På stellebordet i stova på Åndalsnes ligg ei blid lita jente. Ho fekk ein litt spesiell start på livet.
– Eg trudde fleire gongar at fødselen var i gang, men tok feil. Då riene starta, gjekk det fort, seier Ingeborg Leergard (24)
Ho er tobarnsmamma og hadde planlagt å føde i vatn ved sjukehuset i Ålesund med støtte frå doulaen sin. Badekar kunne ho berre gløyme.
Paret måtte stoppe i Dragsundet i Ålesund, 20 minutt unna sjukehuset, fordi fødselen var komen så langt.
Foto: Eva RoseTraume av morkaka
24-åringen grudde seg til fødselen fordi ho hadde ei dårleg oppleving første gong for to år sidan på Ålesund sjukehus. Morkaka kom ikkje ut så raskt som helsepersonellet ynskte, og ifylgje ho prøvde to legar kvar sine gongar å lirke den ut.
– Det var som tortur. Eg hadde ingen smertelindring, seier Leergaard.
For å forsikre seg om at traumet med morkaka ikkje gjentok seg, hadde ho to møter med sjukehuset.
Ingeborg Leergaard er no tobarnsmamma.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKListe med ynskje
Kravet hennar var å få lov å vente ein time på at morkaka skulle kome av seg sjølv dersom ho ikkje hadde bløding. Dette er 30 minutt lengre enn dei nasjonale retningslinene, men innanfor anbefalingane til Verdsorganisasjonen for helse, WHO.
Ho ynskte også minst mogleg medisinske inngrep, blant anna:
- Ingen vaginale undersøkingar, men dersom det skulle vere naudsynt, spør om samtykke først.
- ikkje kontinuerleg CTG-overvaking utan god grunn
- Ikkje elektrodar på babyen sitt hovud utan god grunn
- Ikkje ta fostervatnet som første tiltak dersom fødselen går seint.
Leergaard fekk det innvilga, etter det ho meiner var heftige og unødvendige diskusjonar med legen om morkaka.
– Eg måtte verkeleg stå opp for meg sjølv og krangle meg til det. Morkaka handla jo berre om meg, det handla ikkje om babyens liv, seier tobarnsmora.
Hadde valt heimefødsel
Helst ville Ingeborg ha heimefødsel med assistanse frå jordmor, slik 132 kvinner gjorde i fjor, men dette tilbodet finst ikkje der ho bur.
– Det hadde vore fint å føde her i stova, med naturen rundt, seier 24-åringen.
Ho har fått med seg debatten om kvinner som vel å føde utan assistanse, men sjølv hadde ho aldri tatt sjansen.
Ingeborg følte at ho fekk ta full kontroll på fødselen i ambulansen.
Foto: Eva RoseKjente pressrier over fjellovergang
Frå stovevindauget har familien utsikt over dei majestetiske og ville fjella i Romsdal. For det unge paret er dette draumeplassen, sjølv om det ligg halvanna time unna sjukehus.
Då riene starta, ringde Ingeborg doulaen sin og sa at ho måtte møte dei. I bilen auka riene på og Ingeborg følte at kroppen starta å presse av seg sjølv.
– Vi køyrde litt fort for å rekke fram, men det gjekk ikkje, seier Ingeborg.
Fredrik vrengde bilen inn på ein parkeringsplass, 20 minutt unna sjukehuset og ringde etter ambulanse.
– Eg var i mi eiga sone. Eg hadde kontroll og visste på ein måte kva eg dreiv med, seier Ingeborg. Etter få minutt kom først ein ambulanse og litt seinare kom endå ein ambulanse med jordmor.
Ingeborg og Fredrik nyt permisjonstida saman med veslejenta.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKTok imot barnet sjølv
Jordmora hadde lest seg opp på Ingeborg sine ynskjer, og visste kor viktig det var for den fødande med minst mogleg inngriping.
I ambulansen skjedde alt fort. Ingeborg sat seg på kne og køyrde sitt eige show. Kort tid etter tok ho imot si eiga dotter.
– For meg var det berre heilt fantastisk. Sjølv om mange kan tenke at det er dramatisk eller stressande og ei dårleg oppleving, seier Ingeborg.
Morkaka kom av seg sjølv etter 19 minutt, og dermed fekk Ingeborg innfridd det som var aller viktigast for ho sjølv.
Tryggleiken går først
Helse Møre og Romsdal vil ikkje kommentere opplevingane Leergaard hadde med morkaka, men seier at dei fylgjer nasjonale retningsliner.
– Komplikasjonar ved ein fødsel kan oppstå akutt og vere krevjande å kontrollere, men våre fagfolk vil alltid sette pasienttryggleiken for mor og barn først, skriv klinikksjef Elisabeth Siebke ved sjukehuset i Ålesund i ein e-post.
Elisabeth Siebke er klinikksjef ved Ålesund sjukehus.
Foto: Tore Ellingseter / NRKHo seier at det sikkert er situasjonar der dei kunne ha kommunisert betre eller handtert annleis, men at dei tilsette alltid ynskje det beste for pasienten.
– Det blir vanskeleg for oss å gå inn i enkelthistorier, men vi registrerer og er glade for at pasienten fekk ei såpass god oppleving frå ein fødsel utanfor institusjon, seier Siebke.
141 fødslar skjedde under transport i 2023, ifylgje Medisinsk fødselsregister.
Eva Rose er doula og fødselsfotograf. Ho fekk oppleve sin første fødsel i ambulanse då Ingeborg fødde.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKDoulaen er imponert
Doula Eva Rose møtte paret på parkeringsplassen før babyen kom, og fekk oppleve sin første ambulansefødsel.
– Det er verkeleg noko av det råaste eg har vore med på. Ho gjekk berre inn i si eiga boble og fødde ungen så lett, seier Rose. Doulaen er glad for at Ingeborg fekk ei så god oppleving.
Ingeborg Leergaard er rørt til tårer når ho tenker tilbake på kor fin fødselen langs vegen blei.
– Det var veldig godt å få ei så god oppleving etter den første vonde, seier 24-åringen.
Den vesla jenta blei fødd på ein parkeringsplass.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKPublisert 22.04.2025, kl. 05.08