Israel: Har utvida bakkeinvasjonen til sørlege Gaza

15 hours ago 5



– Til alle som held til i området markert som Bani Suheila: dette er ein tidleg varsel før eit angrep.

Dette skreiv den arabisk-språklege talspersonen for det israelske militæret, Avichay Adraee, på sosiale medium torsdag ettermiddag.

Det er ikkje første gongen innbyggarar på sørsida av Gazastripa har blitt bedne om å evakuere.

Mange palestinarar i Rafah, rett ved grensa til Egypt, er allereie drivne på flukt.

Palestinske beboere reagerer på evakueringsordre i Gaza

Etter to månader med våpenkvile, har palestinarar i fleire delar av Gaza måtta pakka saman alt dei eig. Desse heldt til i Rafah.

Foto: Hatem Khaled / Reuters / NTB

Så langt har Israel fokusert bakkeinvasjonen sin på Nord-Gaza og Netzarim-korridoren, som dei måtte trekke seg ut av som del av våpenkvileavtalen.

Kampane her fortset, samtidig som at israelske styrkar har gått inn i Shabura-området i Rafah, seier IDF.

Europarådet fordømmer angrep

Toppleiarane i EU er sterkt kritiske til at det på nytt er kampar på Gazastripa.

– Europarådet sørger over at våpenkvila har bryte saman i Gaza, som har ført til eit stort tal sivile dødsfall i nylege luftangrep, heiter det i utsegna.

– Det sørger også over at Hamas nektar å utlevere dei attverande gislane.

Ei israelsk stridsvogn i Gaza

Ei israelsk stridsvogn i Gaza 20. mars. Det er meldt svært mange drepne i denne delen av Gazastripa dei siste dagane.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

Fleire enn 400 menneske har døydd i Gaza dei siste to døgna. Eit vesentleg tal blant dei døde er barn.

Berre torsdag seier dei palestinske styresmaktene at 91 er drepne i israelske angrep.

Tidlegare torsdag sa Hamas at dei hadde skote ein rakett mot Tel Aviv. Denne blei stoppa av Israel sitt luftforsvar.

Får støtte av USA

Israel hevdar torsdag at sjefen for Hamas sin tryggingsteneste, Rashid Jahjuh, er drepen i eit angrep på Gazastripa dei siste dagane.

Påstanden er delt av det israelske militæret (IDF) på Telegram. Det heiter vidare at leiaren for tryggingstenesta i Khan Younis, Ayman Atsalih, blei drepen i same periode.

Hamas har ikkje kommentert desse påstandane.

Talspersonen for Det kvite huset, Karoline Leavitt, seier torsdag ettermiddag at president Donald Trump støttar dei israelske angrepa.

en kvinne som snakker inn i en mikrofon

Karoline Leavitt sa utanfor Det kvite huset torsdag at USA støttar dei israelske angrepa.

Foto: Jose Luis Magana / AP / NTB

USA er Israel sin viktigaste alliert.

– Han støttar fullt og heilt Israel og IDF og handlingane dei har utført dei siste dagane, svarte ho, då ho blei spurt om Trump jobbar for å få våpenkvila tilbake.

– Presidenten gjorde det veldig tydeleg til Hamas at dersom dei ikkje sleppte fri alle gislane, ville helvete bryte laus.

Publisert 20.03.2025, kl. 19.57 Oppdatert 20.03.2025, kl. 19.58

Read Entire Article