Iran-keeper blir hylla: – Heilt vanvitig

1 day ago 2



– Belgia er best heile vegen, men dei får ikkje ballen i mål, seier NRK-ekspert Vegard Moberg.

Det såg lenge ut som at det var Belgia som hadde kontroll i kampen. Dei pressa Iran store delar av første omgang, men klarte aldri å få ballen i nettet.

Etter kampen blir målvakta til Iran hylla:

– Beiranvand gjer ein kjempekamp, og gjer VMs beste redning til no, legg Moberg til.

Irans keeper held laget inne i kampen mot Belgia

– Turneringas redning

Belgia fekk ein stor sjanse i andre omgang. De Bruyne varta opp med eit godt mottak før han slo ballen inn framfor mål. Der gjekk første skot mot Alireza Beiranvand, som kom med ei ellevill redning.

– Det er heilt vanvitig redning. Keeper får strekt ut handa si. Det er heilt vanvitig, det er turneringas redning, sa Moberg.

En mann i rød fotballdrakt med nummer 9 på ryggen, med hendene bak hodet. Mannen har mørk hud og kortklipt hår. Bakgrunnen er uskarp og viser tribuner med tilskuere. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

MÅLLAUS: Lukaku starta mot Belgia, men fekk aldri ballen i mål.

Foto: JAMIE SQUIRE / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

– Me er skuffa. Me må analysere kva som skjedde. Me hadde så mange sjansar, men fekk ikkje ballen i mål, seier Romelu Lukaku rett etter kampen.

Han starta mot Iran, men i andre omgang blei han bytt ut.

Beiranvand blei etter kampen kåra til banens beste spelar. Når Lukaku får spørsmål om målvakta svarar han:

– Keeperen stoppa alt, han fortener det (å bli banens beste).

Belgia – Iran – Ngoy raudt kort

Blei redusert til ti mann

– No er det fotballkrise i Belgia, sa NRKs kommentator Olav Traaen då Belgia også fekk eit raudt kort i kampen mot Iran.

Nathan Ngoy tok imot ballen roleg å kontrollert då Taremi dukka opp. Ngoy var aleine med den iranske spissen og reiv han ned. Då fekk han raudt kort.

– Ngoy rotar det til. Det er ein alt for slapp pasning og Irans Taremi blir rive ned. Han er såpass rutinert at han legg seg, men det er eit rett kort, sa Moberg.

Dommeren viser et rødt kort til en belgisk spiller som holder en fotball. To iranske spillere gir hverandre en klem i bakgrunnen. En keeper i grønn drakt står lengre bak. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

MARSJORDE: Nathan Ngoy fekk raudt kort i kampen mot Iran.

Foto: KIRBY LEE / REUTERS,NTB

Takkar målvakta

Etter kampen takkar både lagkompisar, men også trenaren til Iran keeperen.

– Me vil takke keeperen vår. Eg er glad me ikkje tapte kampen, sjølv om det andre laget hadde ti mann, seier Irans landslagssjef Amir Ghalenoei.

– Heilt sidan me kom til USA har me hatt ulike utfordringar me har måtta handtere, men likevel gjer spelarane våre det veldig bra. Dei spelar med heile hjartet og det er eg glad for, legg han til.

Iran har hatt problem med innreise i USA, der kampen blei spelt. Dei har måtta halde seg i Mexico før VM-kampane starta.

Etter søndagens uavgjort mot Iran, er det enda ikkje klart kven frå gruppa som kjem vidare til sluttspel i VM.

Dei første kampane i gruppe G har blitt uavgjort. Åtte av tolv tredjeplassar kjem vidare til sluttspel.

I natt klokka 03.00 spelar New Zealand og Egypt mot kvarandre, dei er også med i gruppa.

Publisert 21.06.2026, kl. 23.00 Oppdatert 22.06.2026, kl. 00.35

Read Entire Article