Jan Terje har betalt 30 kroner for å lade bilen så langt i år

5 days ago 18



I løpet av dei første månadane i 2025 har Jan Terje Fossland i Mo i Rana betalt knappe 30 kroner for å lade elbilen sin.

Med andre ord har kostnadane til drivstoff vore nær gratis.

– Det er frykteleg lite. Vi har køyrt kanskje 1500 kilometer sidan nyttår. Vi køyrer stort sett berre lokalt her, seier Fossland.

Han og kona brukar Helgeland Krafts spotpris. Appen som gir beskjed når straumen er ekstra billeg, har gjort det så å seie kvar dag sidan nyttår.

Men selskapa fortvilar over situasjonen.

en person som holder en telefon

– For oss er det veldig bra, seier Fossland.

Foto: Frank Nygård / NRK

Svært låg straumpris

På Austlandet har det kosta i snitt 532 kroner meir fram til og med mars – utan straumstønad.

– Då løner det seg å lade elbilen, seier Fossland.

Han forklarar at bilen ikkje eigentleg brukar så lite straum totalt. Men når kilowattimen viser eitt øre, så blir det ikkje store summen.

– Eg er veldig fornøgd med tingas tilstand akkurat no, då. For oss er det veldig bra. Men totalt sett, og for dei sørpå som har mykje høgare pris enn oss, er det ikkje så bra.

Det er fulle magasin og mykje nedbør som gjer at prisane er så låge nord i landet.

Konserndirektøren for vasskraft i Helgeland Kraft, Torkil Nersund, er ikkje like fornøgd. Han meiner Jan Terje eigentleg burde ha betalt meir for å lade bilen.

– Det er frustrerande. Andre plassar i landet er dei frustrerte over kor lite kraft dei har, eller kor høge prisar dei har. Eg synest jo det hadde vore veldig mykje betre om ein kunne hatt meir føreseielegheit både for oss som produsentar og for forbrukarane.

– Eit sjukdomsteikn

Nersund trur det er lett å tenke at det er bra for forbrukaren, men at det eigentleg er eit sjukdomsteikn for kraftsystemet.

Derfor meiner han at overføringskapasiteten mellom nord og sør absolutt bør bli betre enn i dag.

– Det er mi klare meining. Og det handlar òg om at viss vi får auka forbruk i nord og kjem i ein situasjon der vi kanskje har knapt og lite, så risikerer vi jo at det blir veldig andre vegen igjen. Viss du plutseleg ser veldig høge prisar.

Han får støtte frå Knut Lockert. Han er dagleg leder i Distriktsenergi, ein landsdekkande interesseorganisasjon for norske kraftselskap.

– Kraftsystemet er ikkje helt i balanse for tida, i og med at vi har så store prisforskjellar mellom nord og sør. Vi har vore ein pådrivar for at Statnett skal prioritere å bygge ut kapasiteten. Da vil prisane gå noko opp i nord, og noko ned i sør.

  • Knut Lockert, daglig leder Distriktsenergi

    Knut Lockert

    Daglig leder i Distriktsenergi, en landsdekkende interesseorganisasjon for norske kraftselskaper.

Lockert seier at kraftselskapa i nord er solide selskap med rygg til å tole ein sesong eller to med låge kraftprisar.

– Men det er ein utfordring med tanke på selskapas inntening og eigaranes, altså kommunanes, ønske om utbytte, for det er liksom to sider av same sak.

– Det er også ein utfordring at vi ikkje får noko fornybar kraft i regionen. Med disse prisane er det ingenting å investere for, seier Lockert.

Kor lenge kraftselskapane i nord toler så lave priser som nå, vil ikkje Lockert spekulere i.

– Men det vil ikkje vere rosenrødt å vere kraftprodusent i Nord-Norge de nærmaste to-tre årene, seier han.

Straum til gi-vekk pris

Kommunane som eig kraftselskapa kjem også dårleg ut når straumprisene er nesten null.

Helgeland kraft er eigd av fleire kommunar på Helgeland. Med dårleg inntening, og til dels tap, er det vanskeleg å forsvare utbytet, meiner han.

– Det er eit betydeleg investeringsbehov i åra som kjem. Så det er veldig utfordrande for oss at vi får vedvarande låge prisar.

– Vi ønsker jo at det skal vere mogleg å gi utbyte og samtidig drive forsvarleg drift av selskapet.

Straum til gi-vekk pris er utfordrande for fleire kommunar.

Kraftaktørar slår alarm

Berre i år har kraftkonsernet Salten Kraftsamband (SKS) sendt vatn tilsvarande årsforbruket til 800 husstandar rett på havet.

– Situasjonen begynner å bli kritisk, seier konsernsjef Liina Veerne.

For mens ein i Sør-Noreg diskuterer tidvis skyhøge straumprisar og regjeringa sin fastprisavtale «Norgespris», er utfordringa i Nord-Noreg stikk motsett.

Her er straumen blitt så billeg at det ikkje løner seg å produsere vasskraft.

Skjermdump av strømpris

Ein skjermdump av historikken til Jan Terje sin ladestasjon.

Foto: Skjermdump / NRK

I staden renn store mengder forbi turbinane og ut i havet. Konsernsjefen meiner dette vil få store konsekvensar på sikt.

Årsaka til det er at store mengder vatn ikkje kjem til nytte for samfunnet.

– Det som kjem til å skje i åra framover er at kommunar, som er heilt avhengige av kraftinntekter, ikkje kjem til å få desse.

Og litt lenger nord er kraftkonsernet Nordkraft allereie i trøbbel.

Må truleg halde igjen utbyte

I førre veke informerte selskapet at dei treng meir pengar.

– Kombinasjonen låg kraftpris, høg rente og høgt behov for investering er utfordrande, seier konsernsjef Eirik Frantzen i ei pressemelding.

Han forklarar at gjennomsnittleg kraftpris i NO4 (Nord-Noreg) frå oktober 2024 til midten av mars i år har vore om lag ti øre/kWh

Mykje nedbør, lågt forbruk og stor import av billeg kraft frå Nord-Sverige får skulda.

Konkurs er nok ikkje aktuelt, men lånegivarane har allereie stilt krav:

– Dei indikerer at utbyte ventast med inntil kraftpris og inntening har normalisert seg.

Det betyr at for eksempel Narvik kommune, som eig om lag ein tredjedel av Nordkraft, dermed kan gå glipp av totalt millionar kroner i utbyte.

Rekord i første kvartal

I første kvartal produserte Noreg cirka 48 TWh med kraft, ifølge Nord Pool. Det er rekord for kvartalet.

Dei same månadane eksporterte Noreg 7,3 TWh, ifølge den same databasen. Det er også rekord for første kvartal.

  • Spotprisverdien av produksjonen i Sør-Noreg er på nesten 26 millionar kroner i første kvartal.
  • Spotprisverdien av produksjonen i Midt-Noreg og Nord-Noreg til saman, er på 2,7 milliardar kroner, altså ein tiandedel av inntektene i sør.
  • Nord-Noreg ligg aller dårlegast an. Spotprisverdien av produksjonen var i første kvartal på berre 660 millionar kroner, som er det lågaste i moderne tid.

Publisert 16.04.2025, kl. 09.30

Read Entire Article