Politiet går no ut med namnet på den omkomne etter ulukka søndag føremiddag.
Joachim Havnegjerde Huse (29) vart funnen i fjellsida under Hoven, på kring 600 meters høgd. Han vart kort tid seinare henta ut frå det bratte terrenget, og stadfesta omkomen av lege på staden.
Huse var i Loen saman med to kameratar for å hoppe frå Hoven. Dei har vore i Loen også tidlegare for å hoppe.
Søndag vart det første hoppet fatalt. Politiet trur mannen fekk problem tidleg i svevet.
– Han var den tredje som skulle ut, og så skjedde det noko i samband med utspringet som gjer at han mista kontrollen over skjermen og fall ukontrollert ned fjellsida, seier tenestestadleiar for politiet i Stryn, Vidar Stavik.
Hoven er mykje nytta til luftsport. Søndag skjedde den sjette dødsulukka sidan 2019.
Foto: Bent Are IversenSåg skjermen kollapse
Politiet har rutinemessig starta etterforsking for å kartlegge årsaka til ulukka. Samstundes opplyser Luftsportforbundet det blir jobba med å setje saman ein kommisjon for å granske hendinga.
Stavik seier dei har fire-fem vitne som anten har sett noko på toppen, eller som har sett fallskjermen kollapse.
– Vi har vitne som såg skjermen kollapse, og vi håpar at videoovervaking frå toppstasjonen som kan gi oss eit bilete på kva som har skjedd. Samstundes vil vi snakke med fleire vitne, seier Stavik.
Gode forhold
Loen er eit populært reisemål for ekstremsportutøvarar frå heile verda. Området rundt fjellet Hoven og klatreruta Via Ferrata Loen er mykje brukt til speedgliding og basehopping.
Speedgliding er ei form for paragliding, der ein brukar ein liten og svært rask skjerm. Frå Hoven har speedgliderar og paragliderar eit anna utspringspunkt enn basehopparar. Forholda kan variere og vere til dels krevjande.
– Vêrforholda kan vere krevjande, og det er veldig i fokus både hos dei som jobbar på Skyliften og dei som driv sporten. Tilbakemeldinga vi har fått om forholda søndag var at dei var gode, seier Stavik.
Vil ikkje ha forbod
Ordførar Per Atle Kjøllesdal i Stryn ynskjer ikkje forbod mot luftsport frå Hoven.
Foto: Aleksander Åsnes / NRKEtter det NRK har kunne avdekke, har det vore seks dødsulukke frå Hoven sidan 2019. To av desse gjeld basehopping medan ei gjeld paragliding. Ulukka søndag er den tredje innan speedgliding.
– Det er mange, og det er krevjande og tragisk når dei skjer, men vi opplever at dei som driv med sporten har fokus på tryggleik, seier Stavik.
Ordførar Per Atle Kjøllesdal (Sp) i Stryn trur ikkje eit forbod er vegen å gå.
– Ulukkene er sjølvsagt forferdeleg trasig. Det er veldig kjedeleg, seier han.
– Eg trur eit forbod fører til at det blir brukt stadar som er farlegare enn her. Så langt eg kan sjå har dei gjort det dei kan for at det er så sikkert som råd. Det er tilrettelagt for å ta av og lande, og dei har god dialog med Luftsportforbundet, legg han til.
Fleire vitneavhøyr
Etter ulukka søndag vart det lagt ned eit mellombels forbod mot luftsport ut dagen.
Stavik meiner det ikkje er politiet sin jobb å etterlyse eit forbod eller ikkje. Han viser til at det også tidlegare har skjedd luftsportsulukker, men då frå fleire stadar.
– Fokuset vårt er å vere med og bidra til å førebygge og minimere risikoen. Så må andre eventuelt ta til orde om det skal gjerast restriksjonar på noko måte, seier Stavik.
Den omkomne skal no obduserast, og politiet skal gjennomføre fleire vitneavhøyr. I tillegg håpar dei at video-bilete kan gi fleire svar på kva som skjedde.
– Så vil vi inngå eit samarbeid med Luftsportforbundet i høve til verifiseringar og ting som kan dei kan bidra med i høve til utstyr og vurderingar.
Publisert 02.03.2026, kl. 13.06 Oppdatert 02.03.2026, kl. 13.43















English (US)