Sebastian Foss Solevåg har bestemt seg for å legge opp

4 hours ago 5



33-åringen frå Ålesund bekrefta nyheita sjølv på Instagram-kontoen sin onsdag.

– Det er tøft å ta ei slik avgjerd, men samtidig ganske godt. Eg har alltid hatt ein plan om å gi meg medan leiken er god, og kjenner eg får gjort det no, seier Foss Solevåg til NRK.

– Eg veit kor hardt ein må jobbe for å prestere. Det føler eg ikkje at eg har energi og motivasjon til. Ein skal ikkje berre møte opp på trening for å gjennomføre øktene. Så det følast rett og naturleg å gjere dette no, legg han til.

Sebastian Foss Solevåg legger opp.

Alpinisten delte nyheita på Instagram-kontoen sin onsdag.

Foto: Skjermbilde Instagram

Tok VM-gull som 29-åring

Solevåg blei 29 år før han fekk stå på toppen av pallen i eit VM. I 2021 tok han gull i slalåm og lagkonkurransen under VM i alpint i Cortina d’Ampezzo.

Han har også OL-bronse frå lagkonkurransen i Pyeongchang 2018 og i slalåm frå Beijing 2022.

Sebastian Foss Solevåg på 3.plass på herrenes slalom på Yanqings alpina arena under vinter-OL i Beijing 2022.

Sebastian Foss Solevåg tok bronse under OL i Beijing 2022.

Foto: Andreas Hillergren/TT / TT / NTB

Alpinisten fortel om ein fin prosess med forbundet rundt avgjerda, og at han får lagt opp på sine premissar. Ålesundaren fyller 34 år om nokre veker, og innrømmer at også alderen hans har spelt inn.

– Eg føler at eg ikkje er i stand til å prestere som eg vil, og då følast det ganske rett. Ein har jo eit mål om å vere i verdstoppen, men om ein merker at kroppen ikkje responderer, så gjer det tanken på å gi seg lettare.

Foss Solevåg trekk fram fleire høgdepunkt både frå sin eigen karriere, alt han har opplevd saman med lagkameratane og det dei har prestert. Han roser også mange av trenarane han har hatt opp gjennom åra.

– Eg sitt igjen med veldig mykje. Ikkje berre mine prestasjonar, men det å vere ein del av eit ekstremt kult lag.

Samtidig kjem han ikkje unna slalåmgullet i VM i 2021.

– Det eg sjølvsagt hugsar best er gullet i Cortina-VM og slalåmbronsen i OL i Beijing.

Han takkar også familien sin for støtta han har fått opp gjennom åra og vektlegg at dei har vore avgjerande for at han har kunna satsa.

33-åringen er usikker på framtida vidare, men han skal starte med å «nyte livet, slappe av og spele mykje tennis og golf».

Solevåg, som representerer Spjelkavik IL i Ålesund, debuterte i verdscupen i alpint 11. november 2012 og blei norsk meister i slalåm i 2013, 2015 og 2021.

Blir rosa av sjefen

Alpinsjef Claus Ryste legg ikkje skjul på at det er vemodig at alpinisten no gir seg.

– Vi kjem til å sakne. Sebastian. han har vore ein stor bidragsytar på laget og vore ein utøvar som har prestert på eit svært høgt nivå. Han har vore ein del av kulturen vår, og samtidig vore med på å bygge den opp, seier han til NTB.

Claus Ryste

Alpinsjef Claus Ryste seier at Sebastian kjem til å bli sakna.

Foto: Jonas Been Henriksen / NRK

Foss Solevåg fekk ikkje ein plass då Norges Skiforbund presenterte neste års alpinlandslag førre veke. Han seier at trenarane var tidleg ute for å spørje kva han ønska å gjere vidare.

– Då sa eg tydeleg at det ikkje spelte ei rolle om eg blei tatt ut eller ikkje. Vi såg på nokre løysingar der eg framleis kunne vere i laget og få litt fleksibilitet, men det let ikkje seg gjere. Og då gjer det ting enklare, seier alpinisten til NRK.

På spørsmål frå NTB om Solevåg sine kompetanse er noko alpinlandslaget kan gjere seg nytte av i åra som kjem, svarer han følgande:

– Det er alltid lurt å snakke med utøvarar på veg ut. Vi står på skuldrene til det folk har gjort over lang tid, og folk kan bidra på ulike måtar. Det er samtidig litt tidleg å seie kva det kunne bli for Sebastian sin del.

Publisert 14.05.2025, kl. 16.42

Read Entire Article