– Det er med djup sorg og stor respekt at Galleri Brandstrup kunngjer at Håkon Bleken har gått bort, ein av Noregs mest anerkjente samtidskunstnare, skriv galleriet i ein pressemleding.
– Bleken etterlet seg ein eineståande arv som har prega norsk kunst i over eit halvt hundreår, skriv dei vidare.
Galleriet skriv vidare at Bleken sitt arbeid var karakterisert av emosjonell dybde, eit skarpt blikk på sin samtid og eit slåande visuelt uttrykk.
– Ein bauta
Per Høiem, gallerist og venn av Bleken, seier det noe er ein stor kunstnar som har gått bort.
– Ja, han var jo ein bauta innan etterkrigstidas kunst, det er det ingen tvil om, seier Høiem.
– Han har også vært en bauta for Trondheim.
Høiem besøkte kunstnaren for få dagar sidan. Han seier Bleken blei ein betre og betre kunstnar på sine eldre dagar.
– Han var heilt klar og malte bare betre og betre mot sine 96 år.
– Ein av våre fremste kunstnarar
Kunstkritikar i NRK, Mona Pahle Bjerke, seier det er ein av Noregs fremste kunstnarar som no har gått bort.
– Han var ein av våre fremste kunstnarar, seier Bjerke.
Ho seier Bleken var produktiv til det siste.
– Han var ein av våre mest skapande kunstnarar som ikkje har slutta å utvikle seg etter at han blei gamal.
Publisert 21.01.2025, kl. 10.43 Oppdatert 21.01.2025, kl. 11.00