Kampen for kvinneregissørane: – Har ikkje skjedd nok

2 hours ago 4



– Det burde vere ei sjølvfølge at kvinner regisserer like mykje som menn. Men slik er det ikkje.

Det seier regissør Vibeke Løkkeberg (81).

Storfilmen «Hamnet» er regissert av Chloé Zhao. Ho er i år den einaste kvinna som er nominert i kategorien beste regissør.

I et rom med moderne møbler sitter en person i en blå stol og ser mot kameraet. Veggen bak er dekorert med sorte og hvite fotografier, mens et vindu slipper inn naturlig lys. Det er en sofa og flere stoler i rommet, samt en plante og en lampe i nærheten. Gulvet har et rutemønster av mørke og lyse fliser. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ho er kjend for å vere ein modig filmskapar.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

I filmen blir blikket flytta frå den mest kjende dramatikaren i verda, Shakespeare, over til kona hans, Agnes Hathaway.

Her følger vi Agnes mens ho handterer ei djup sorg i heimen deira. Filmen er basert på boka «Hamnet» av Maggie O'Farrell.

Frå traileren til «Hamnet», regi Chloé Zhao.

Løkkeberg har kjempa for kvinnelege regissørar gjennom heile karrieren, og har mellom anna laga dokumentaren «The Long Road to the Director’s Chair».

Ho meiner kvinne-dominansen bak ein av årets største Oscar-favorittar varslar eit etterlengta taktskifte, og dreg linjene til den norske suksessen med «Affeksjonsverdi».

– Eg håpar ikkje eg fornærmar Noreg ved å seie at eg sjølvsagt held ein knapp på at den kvinnelege regissøren vinn.

«Den stygge stesøsteren»

Også norske Emilie Blickfeldts «Den stygge stesøsteren» er med i årets Oscar-kamp.

Lea Myren som Elvira i DEN STYGGE STESØSTEREN

Lea Myren som Elvira i «Den stygge stesøsteren».

Foto: Mer Film / Ymer Media

Hovudrolleinnehavar Lea Myren (24) er framleis fersk i gamet, men merkar at bransjen er i endring.

– Mitt første møte med bransjen var prega av kvinner i alle leiarroller og eit tydeleg feministisk bodskap.

– Eg har hatt ein feministisk inngang frå starten av, men eg merkar jo kor nødvendig det faktisk er, seier Myren.

Ikkje skjedd nok

Ifølgje den årlege rapporten frå USC Annenberg Inclusion Initiative var berre 8,1 % av dei 100 mest innbringande filmane i 2025 regisserte av kvinner.

– Det har ikkje skjedd nok når det er så få kvinner som får lage film samanlikna med menn, seier Løkkeberg.

En person med langt, mørkt hår ikler seg en lyserosa bluse med høy hals. Bakgrunnen viser store, hvite bokstaver på en grønn vegg. Lyssettingen fremhever ansiktsdetaljer og klær. Bildet kan være fra et arrangement eller en premiere. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Chloé Zhao vann beste regi for «Hamnet» under årets Golden Globe.

Foto: Maja Smiejkowska / Reuters / NTB

Då Chloé Zhao fekk spørsmål om kvifor så få kvinner regisserer storfilm i USA, var svaret tydeleg:

– Eg har lært at kvinneleg leiarskap handlar om styrke frå fellesskap og intuisjon, ikkje dominans. Det passar dårleg inn i dagens bransje, seier «Hamnet»-regissøren.

Statistikken gjev ho rett: På nesten 100 år med Oscar-historie har berre tre kvinner vunne prisen for beste regi.

Gjer det stort

NRK Filmpolitiets Birger Vestmo gler seg til «Hamnet», og meiner vi har med eit stort talent å gjere som filmverda no tek på alvor.

Etter Oscar-sigeren med «Nomadland» fekk Zhao regissere Marvel-filmen «Eternals».

– Sjølv om kvaliteten ikkje var i nærleiken av «Nomadland», fekk ho ein sjanse få kvinnelege regissørar får: å leie ein produksjon i hundremillionersklassen, seier Vestmo.

  • Birger Vestmo er filmkritiker i NRK.

    Birger Vestmo

    • Kritikar i NRK Filmpolitiet

Han håpar dei åtte Oscar-nominasjonane til «Hamnet» kan inspirere bransjen til å tenkje nytt om kven som får styre dei største budsjetta.

– Det heng diverre framleis igjen at menn oftast får dei største filmane. Eg håpar dette kan vise at det ikkje må vere slik.

To personer poserer sammen på en rød løper. Den ene personen har på seg en blå dress, mens den andre er kledd i en svart, pelsaktig jakke. Bakgrunnen har et mønster med sirkler og en stjernesky. Begge personene ser mot kameraet og viser tegnene som for eksempel hjerteformede gestus. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kumail Nanjiani og regissør Chloé Zhao på «Eternals»-premieren i 2021.

Foto: Vianney Le Caer / AP / NTB

Publisert 26.02.2026, kl. 14.18

Read Entire Article