei hadde i Nordland november 2023, der 13 av 16 vogntog fekk bruksforbod til avrenninga tok slutt.

Difor meiner dei at innføringa av ei bot kan føre til færre tilfelle med avrenning, og at næringa får eit insentiv til å endre transportmetode, noko som kan gi auka trafikksikkerheit.

Det ser ut til å fungere allereie no.

Laksetrailere

Nova Sea legg laksen i isoporkasser fylt av is. Dei fyller opp 15 vogntog med slike kasser kvar dag.

Foto: Frank Nygård / NRK

Tette kasser?

For skulle forslaget om bot bli ein realitet, står altså lakseselskapa i fare for at ingen vil transportere laksen.

Difor går no verdas største produsent av oppdrettslaks, Mowi over til tette kasser.

Dei liknar dei kassene som er i bruk no, men er heilt tett og har eit forhøgja platå midt i kassa.

Når isen smeltar vil fisken ligga tørt på platået, medan vatnet legg seg rundt.

Nova Sea på Lovund, som er eigd av Mowi, blir det siste slakteriet som tek slike kasser i bruk. Det skjer når det nye slakteriet står ferdig om nokre månadar.

 Bjørn Olvik i Nova Sea holder ei tett kasse.

Bjørn Olvik i Nova Sea seier dei vil bruke tette kasser for å få bukt med avrenning frå vogntog som fraktar oppdrettslaks.

Foto: Frank Nygård / NRK

Men detaljar er viktige:

– Du må ha kald fisk for å kunne legge det i ei slik kasse. Om du ikkje har det, så er det ikkje bra i desse kassane heller.

Det seier kommersiell direktør i Nova Sea, Bjørn Olvik.

Tidlegare i år, sa direktør i Sjømat Noreg, Trond Davidsen til NRK at dette av ulike årsaker ikkje nødvendigvis passar for alle andre selskap.

Ikkje alle har dei same føresetnader for å kjøla fisken tilstrekkeleg ned før pakking i kasser.

Davidson peikar på at fisk som blir liggande i smeltevatn vil få redusert kvalitet.

– Sjømatnæringa har et ansvar for at lasten er kald nok når den forlèt slakteriet, seier Robert Eriksson, administrende direktør i Sjømatbedriftene til NRK.

– Det er også et ansvar som kviler på transportøren at fisken kjem trygt fram.
Det er ei klar oppfordring til medlemsbedriftene om å bruker seriøse transportørar, seier Eriksson.

Publisert 01.03.2026, kl. 09.40

Read Entire Article