Hotellkollaps i Tyskland – ein død

1 month ago 18



Brannvesenet skal ha fått kontakt med seks av personane, men ikkje klart å ta seg inn i ruinane på grunn av fare for ytterlegare kollaps av det vesle hotellet i feriebyen Kröv.

Det melder den tyske kringkastaren Südwestrundfunk (SWR).

Redningsarbeidet blir sett på som svært krevande. Om lag 250 redningsmannskap er til stades med dronar og redningshundar.

Fleire av dei har truleg alvorlege skadar, og ein person er meldt død. Ingen av dei er henta ut onsdag morgon.

Det var til saman 14 gjestar på hotellet. Fem av dei skal ha klart å ta seg ut på eigehand. Ein av dei fortalde til SWR at han var på do då kollapsen skjedde.

Det to etasjars bygget skal ha falle i hop seint tysdag kveld. Det er uvisst kva som er årsaka.

Ifølge SWR skal ha augevitne på staden ha høyrt eit smell i området litt før kl. 23 tysdag kveld.

Publisert 07.08.2024, kl. 07.12 Oppdatert 07.08.2024, kl. 07.22

Read Entire Article