Høgrepopulistisk omvelting? Eller krasjlanding for Frp?

1 hour ago 1



GJESTEKOMMENTAR: Frp er dobbelt så store som Høgre på tre målingar i mai og får støtte frå over 30 prosent av veljarane. Det same gjeld statsministermålingar: Det er her og no dobbelt så mange veljarar som ønsker Listhaug som statsminister samanlikna med Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide på den siste statsminister-målinga.

Dersom Listhaug vert statsminister ved neste stortingsval, med Frp som det klart dominerande partiet i Norge, vil truverdet til Frp vere avhengig av at folk då merkar ein forskjell. Foto: Annika Byrde / NTB
  • Svein Erik Tuastad

    Svein Erik Tuastad

    Statsvitar og dr. polit., UiS

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Eit sterkt Frp veit at dei må levere. Dersom Listhaug vert statsminister ved neste stortingsval, med Frp som det klart dominerande partiet i Norge, vil truverdet til Frp vere avhengig av at folk då merkar ein forskjell. Skal vanlege folk få sitje att med mykje meir pengar, vil mange «gode» saker få store kutt.

Men kor sannsynleg er det at Frp-framgangen varer til neste stortingsval? Tre slag utviklingstrekk spelar inn: Konkurransen mellom Høgre og Frp, tidsånda – og kor djupe verdiendringane i samfunnet no er.

Står vi føre ei høgrepopulistisk omvelting? Eller blir det krasjlanding for Frp?

Konkurransen Høgre vs. Frp

Det er Høgre og Frp som er dei store konkurrentane om ikkje-sosialistiske stemmer – når eitt av desse to partia går kraftig fram, er det nesten alltid fordi ein tar mange veljarar frå hovudkonkurrenten. Den siste tida har Frp lukkast der Høgre strever.

Frp har halde godt på truverdet sitt som eit systemkritisk, tydeleg opposisjonsparti. Det nye er at Listhaug i tillegg har utvida Frp-appellen ved at Frp markerer seg på fleire felt og verkar meir budde på å styre landet. Til dømes er nestleiar og finanspolitisk talsperson i partiet Hans Andreas Limi ein sakleg og edrueleg politikar som vekkjer brei tillit. For mange Høgre-veljarar vert Frp eit meir etande alternativ på partimenyen.

Men vil dette vare? Ein skal aldri seie aldri. Men Frp i dag står i ein spagat det krev god trening å stå i over tid. Sylvi Listhaug kan få applaus frå høgrefløya når ho på landsmøtet kallar Ap-organisasjonen for ein trollfabrikk – altså ein medviten løgnprodusent. Men det svekker appellen blant dei moderate.

Kva med problema til Høgre? I drivstoffsaka kom Høgre dårleg ut. Ein ting er at Høgre verka uansvarleg. Ein annan er at dei vingla meir i løpet av nokre veker enn kva Erna Solberg gjorde på 20 år.

Høgre ser slik ut til å vere i ei identitetskrise i dag. Partiet slit med å finne den rette balansen når partiet skal bli eit systemkritisk styringsparti, kva no det er. Men Høgre er på ein stad der det er lett å vekse. Sterke politikarar og partilag kan bringe dei på offensiven att.

Tidsånda

Saker i tida passar Frp godt fordi ein av styrkane til den partifamilien Frp høyrer til i, er å gjere komplisert politikk enklare og motsetnadane klarare. Det er det tid for. Prisane stig og det same gjer renta: Kritikken frå Frp er skarp – for dette må vi då kunne fikse raskt slik dei har fått det til i Sverige? Det har dessutan vore ein fordel for Frp at Høgre og Ap i røynda ikkje er veldig ulike når det gjeld straumpolitikk, EØS og behovet for ansvarleg økonomisk styring. På denne måten er det for tida god match mellom Frp sin måte å vere i opposisjon på og trendar i tida.

Om dette varer, er eit anna spørsmål. Det såg også vonlaust ut for Ap før førre val, men så  skifta stemninga brått då pilene begynte å gå oppover att – om enn midlertidig – medan den internasjonale uroa steig. Det same kan skje på ny. Så heller ikkje tidsånd-faktoren er påliteleg og uomskifteleg i favør Frp. Men langtidsvarsel om tidsånda er jo usikker politisk meteorologi.

Djupare verditrendar

Før sist stortingsval synte ei stor verdiundersøking ein ny trend: Særleg unge menn hadde vorte meir konservative – og verka til å styrke Frp. Men om vi bruker den same verdiundersøkinga, slik eg har gjort, til å sjå på samlemål for konservative verdiar og dessutan for haldningane til statleg regulering, er andre ting påfallande. Over tid er det eit langsamt klart skifte mot meir liberale verdiar, og økonomiske venstre-verdiar, jamvel om det snur litt i 2023. Det tyder på at djupare verdiendringar ikkje kan forklare korleis kampen mellom blokkene har gått – for då skulle venstresida vunne meir.

Førebels verkar det difor forhasta å konkludere med at varige verdiendringar i den samla veljarstokken kan forklare Frp-oppgangen. Men dette er det interessant å følgje med på vidare.

Å forlate veljarane

Denne gjennomgangen kan tale for at det mest sannsynlege scenarioet er at Frp ikkje vil halde seg på eit like høgt nivå som no over lang tid. Situasjonen liknar oppslutnaden om Senterpartiet frå 2017 til 2021, då partiet låg langt over det vande nivået fordi dei trefte med sentraliseringskritikken. Etter som sakstypen vart mindre synleg, gjekk partiet tilbake til sitt vanlege 6-prosent nivå.

Vi kan likevel ikkje vite om styrketilhøvet mellom Høgre og Frp er varig endra. Men det meste taler for at leiarrolla på borgarleg side på ny vert skiftande.

Høgre kan difor stå i fare for å handle forhasta no. Dei kan satse alt på å dempe utslag av ein veljartrend – som syner seg å vere midlertidig. Når så moderate veljarar vil vende tilbake til si trygge hamn, har skuta deira lagt frå kai.

Publisert:

Publisert: 25. mai 2026 10:32

Read Entire Article