Jobba saman med Arne Bye i 12 år – i dag vitnar ho mot han

6 hours ago 5



– Eg har tenkt mykje på om eg burde ha skjønt kva som gjekk føre seg.

Det sa lege Linn Beate Skogholt til NRK då Arne Bye blei tiltalt for å ha valdtatt 87 kvinner på legekontoret.

Ho jobba saman med Arne Bye frå ho kom til legekontoret på Frosta som turnuslege i 2009. Året etter heldt ho fram som fastlege. Skogholt tok over som kommuneoverlege etter Bye.

Skogholt seier ho ikkje ønsker ikkje å uttale seg ytterlegare før ho har forklart seg i retten.

Sidan 5. november har dei 94 fornærma kvinnene fortald om sine opplevingar på legetime hos Bye.

Denne veka skal kollega og andre tilsette i kommunen vitne. I tillegg skal etterforskarar og politibetjentar vitne. Dei skal forklare seg om ransakinga heime hos Bye og alle videoane som blei funne.

Mot slutten av veka skal også Bye forklare seg ein siste gong.

Bror og kone vil ikkje forklare seg likevel

I utgangspunktet skulle både kona og broren til Arne Bye vitne i retten. Men då rettssaka starta opp att etter jul kom det fram at dei ikkje ønska å forklare seg likevel.

Sidan deira forklaring ikkje ville påverke straffeutmålinga er aktørane einige om at dei ikkje treng å vitne.

– Me har gjort ei vurdering og funne ut at me kan fråfalle dei vitna, sa aktor Rikhard Haugen Lyng i retten.

Men dersom det er nødvendig vil aktoratet lese opp deira forklaringar i politiavhøyret.

Erkjenner 21 valdtekter

Arne Bye er tiltalt for å ha misbrukt stillinga si som lege for å oppnå seksuell omgang med 94 kvinner. I tillegg er han tiltalt for å ha valdtatt 87 av dei.

I løpet av rettssaka har Bye erkjent å ha valdtatt 21 kvinner og misbrukt stillinga si overfor 44 av dei.

Av kvinnene Bye erkjenner å ha valdtatt er det berre ei av dei han ikkje skal ha filma.

– Eg set lit til hennar forklaring, sa Bye i retten då han erkjente å ha valdtatt ho.

Det er heller ikkje lagt fram videobevis av ytterlegare tre kvinner som Bye erkjenner å ha misbrukt stillinga si overfor.

Altså finst det videobevis av 40 av dei 44 kvinnene han erkjenner å ha gjort noko straffbart overfor. Det har totalt blitt lagt fram videobevis av 76 av dei 94 fornærma.

Utover dette har 115 kvinner fått saka si mot Bye lagt bort. I tillegg er den tidlegare fastlegen blitt meldt til politiet av fleire i løpet av rettssaka.

34 kvinner har forklart seg i retten om at Bye har brukt alternative gjenstandar i underlivet deira.

Ifølge nokre fleire av kvinnene skal Bye ha brukt noko av desse gjenstandane på dei også. Men det er ikkje ein del av tiltalen eller dokumentert i videomateriellet.

Nesten alle dei 94 kvinner har forklart at deira tidlegare fastlege smurde og masserte underlivet deira, inkludert klitoris.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?

Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt.

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Journalistar i NRK Trøndelag

Send oss ein e-post

Publisert 21.01.2025, kl. 05.41

Read Entire Article