Ingen krav om køyretrening i brannbil: – Det grensar til galskap

3 hours ago 3



– Eg forstår ikkje tankerekka til Statens vegvesen. Det må skje ei endring her, men det klarer ikkje dei å sjå.

Ernst Johannesen er no på sitt 23. år som heiltidsinstruktør ved Utrykkingsskulen, som driv opplæring i utrykkingskøyring under Haugesund brannvesen.

Gjennom heile hans karriere har han jobba for meir relevant opplæring av brannbilsjåførar.

UtrykkingsskulenUtrykkingskulen køyring

Utrykkingsskulen har køyreopplæring over heile landet, men høyrer til Haugesund brannvesen.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

No har han på ny sendt ein søknad til Statens vegvesen om å innføre eit pilotprosjekt for opplæring. Tittelen på søknaden heiter: «Ikkje ein einaste køyretime i brannbil for å bli brannbilsjåfør».

– Me søkjer om å gjennomføre eit pilotprosjekt der opplæringa av brannbilsjåførar faktisk skjer i brannbil, i staden for personbil.

NRK er med på eit utrykkingskurs i brannbil. Det er eit lokalt krav i Haugesund brannvesen som brannbilsjåførane må gjennomføre jamleg.

For å køyre brannbil må ein ha lastebilsertifikat (klasse C). Under opplæringa for å ta lastebilsertifikatet køyrer ein ikkje over 80 km/t.

I tillegg er det eit krav om køyreutrykking. Det blir gjort i personbil.

Det betyr at mange brannbilsjåførar aldri har køyrt store brannbilar i høg hastigheit før det er ein reell utrykkingssituasjon.

Statens havarikommisjon har i sine rapportar etter dødsulykkene i Kvinesdal i 2019 og Sogndal i 2018, trekt fram manglande erfaring som ei av årsakene.

Over 50 brannsjefar støttar søknaden til Johannessen. Dette seier nokre av dei:

– Det grensar til galskap, køyreeigenskapane er heilt annleis i høge hastigheiter. Spesielt når det er store, tunge bilar. Om sjåføren er uerfaren i tillegg, blir det heile til ein veldig farleg cocktail.

Kjetil Bråtun er på eit vedlikehaldskurs med Utrykkingsskulen. Han er ny i rolla som brannbilsjåfør.

Kjetil Bråtun, brannmann i Haugesund brann og redning IKS

Kjetil Bråtun har vore brannmann sidan 2019, men er ny i rolla som brannbilsjåfør. Han meiner ein aldri kan få nok øving.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

Brannmannen er kritisk til at hans første erfaring med å køyre utrykking i brannbil, var på eit reelt oppdrag.

– Eg har vore i den situasjonen sjølv og var veldig ukomfortabel den første gongen. Eg hadde ikkje noko anna val enn å ta det på strak arm.

Dag Terje Langnes i Statens vegvesen meiner at opplæringa av brannbilsjåførar fungerer godt i dag. Han viser til §§ 36 og 37 i utrykkingsforskrifta.

– Det stemmer at grunnopplæringa er på klasse B. Det betyr ikkje at det ikkje er krav om å køyre med klasse C. Det er formelle krav om at etatane sjølv må sikre køyringa og vedlikehaldet i høve til oppdrag og køyretøy, seier Langnes til NRK.

  • Dag Terje Lagnes - seksjonssjef i Vegvesenet

    Dag Terje Langnes

    • Seksjonssjef - Statens vegvesen

Til spørsmål om dei er opne for prøveprosjektet til Utrykkingsskulen, svarar han:

– Eg tenkjer dei får søkje, og så får me vurdere kva som ligg i det, og så tek me det derifrå.

Ernst Johannessen

Ernst Johannessen i passasjersetet i skulebrannbilen i Haugesund.

Foto: Håkon Kummermo / NRK

– Om det allereie er eit krav til kvar enkelt brannstasjon, kva er problemet då?

– Dei fleste brannstasjonar har ikkje ressursar til å bruke brannbilar og mannskap til trening. Dei har heller ikkje bilar med ekstra pedalsett. Då kan ikkje Statens vegvesen berre peike på dei enkelte stasjonane, seier Johannessen.

Kjetil Bråtun håpar at opplæringa av nye brannbilsjåførar blir gjort annleis i framtida.

– Det er tryggleik det er snakk om her. Både for meg, passasjerane mine og for folk som er ute på vegen. Desto meir me kan øve, desto betre er det.

Publisert 09.03.2026, kl. 10.59

Read Entire Article