Høiby sin eks i nytt politi­avhøyr: – Ho vil fortelje si historie

1 month ago 26



Måndag kveld stadfestar Juliane Snekkestad sin advokat Petter J. Grødem at ho ønskjer å forklare seg vidare om det ho hevdar er vald frå Høiby då dei var kjærastar.

– Ho vil fortelje si historie og ho vil forhindre at andre blir utsett for det same, seier Grødem til NRK.

Snekkestad var i sitt første politiavhøyr rett før helga, det nye politiavhøyret skjer tysdag.

– Ho vil halde fram med å samarbeide med politiet og gje dei den informasjonen dei treng i nye avhøyr, seier advokat Grødem.

Han legg vekt på at det er og har vore eit massivt mediepress på Snekkestad.

– Det er politiet som har oppretta ei sak på bakgrunn av posten på insta. Vi har ikkje landa på om vi skal anmelde det sjølv, seier Grødem.

Vald og skadeverk

Høiby er førebels ikkje avhøyrt i saka.

Forsvararen hans, Øyvind Bratlien, har førebels ikkje vore tilgjengeleg for kommentar måndag kveld.

Søndag 4. august blei han pågripen av politiet ved Jansløkka skule og sikta for kroppskrenking mot ei kvinne og skadeverk der ho budde på Frogner.

I ettertid har ekskjærastane til Høiby, Juliane Snekkestad og Nora Haukland gått ut i sosiale medium og skrive om påstått valdsbruk.

Innrømmer skuld

Høiby har innrømma at han brukte vald mot kvinna han var med natt til søndag 4. august.

Han har også innrømma at han var i alkohol- og kokainrus då det skjedde.

– I realiteten er dette ei erkjenning av straffskuld, sa Høiby sin forsvarar Øyvind Bratlien til NRK i etterkant.

I ein tekst som blei delt med pressa skriv Høiby at han har slite med psykiske lidingar og rus over lang tid.

Han skriv også at han no skal ta opp att behandlinga for dette.

I ei pressemelding fredag skreiv politiet at dei etterforskar saka med høg prioritet og at siktinga blir fortløpande vurdert og kan bli utvida.

Publisert 19.08.2024, kl. 20.10

Read Entire Article