Diktaren bak «Vårsøg», ein gong kåra til den vakraste visa i Noreg, er skulda for overgrep mot barn. 24 år etter sin død.
På Nordmøre har det rysta bygda som har bygd heile identiteten på diktaren.
Diktarheimen til Hans Hyldbakk ligg for seg sjølv og tronar over bygda, utan naboar, berre tre, lyng og beitemark rundt. Iblant ringde diktaren ned og ungar blei sende opp med post og varer.
«Jon» var seks år da han først fekk jobben av mor si, medan diktaren var nærmare 80.
Her er hans versjon av sakene om overgrep mot barn som har skaka og splitta Surnadal.
Mannen ønskjer å vere anonym, så «Jon» er ikkje det ekte namnet hans.
Hyldbakk heldt seg mest i den raudmåla skrivarstua, fortel «Jon». Inst i skrivarstua sto diktarens seng.
Foto: Webjørn S. Espeland / NRKSkinnfellen
– Eg måtte hente varene og posten, gå gjennom ei grind, over ein åker og opp skogen. Da var det å banke på der oppe, og gå inn. Det var rotete og lukta lort der, fortel han.
På ei seng inne i stua låg bygdas store poet.
– Og det ... Det var spesielt, da. Så drog han opp skinnfellen, og så ...
Han seier at han som seksåring måtte utføre seksuelle handlingar på den nær 80 år gamle mannen. Desse er av ein meir alvorleg art enn tidlegare kjent gjennom media.
Sidan det her er snakk om ein namngitt person utan dom, vil ikkje NRK gå nærmare inn i detaljane «Jon» fortel.
NRK understrekar at det ikkje finst rettslege bevis i denne saka, og at Hans Hyldbakk har vore død i 24 år og ikkje kan forsvare seg.
– Gravskjending
Debatten har rast i Surnadal i vekene som har gått sidan ordførar Hugo Pedersen fortalde offentleg om varsla mot den avdøde Hans Hyldbakk. Kritikarar har kalla det for gravskjending, hevda at det skjedde frivillig – eller insinuert at dei som har varsla om overgrep er ute etter erstatning.
Fleire offer har blitt såra og provoserte over blant anna korleis formannskapet i Surnadal var kritiske da ordføraren slapp nyheita om bygdas store diktar.
Dette er også grunnen til at «Jon» no fortel såpass detaljert frå uhendingane som skal ha skjedd gjentatte gonger frå han var seks til ti år.
– Eg tenkte eg skulle sitte stille i båten. At det var fornuft i folk. Eg var ganske tydeleg på at eg ikkje ville rasere kulturen eller svartmale kunsten.
Mannen vil vere anonym av omsyn til sine eigne barn og barnebarn.
Foto: Webjørn S. Espeland / NRKMannen fortel at det gjekk greitt for han da hans eigne ungar kom heim og fortalde at dei hadde lært Vårsøg og andre Hyldbakk-dikt på skulen.
– Men da barnebarnet i seinare tid kom heim frå skulen og kunne fortelje om kva Hans Hyldbakk hadde gjort, og kva han stod for, da tenkte eg: Nei, nå kvelast det. Han skal faen ta leve over oss alle, han. Så tenkte eg at denne hyllinga måtte stoppast.
Kontaktar
«Jon» bedyrar at hendingane skjedde rundt 25 gonger. Når han prøvde å nekte til mora å gå ærend opp til diktaren, fekk han streng beskjed om at ein måtte hjelpe gamle folk.
– Det var same ritualet kvar gong. Etterpå fekk eg litt småpengar, samt betaling for matvarene.
– Hugsar du ting han sa?
– Det var sleskt. Alt han sa, var sleskt. «Eg likar fine gutar», idet han klaup og strauk.
– Så sa han sa at eg måtte komme tilbake når eg hadde fått hår på pillen, hevdar «Jon».
I dag seier han at det er det kvalmaste uttrykket han har høyrt om eit mannleg kjønnsorgan.
Deretter skal han ha fått klar beskjed om å ikkje snakke høgt om det som hadde skjedd.
– Han sa han hadde kontaktar. Og at det ikkje var nokon som trudde på nokre gutungar, hevdar «Jon».
Hans Hyldbakk på eldre dagar.
Foto: Nordmørsmusea– Mange offer
«Jon» seier han også kjenner godt andre som seier dei har blitt misbrukte av Hyldbakk. Av begge kjønn.
– Kor mange trur du kan ha blitt utsette for liknande?
– Eg veit om femten.
Han meiner tala er langt, langt høgare. Hans Hyldbakk levde frå 1898 til 2001. Overgrepa «Jon» hevdar seg utsette for skal ha skjedd på 1970-talet.
Ho er skuffa over at folk sår tvil om historiene.
Foto: Webjørn S. Espeland / NRKEin annan som seier han også er misbrukt av Hans Hyldbakk bur framleis i Surnadal. Han seier han ikkje orkar å fortelje om hendingane, men me får prate med ei i nær relasjon til vedkommande.
– Eg stiller opp fordi gjerningsmannen no blir forsvart i større grad enn offera er blitt tatt vare på. For at offer skal få ei stemme. Det er skuffande og sårt at folk sår tvil om historiene til offera.
Kvinna fortel at brikkene fall på plass når mannen fortalde om overgrepa no i haust.
Ho seier at vedkommande aldri orka å vere i sentrum under «Vårsøghelga», ein festival kalla opp etter Hyldbakk sitt dikt, eller vere med på barnesong oppe på diktarheimen Kleiva – sjølv om han alltid ville sjå barna synge andre stadar.
Og mykje meir alvorleg: Ho fortel om eit liv som har vore prega av svært store problem.
– Livet hans hadde nok blitt heilt annleis om han ikkje måtte flykte frå desse tankane.
Da saka sprakk i haust, sa kvinna at ho ville bli overraska om det var ti offer. No er tonen ein heilt annan. Den yngste ho seier ho veit om er i dag 47 år gamal, medan andre skal vere mykje eldre.
Ordføraren
Det er litt over to månader sidan ordførar Hugo Pedersen gjekk ut med varsla han hadde fått om overgrep gjort av mannen med to statuar i Surnadal.
Da oppretta kommunen ein hjelpetelefon for andre som seier dei er utsette for overgrep av diktaren. Pedersen ønsker å ikkje oppgi konkret tal på kor mange som har ringt, men seier han ikkje blir overraska om talet på offer er høgare enn dei telefonane dei til no har fått.
Det har storma rundt ordføraren i haust.
Foto: Webjørn S. Espeland / NRK– Slik eg forstod det var ingen av dei som varsla ute etter erstatning eller hemn. Men dei ønska anerkjenning, bli trudd og å bli lytta til. Og at nokon i det offentlege i Surnadal sa akkurat det.
Pedersen seier han forstår at det er ulike kjensler blant offera no som saka er blitt offentleg.
– Nokon får kanskje opp att ting dei har fortrengt, medan andre kan føle seg mistenkeleggjorde. Eg har stor medkjensle for offera.
Hans Hyldbakk reiste i fleire tiår rundt på bygdene på Nordmøre og samla inn lokalhistorie. Ifølge eigne memoarar sov han da i privatheimar.
Foto: Hans Hyldbakk med sjølvutløysar / NordmørsmuseaVond 17. mai
Også «Jon» har fått livet i stor grad prega av hendingane på diktarheimen, som skal ha skjedd frå han var seks til han var ti år gamal.
– Eg blei usikker på å gå ut. Eg var i grunnen heime heile tida. Aldri på tilstellingar. På 17. mai måtte eg gå i toget, men så snart det var ferdig sprang eg heim. For i sentrum sat Hans Hyldbakk på benken sin, han.
Mannen slit også med sjølvbiletet av kroppen sin. Og han brekk seg om det kjem lukter som minner han om dei vonde åra. Alkohol, tobakk, medisinar, sterk lukt av folk.
– Da held eg alltid på å spy, seier han.
I memoarbøkene til Hans Hyldbakk er det fleire detaljar som har vakt merksemd, i lys av dei sterke anklagene hausten 2025 -->
Foto: Ei haustferd på Nordmøre 1934 / Surnadal HeimbygdlagHyldbakk fortel at han overnattar i seng med ein gut, og skriv: Det er med menneskja som med grisen. Dei er vakre i ungdomen.
Faksimile: Ei hausstferd på Nordmøre / Surnadal HeimbygdlagHyldbakk er inne på same tematikken i diktet Det vakraste i verda.
Faksimile: 1974 Aspa skjelv i Øyalia / Rune forlagDet er frå diktsamlinga frå 1974
Faksimile: 1974 Aspa skjelv i Øyalia / Rune forlag
Mora?
Kva med mora til «Jon»? Kva tenkte ho då ho sende sonen opp til diktaren som det svirra så mange rykte rundt?
Det har han ikkje noko godt svar på sjølv.
– Visste ho ikkje noko om rykta? Eller ville ho ikkje vite det? Eller trudde ho kanskje at han ikkje brydde seg om så små ungar? Eg trur rett og slett ho ikkje visste og forstod det, seier han.
Ifølge kjelder NRK har snakka med var det unge som melde frå til slikt som skule og lærarar om vonde ting, men at dette ikkje blei tatt tak i.
Korleis kunne desse overgrepa skje og rykta gå i bygda, utan at det blei tatt tak i?
– Det har med kulturen og tida å gjere. Det å gå og melde ei valdtekt på 1950-talet var ei skam i seg sjølv. Og om det var noko tusking med ungar, var det ikkje mykje som kom fram om det. Kor skulle ein vende seg, kven ville trudd deg? seier «Jon».
Hans Hyldbakk som 99-åring i 1997.
Foto: Lars Eivind Bones / DagbladetPublisert 10.12.2025, kl. 09.32 Oppdatert 10.12.2025, kl. 09.42




















English (US)