Høgsterett seier ja til å behandle fjordsøksmålet

1 hour ago 1



Høgsterett har måndag ettermiddag vedtatt å behandle anken i det såkalla Fjordsøksmålet, der lagmannsretten har slått fast at løyvet til å tømme gruveavfall i Førdefjorden ikkje er godt nok fundert.

Kort tid etter at miljørørsla jubla over «ein historisk siger» i august, varsla regjeringsadvokaten at han ville prøve saka på ny – i Høgsterett.

Det er prinsipielt viktig med ei tydeleg avklaring frå Høgsterett i denne saka, forklarte klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ein offisiell uttale.

Vel to månader seinare har det høgaste rettsnivået i Noreg talt: Den seier ja til å sjå nærare på om løyvet til sjødeponi er gyldig eller ikkje.

I august ramsa Lagmannsretten opp fleire forhold dei meiner at staten ikkje har drøfta på tilstrekkeleg vis, blant anna kva rutil har å seie for forsyningssikkerheita av kritiske mineral i EØS-området.

I et rettssal sitter flere dommere samlet rundt et ovalt bord. En dommer i svart kappe står foran domstolen og presenterer saken. Bak dommerne er det en stor panelvegg og flere grønne lampetter på bordet. Rommet har høy takhøyde og detaljerte veggmalerier, som gir en høytidelig stemning.

Høgsterett seier ja til å behandle anken i det såkalla Fjordsøksmålet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Regjeringa: – Nasjonale og strategiske verdiar står på spel

Tidlegare i år konkluderte Efta-domstolen med at økonomiske omsyn aleine ikkje er god nok grunn til å tillate fjordlagring.

Regjeringa svarte på Efta-uttalen med ein «meir utfyllande forklaring» på kvifor dei sa ja til sjødeponi, og erkjente at den opphavlege grunngivinga «kunne vore tydelegare».

Næringsminister Cecilie Myrseth gjentok poenget om at nasjonale og strategiske interesser står på spel tidlegare i november.

Ho viste til at «EU har eit stort underskot på titanråstoff» og at utvinninga frå Engebøfjellet var blitt enda viktigare med «dagens sikkerheitspolitiske situasjon».

Same månad slo Sogn og Fjordane tingrett fast at gruveselskapet får halde fram som før inntil fjordsøksmålet blir rettskraftig.

en mann som sitter på en benk ved sjøen

– Av omsyn til føreseielegheit for selskapet, er det viktig at det ikkje er tvil om kva som er synet til regjeringa. Selskapet har innretta seg etter eit gyldig løyve og investert store ressursar i prosjektet, seier Bjelland Eriksen.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Mange tenker at ein siger i domstolane automatisk får praktiske konsekvensar

Utfallet i Høgsterett vil ha mykje å seie, uansett kva side som vinn.

Dersom staten vinn, vil løyva til gruvedrift og sjødeponi bli rekna som gyldige under norsk lov.

Høgsterett vil da ha godkjent lovtolkinga til myndigheitene og sett ein rettsleg standard (presedens) for framtidige saker om sjødeponi og mineralutvinning.

VEVRING, FØRDEFJORDEN: Engebø er den første nye gruva i Noreg på fleire tiår.

Dersom miljøorganisasjonane vinn, blir gruvedrifta med sjødeponi sett på pause.

Enten for godt, eller inntil eit nytt og gyldig løyve er på plass.

– Mange tenker at ein siger i domstolane automatisk får praktiske konsekvensar, men det er ikkje nødvendigvis tilfellet i saker der staten taper, sa Øyvind Stiansen ved Institutt for statsvitskap til NRK i august.

Han viste til Fosen-dommen som eit konkret eksempel.

Ein siger til miljøorganisasjonane vil likevel bekrefte at Vannforskriften og EU/EØS-direktiv veg tungt, og at nye løyve må vere i tråd med strenge miljøkrav.

Dette vil i sin tur få mykje å seie for andre prosjekt med sjødeponi, som Repparfjorden og Fiborgtangen.

Engebø gruvedrift

Det politiske slaget om sjødeponiet har gått føre seg sidan 90-talet, og har sidan fått eit juridisk etterspel.

Foto: Faksimile

Publisert 01.12.2025, kl. 17.39 Oppdatert 01.12.2025, kl. 17.46

Read Entire Article