I denne hytta låg turistar og sov: – Har ikkje gått ein dag utan eg har tenkt på det

2 hours ago 2



– Dei fortel om mareritt der dei opplever ulukka om att og om att. Sjølv om det har gått tre år, blir dei framleis redde så snart det blæs opp eller blir uvêr, seier bistandsadvokat Elisabeth Clarck.

Ho representerer fire franske turistar som hadde leigd ei flunkande ny sjøbu i Å i Lofoten i februar for to år sidan.

Da de begynte å blåse opp, blei sjøbua blåst på havet og knust til pinneved.

– Vi kjente at hytta blei løfta av fundamentet. Det kjendest som at vi fløyg gjennom lufta. Alt gjekk veldig fort, men eg rakk å tenke: «nå døyr vi», har ein av dei fire franske turistane, Vincent Dussauze, fortalt til NRK.

Ingen omkom, men turistane hamna på sjukehus etter hendinga.

– Mine klientar slit framleis med knusingsskadar i både rygg og bein. Dette påverkar dei både i arbeidsliv og privatliv, seier bistandsadvokat Clarck.

Denne veka starta rettssaka mot utbyggarane.

  • Bistandsadvokat Elisabeth Clark representerer de fire franske turistene.

    Elisabeth Clark

    Bistandsadvokat:

    – Eg håpar dei kan få ei oppreising som plaster på såret for det dei har vore utsette for. Slik kan dei få dekt dei omfattande utgiftene og inntektstapa dei har vorte påførte.

Risikerar flerie år i fengsel

Dei er tiltalt for brot på paragraf 356, jamfør paragraf 355 i Straffelova, for «aktløyse å ha forårsaka samanstyrtning eller liknande ulykke, som lett kunne medføre tap av menneskeliv».

Ved ein eventuell dom risikerar utbyggjarane fleire år i fengsel.

Ifølge tiltalen meiner påtalemakta at eigarane burde ha forstått at ei hytte på 10–12 tonn utan ekstra sikring kan flytte på seg i storm.

Påtalemakta meiner at eigarane er ansvarlege for at fem utleigehytter vart sette opp utan tilstrekkeleg sikring.

Dei meiner også at lovbrotet er grovt, på grunn av dei dramatiske verknadene ulykkeskvelden, og fordi dei meiner dei ansvarlege har utvist ein stor grad av skuld ved å la vere å sikre hyttene.

– Det er ei spesiell sak, som både dreier seg om mangelfull oppfølging av plan- og bygningslova. Men også den faren som desse feila har medført og som har utsett andre menneske for fare for liv og helse, seier aktor Stig Morten Løkkebakken.

  • Aktor Stig Morten Løkkebakken

    Stig Morten Løkkebakken

    Aktor:

    – Dette er ei sak som avvik frå det som vanlegvis går for retten. Det er svært få saker som er førte på dette grunnlaget.

– Nokon på staden som ikkje har gjort jobben sin

Dei tre tiltalte nektar alle straffskuld.

Hanna Norum, som forsvarar ein av dei tiltalte, er klar på kor ansvaret for ulukka ligg.

– Vi meiner utbyggjarane har gjort alt rett. Dei har henta inn fagfolk nettopp fordi dei ikkje er fagfolk sjølve. Dei er meir som gründerar. Så det er nokon på staden som ikkje har gjort jobben sin, seier Norum.

Ho meiner det er overraskande at det er tatt ut tiltale.

  • Forsvarer Hanna Norum

    Hanna Norum

    Forsvarar:

    – Dei tiltalte føler at dei berre har hatt eit ønske om å blåse liv i den gamle campingplassen på Å. Dei har hyra inn både ansvarleg søkjar, arkitekt og lokale entreprenørar, og har stolt på at desse har gjort jobben sin slik dei skulle.

– Det ligg føre ein rapport frå naturskadetaksten, og det er ikkje funne noko ansvar hos firmaet som har sett opp hyttene i det heile. Dei har også fått utbetalt full forsikring, legg ho til.

Dagleg leiar for det aktuelle selskapet forklarar i retten at dei har stolt på fagfolk og entreprenørar.

I forklaringa si fortalde han også at ulukka har prega han.

«Hytte flyr i lufta»

– Det har ikkje gått ein dag utan eg har tenkt på det som skjedde, seier den daglege leiaren, som bur i Oslo.

På ulukkesdagen fekk han ei melding om at ei «hytte flyr i lufta».

Han tok kontakt med ein person lokalt for å sjekke kva som hadde skjedd. Då fekk han vite at ei av hyttene var borte.

– Eit forferdeleg syn

Dagen etter tok mannen første fly til Lofoten.

– Det var eit forferdeleg syn. Eg prøvde å kontakte dei involverte etter ulukka, og spurde om dei trengde hjelp.

Tiltalte fortel at han skreiv eit brev til dei råka franske turistane.

I tillegg forklarar han om alle vurderingane dei gjorde før ulykka.

Ein sjøbod blei blåst på havet i Å i Moskenes. Fire personar oppheldt seg i sjøboda, og har blitt sendt til sjukehus.

– Ingen krav frå kommunen

Tiltalte meinte plassen var eigna for hyttene fordi det hadde stått campingvogner og hytter der tidlegare.

Dei sette opp fleire midlertidige hytter frå Estland. Ferdige modular i betong som veg mellom 10 og 12 tonn.

Fleire lokale entreprenørar vart hyra inn for grunnarbeid, fundamentering, el-arbeid og VVS.

Då hyttene vart heisa på plass i juni 2022, oppdaga kranførarane at fundamenta ikkje var i vater. Det vart difor lagt plankebitar under hyttene for å vatre dei opp.

Tiltalte hevdar at kommunen ikkje hadde sett krav om ekstra sikring utover at dei stod på eiga vekt.

Hytte på campingplassen på Å blåste på havet. Bare fundamentet igjen.

Det kom fram i retten at hyttene vart plasserte i sjøkanten på Leca-blokker etter avgjerd frå entreprenøren.

Foto: Tommy Johansen

– Ei naturkatastrofe

Aktor spurde spesifikt om det vart gjort ei teknisk vurdering før hyttene vart sette opp.

Tiltalte svarte nei på dette.

Han kontakta ikkje bygningsingeniørar eller andre fagpersonar på førehand.

Han forklarte at han hadde full tillit til entreprenørane og at det var dei som avgjorde fundamenteringa og plasseringa.

Tiltalte seier han lufta spørsmålet om ekstra sikring med både lokale snikkarar og leverandøren av materiale, men at ingen påla han å gjere noko meir.

Han viser til eit liknande prosjekt han har med nøyaktig same hytter. Der står hyttene direkte på ei gruspute, noko som vart godkjent av kommunen etter ei revidering.

Tiltalte påpeikar også at forsikringsselskapet har klassifisert hendinga som ei naturkatastrofe.

Vart festa i grunnfjellet

I januar 2023, berre ein månad før ulukka, søkte utbyggarane om å gjere tiltaket permanent. Grunngivinga var at dei hadde tillit til at hyttene var bygde og sikra på ein god nok måte.

Etter at hytta blås på havet, vart drifta mellombels stansa. Dei andre hyttene vart då sikra ved at det vart bora i grunnfjellet.

Dei henta inn ein ingeniør frå hytteprodusenten for å gjere vurderingar basert på lokale forhold før drifta starta opp att.

På direkte spørsmål frå aktor om hyttene hadde blåst på havet dersom desse ingeniørvurderingane hadde blitt gjorde før montering, svarte tiltalte:

«Nei, det trur eg ikkje.»

Fem dagar i retten

Styreleiaren i selskapet forklarte seg også i retten. Han gjentok fleire gonger at han ikkje kan noko om det byggtekniske.

Han stolte på kollegaen sin visjon og trudde at alt det formelle og tekniske var i orden.

Han fortalde at det var veldig tungt å høyre dei franske turistane forklare seg i retten, og at han ikkje hadde vore klar over alt dei hadde vore gjennom før no.

Sjølv om han ikkje ser på seg sjølv som ein byggeekspert, meiner han at dei har gjort alt rett etter ulukka for å sikre hyttene skikkeleg.

I tillegg er arkitekten for prosjektet tiltalt i saka. Ho har 11 år med erfaring frå arbeid med småskala hyttar og fritidsbustader.

I forklaringa si seier arkitekten at ho aldri fekk beskjed om avvik i forkant av ulukka.

Det er sett av fem dagar til rettssaka. Fleire vitnar og ekspertar skal forklare seg i saka.

Publisert 03.02.2026, kl. 20.00

Read Entire Article