Når alle prioriterer seg sjølv, blir den felles forsvarsviljen vår veldig svak.
Publisert: 30.03.2025 18:00
Det kan du ta heilt med ro! sa eg då ei veninne uttrykte bekymring over at Noreg no berre har éin einaste brigade, mens me på 1980-talet hadde heile 13.
Greitt, så har me systematisk bygd ned Forsvaret over tid, men kva rolle speler det når me ved behov straks kan sette inn hundretusenvis av isbadarar, biohackarar, Strava-narkomane og autodidakte longevity-ekspertar utstyrte med pulsklokker, søvnringar og munnteip, vekselvis på tørrfaste- og carnivore-diett, som til saman utgjer ein moderne berserk-hær i metforminrus! Ein armé med ein biologisk alder halvparten av den kronologiske! Ein horde av ekstreme livsstilspåverkarar, pluss alle følgarane deira! It’s your time to shine!
Les hele saken med abonnement