Hotellkollaps i Tyskland – to døde

1 month ago 20



I feriebyen Kröv i Tyskland kollapsa eit lite hotell tysdag kveld. Natt til onsdag var ni personar fanga i ruinane.

Ifølge den tyske avisa Bild er minst fire av dei no henta ut, mellom anna eit to år gammalt barn.

Lenge klarte ikkje brannvesenet å ta seg inn i ruinane på grunn av fare for ytterlegare kollaps av det vesle hotellet.

Det melder den tyske kringkastaren Südwestrundfunk (SWR).

Redningsarbeidet blir sett på som svært krevande. Om lag 250 redningsmannskap er til stades med dronar og redningshundar.

Fleire av ramma har truleg alvorlege skadar, og to personar er meldt døde.

Dei skal ha blitt drepne i kollapsen, og er framleis ikkje henta ut onsdag formiddag.

Historisk tak kollapsa

Det var til saman 14 gjestar på hotellet. Fem av dei skal ha klart å ta seg ut på eigehand. Ein av dei fortalde til SWR at han var på do då kollapsen skjedde.

Det to etasjars bygget skal ha falle i hop seint tysdag kveld etter at saltaket kollapsa, skriv den tyske kringkastaren. Taket i underetasjen skal ha vore frå 1600-talet.

I tillegg til politi, brannmannskap og helsepersonell, er også bygningsingeniørar til stades.

Ifølge SWR høyrde augevitne på staden eit smell i området litt før kl. 23 tysdag kveld.

Politiet ber folk halde seg unna området. Dei vil halde ein pressekonferanse kl. 10.30.

Germany Hotel Collapse

Foto: Florian Blaes / DPA via AP

Publisert 07.08.2024, kl. 07.12 Oppdatert 07.08.2024, kl. 10.48

Read Entire Article