GJESTEKOMMENTAR: Mykje tyder på at det går tilbake med den skandinaviske nabospråkforståinga.
Åse Wetås
Direktør, Språkrådet
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Eg opplevde det sjølv så seint som i sommar. Då stod eg i ein kiosk på Nordjylland i Danmark og forsøkte å få kjøpt «en flaske danskvand». Eg trudde sjølv eg la maksimalt til rette for god nabospråkleg kommunikasjon ved å bruka mitt beste fellesskandinaviske knot. Men den danske attenåringen bak disken såg berre dumt på meg og spurde på engelsk kva han kunne hjelpa meg med. Etter to forsøk måtte eg kapitulera, og eg tusla til slutt litt betutta ut att i sola med «one bottle of Ramlösa» under armen.
I samband med det norske stortingsvalet i haust kom det meldingar om at dei danske allmennkringkastarane Danmarks Radio og TV2 hadde intervjua norske politikarar på engelsk, for så å utstyra innslaga med danske undertekstar. Her heime bruker NRK den syntetiske opplesarstemma «Inger» til direkteomsetting av dansk og svensk i radioinnslag. Og det byrjar å bli ei stund sidan norske barn vaks opp til lyden av Pippi, Emil og Madicken i originalspråk. Me høyrer og ser rett og slett mindre av dei skandinaviske nabospråka våre i det daglege enn me gjorde tidlegare. Det er dårleg nytt for språkforståinga vår.
Tillit er det nordiske gullet
Dei politiske ambisjonane om eit levande skandinavisk språkfellesskap er der stadig. Så seint som i mai fjor signerte dei nordiske kultur- og utdanningsministrane ein ambisiøs nordisk språkdeklarasjon. Den slår fast at språkfellesskapet her oppe i det nordvestlege hjørnet av Europa er viktig for vår felles nordiske identitet. Dei skandinaviske språka er eit kulturelt og samfunnsmessig superlim som bind oss saman over landegrensene, og nabospråka er ein viktig føresetnad for at Norden skal kunna bli verdas mest integrerte bu- og arbeidsregion.
For me har noko heilt spesielt og verdfullt gåande her oppe i nord. Dei nordiske velferdsstatane og måten me har organisert samfunna våre på, har lagt til rette for ein heilt særeigen tillit mellom innbyggjarar og styresmakter. At folk i det store og heile stolar på kvarandre, på politikarar og på forvaltninga, sparar nemleg dei nordiske statane for store mengder fordyrande kontrolltiltak og byråkrati. For nokre få år sidan utropte Nordisk ministerråd den sosiale tilliten som pregar samfunna våre til det nordiske gullet. I arbeidet med å forvalta dette gullet, spelar den felles skandinaviske språkforståinga ei viktig rolle.
Språk, tillit og enkelheit
Ein eigen nordisk språkkonvensjon har heilt sidan 1981 lagt til rette for at innbyggjarane i Norden skal kunna bruka eige språk i kontakt med styresmakter og andre offentlege organ i dei nordiske nabolanda. Dette handlar om meir enn kulturvern, og konvensjonen peikar konkret på at språka våre skal leggja til rette for «sosial trygghet og lik behandling i samfunnet» på tvers av dei nordiske landegrensene.
Den norske språklova følgjer opp språkkonvensjonen med ein eigen regel om at innbyggjarar står fritt til å bruka sitt svenske eller danske språk i møte med det offentlege i Noreg. Dei må samstundes akseptera at svaret frå det offentlege organet kjem på norsk, så lenge språket er klart og mottakartilpassa. Regelverket tek utgangspunkt i at språk byggjer tillit, og det føreset at dei skandinaviske språka er gjensidig forståelege.
Felles nordisk innsats i ei usikker verd
Samarbeidet med nabolanda våre nå for dagen handlar svært mykje om tryggleik og beredskap i ei usikker tid. Her spelar også det unike språkfellesskapet vårt ei viktig rolle.
I språk- og teknologipolitikken går praten nemleg stadig oftare om digital sjølvråderett. Brorparten av dei digitale produkta og verktøya me brukar i det daglege, er eigde av store utanlandske teknologiselskap. Det gjeld alt frå KI-robotar til programvarepakkar for smarttelefonar og nettbrett. Samfunna våre er heilt avhengige av denne utanlandske infrastrukturen, og i ei uroleg verd kan det gjera oss sårbare. Med felles språk, felles verdiar og felles mål burde alt liggja til rette for at Norden kunne samarbeida om å utvikla trygge, tillitvekkjande og rettferdige teknologiprodukt som er trente opp med våre eigne lokale tekst- og språkdata.
For å verna om dei nordiske tillitssamfunna og styrkja innbyggjarinteresser på tvers av landegrensene våre, og for å ta grep saman i spørsmålet om auka digital sjølvråderett, treng me at det unike språkfellesskapet vårt ikkje forvitrar. Det kan enkelt motverkast ved at innbyggjarane i Norden jamleg møter på nabospråka i tekst og tale.
Og så håper eg at eg neste gong i den nordjyske kiosken kan be på norsk om ei flaske svenskprodusert mineralvatn og oppleva å bli møtt med eit blidt dansk «Det ka’ du tro!».
Publisert:
Publisert: 6. oktober 2025 09:08

3 weeks ago
11

















English (US) ·