Itta lærer opp dei lokale på Vestbredden: – Sånn at dei ikkje blør i hel

1 month ago 30



Ein føler seg veldig gløymd, i ein veldig fortvila situasjon.

Det seier Itta Helland-Hansen. Ho jobbar som naudhjelpskoordinator i Legar utan grenser i Jenin på Vestbredden.

Samstundes som krigen herjar i Gaza aukar også uroa på Vestbredden. Den israelske hæren bekrefta i førre veke at soldatar gjennomførte ein aksjon mot militante palestinarar i Jenin.

Hus, bygningar og liv gjekk tapt i militæroperasjonen som varte i om lag 42 timar.

En liten gruppe mennesker fra Leger uten grenser står mellom bombede hus i flyktningeleiren Jenin på Vestbredden.

Itta Helland-Hansen, kollegaar og folk frå leiren i Jenin berre dagar etter angrepet frå Israel.

Foto: Leger uten grenser

Dette var ein omfattande operasjon med mykje militære frå Israelsk side og i dei første timane blei mange drepen. Ungar var på veg til skulen og folk var på veg til jobb.

Bant dei drepne var ein kirurg på veg til jobb på Khalil Sulemani sjukehuset. Han blei skoten i ryggen rett utanfor sjukehuset.

– Kollegaane hans måtte jobbe med å redde andre sine liv med denne sorga hengande over seg, fortel Helland-Hansen.

Lærer lokale å redde liv

Naudhjelpskoordinatoren jobbar i eit prosjekt som driv med opplæring av ambulansepersonell og frivillige i flyktningleiren Jenin.

Dei trener opp folk til å redde liv når det ikkje er mogeleg å kome seg til sjukehus.

– Me trener også opp kvinner i leiaren til å kunne stanse blødingar og til å kunne berge alvorlege skadar. Sånn at folk rett og slett ikkje blør i hel medan dei ventar på å bli redda.

En gruppe fra Leger uten grenser i Jenin

Legar utan grenser sitt mentalhelseteam har støtta kollegaane til kirurgen som blei drepen under det Israelske angrepet i Jenin.

Foto: Leger uten grenser

Sjukehuset ligg rett ved flyktningleiren, men når det verkeleg trengst er helsehjelpa verkeleg utilgjengeleg. Me opplev at ambulansar i stor grad blir hindra i å nå sjukehuset.

Difor er det livsviktig kunnskap å kunne stoppe blødingar og hjelpe dei som er skadd.

«Viss makt ikkje fungerer – bruk meir makt»

Flyktningleiren Jenin ligg inni byen Jenin, heilt nord på Vestbredden. Her har motstandskampen mot Israel sin okkupasjon stått sterk i lang tid.

Jenin-folket er kjent for å verkeleg kjempe imot okkupasjon og kolonisering.

Det fortel tidlegare Midtausten-korrespondent i NRK Odd Karsten Tveit.

Odd Karsten Tveit besøkte Vestbredden i september 1990 i forbindelse med at det var tusen dagar sidan den første intifadaen starta. Sjå heile reportasjen frå Dagsrevyen 4. september 1990.

Israel vil slå ned på kampen mot okkupasjonen. I og med at Jenin har vore viktig i kampen, så har Israel slått hardt tilbake.

Difor går Israel stadig til nye angrep i Jenin.

Eit uttrykk som israelarane ofte bruker er «viss ikkje makt fungerer – bruk meir makt».

Ødelagte hus i flyktningeleiren Jenin på Vestbredden

Etter at hus har blitt sprengt og store område øydelagde har palestinarane bygd opp att. Men så har det blitt sprengt ingen.

– I leiren jobbar dei med å gjenopprette infrastrukturen som blei øydelagd under militæroperasjonen, og som dei veit kjem til å bli øydelagd igjen, seier naudhjelpskoordinatoren.

Leger uten grenser

Det er heilt rutinemessig, forklarar den tidlegare korrespondenten.

Lever i stadig usikkerheit

I Jenin er det alltid eit spørsmål om kva tid neste militæroperasjon kjem til å kome.

En gjeng fra Leger uten grenser står i en sirkel utenfor ruiner av et hus i Jenin på Vestbredden

– Ein lever i ein usikkerheit der ein til dagleg også har sine eigne utfordringar. Men det ein veit er at frå ein augneblink til ein annan kan det gå frå ein nokså fredeleg tilvære til ein krigstilstand utan forvarsel, seier naudhjelpskoordinatoren.

Dei som bur i Jenin veit heller ikkje kor lenge ein militæroperasjon kjem til å vare. Det einaste som er sikkert er at det fører med seg store øydeleggingar og tapte liv.

Itta Helland-Hansen og kollegaar blant ruinane i flyktningleiren.

Leger uten grenser

– Det er ein ganske fortvila situasjon for folk. I etterkant må alt av infrastruktur gjenopprettast igjen. Det er eit hjul som spinn og som ein aldri kjem vidare frå. Ein må heile tida lappe det som er øydelagt, legg Helland-Hansen til.

Publisert 31.05.2024, kl. 22.11

Read Entire Article