Innanriksdepartementet i USA anslår at rundt 11 millionar udokumenterte migrantar oppheld seg i USA.
Dei utgjer ein stor del av arbeidskrafta i fleire sektorar, og betalar til saman rundt 100 milliardar dollar i skatt, ifølge Itep.
– Det er snakk om eit tal som er dobbelt så stort som den norske befolkninga, i ulovlege innvandrarar.
Det seier jurist og USA-ekspert Sofie Høgestøl til NRK.
Ho trur, som mange ekspertar, at Trump sitt valkamp-løfte om massedeportering av migrantar er eit umogleg prosjekt å gjennomføre.
Får støtte
– Eg vil vente, ut ifrå det Trump har sagt dei siste dagane, at han vil byrje med å deportere innvandrarane som har gjort noko straffbart.
Det meiner Høgestøl at han har god sjanse til å få til, fordi han ser ut til å ha svært brei støtte frå folket.
Ho viser til denne meiningsmålinga som The New York Times publiserte like før innsettinga:
- 87 prosent svarte der at dei ønsker deportasjon av udokumenterte migrantar med kriminelle rulleblad
- 63 prosent sa at dei vil deportere udokumenterte migrantar som har kome til USA i løpet av dei siste fire åra
- 55 prosent vil deportere alle udokumenterte migrantar
– Vi kan vente oss eit skred av søksmål som utfordrar lovlegheita av alle presidentordrane som handlar om immigrasjon.
Tal frå det nøytrale forskingsinstituttet Migration Policy Institute syner at folk frå Mexico er den klart største gruppa av immigrantar utan opphaldsløyve.
Må gå til Kongressen
Ein ting Trump prøvde på måndag, var å fjerne retten til statsborgarskap for alle barn som blir fødde av utanlandske statsborgarar i USA.
– Det er grunnlovsfesta. Han har lyst til å prøve seg på noko der, men det er vanskeleg å sjå føre seg korleis han skal få det til.
Trump kjem seg rundt ein del føderale lover ved å erklære unntakstilstand ved grensa, som å setje inn Nasjonalgarden og få tilgang på pengar til bruk i ein naudssituasjon.
Men utanfor dette må han ha godkjenning av Kongressen for å ta ut fleire midlar, seier Høgestøl.
– Han har også sagt at han vil innføre dødsstraff for ulovlege innvandrarar som har utført eit utval kriminelle handlingar. Er det også noko han berre kan bestemme?
– Nei, det er det ikkje. Då må han endre den føderale straffeloven, og det må sjølvsagt gjennom Kongressen.
– Ingen er trygge
Kort tid etter innsettinga til Trump, publiserte Det kvite huset ei liste over presidenten sine prioriteringar når det gjeld innvandring.
Fleire spør seg no om Trump vil sende agentar frå ICE, innvandrings- og tollvesenet i USA, inn i amerikanske byar for å hente ut ulovlege innvandrarar.
Påtroppande «grense-tsar» Tom Homan har sagt at dei ville begynne med storskala razzia for å luke ut migrantar allereie tysdag.
I eit intervju med Fox News på fredag sa han at Chicago er ein av byane på lista.
– Agentane våre vil fokusere på dei verste først, på sikkerheitstrugslar først, men ingen er trygge. Alle som er i landet vårt ulovleg, vil få eit problem, sa han.
Publisert 21.01.2025, kl. 22.11