Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Handa mi begynner å skrive raudt i full fart – det vert irritert skrift! Eit uttrykk for sinne og uro retta mot den einsidige måten saker vert vinkla på i Stavanger Aftenblad.
Eg siktar til saker som vedgår eldrebølga og utfordringar desse fører med seg. Her er sakene stort sett, med nokre unntak, presenterte som kommunen sine dårlege strategiar og «stakkar sjuk og gammal» som så vidt overlever både i institusjonar og heimar. Eg siktar også til framstillinga av Stavangerskulen som altfor dyr og til kompetanseflukta frå Universitetssjukehuset i Stavanger. I desse sakene borar avisa seg for det meste ned i det svarte holet. Ikkje uviktig, men ikkje tilstrekkeleg.
Ja, så er det også slik at vi må spare i desse tider. Samstundes må vi stoppe opp og tenke over korleis vi tenker når og viss vi tenker på aktuelle saker. Eg understrekar eit viss, fordi etteraping av andre sine tidlegare artikulerte elendeperspektiv ikkje er berekraftig tenking. Kor vert det av perspektiva som appellar til håp og konstruktivtitet?
No handlar framstillingane mest om fråvær av presentasjonar som gjev moglegheit for sinnsro og kritisk tankekraft. «Sinnsro er ikkje en erstatning for rettmessig raseri eller sinne over urett, men de er begge viktige drivkrefter for nødvendig endring. Men, sinnsro er en forutsetning for konsentrasjon, for evnen til å prioritere», seier Naomi Klein (2024). Ho problematiserer dobbelgjengaren, som berre speglar og vidarefører det vi alt veit og kjenner på.
Kor vert det av den tankekrafta som sinnsroa representerer på avissidene? Kor er det blitt av dei aspekta som synleggjer vektlegginga av «sjølvstende, toleranse, humanisme og sosialt preget reformpolitikk», som ein kan lese under Stavanger Aftenblad sitt verdisyn?
Er tida inne for meir ro til å diskutere minimalisering av avmaktskjensle? Blikket må rettast kritisk mot «meir-av-det-same-produksjonar» og mot faren ved å ende opp i rolla som dobbelgjengar. Stavanger Aftenblad er medansvarleg for skaping av ei berekraftig kritisk tenking i omverda.
Publisert:
Publisert: 5. oktober 2025 13:14

3 weeks ago
19

















English (US) ·