Høgre lova å kutte eigedomsskatten i stor­byane – slik ligg dei an

1 month ago 23



Etter lokalvalet i september har Høgre hatt makta i dei fire største byane i landet. I Oslo, Bergen og Stavanger lova det borgarlege fleirtalet å fjerne eller redusere eigedomsskatten på bustader innan fire år. I Trondheim ønska dei reduksjon, og lova i alle fall å ikkje auke skatten.

Men «måloppnåinga» til dei fire Høgre-styrte storbyane er mildt sagt sprikande.

I Stavanger lovar varaordføraren at dei fjernar heile eigedomsskatten allereie i 2025-budsjettet som blir vedtatt i haust.

I Bergen varslar byrådet nå at løftet om å halvere eigedomsskatten innan 2027 kan bli vanskeleg å innfri.

Dette blir i så fall andre gongen på under eitt år at byrådsleiar Christine Meyer (H) bryt eit viktig løfte ho gav veljarane.

Løftebrot gav makt

I haust vart Meyer byrådsleiar i Bergen ved hjelp av eit spektakulært løftebrot om Bybanen – den mest betente politiske saka i byen.

Dei to høgast profilerte løfta Bergen Høgre hadde gitt veljarane før lokalvalet, var:

  • Godta bybanebygging langs framsida av Bryggen
  • Halvere inntektene frå eigedomsskatten på bustad innan fire år

Det første løftet braut Meyer like etter valet for å skaffa seg fleirtalsstøtte i bystyret. Dermed kunne Høgre overta byrådsmakta saman med Framstegspartiet og Senterpartiet, etter åtte år med Arbeidarparti-dominert byråd.

Nå heng også løftet om eigedomsskatten i ein tynn tråd, fordi kommuneøkonomien er så stram.

– Vi må gå på akkord med eigne ambisjonar for å få økonomien på rett kjøl.

Det sa finansbyråd Jacob Mæhle (H) til Klassekampen måndag.

Jacob Mæhle (H), finansbyråd i Bergen

Etter berre to veker som finansbyråd varslar Jacob Mæhle (H) at Høgre kan måtte bryte løftet om å halvere eigedomsskatten i Bergen. Han avviser å ha «feia inn og realitetsorientert» resten av byrådet.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

Kalddusj frå fersk byråd

Det varslar han to veker etter at han vart medlem av byrådet i Bergen 5. august.

– Det viktigaste prosjektet vårt er å få kontroll på økonomien igjen. Vi er nøydde til å sjå på alle moglegheiter – snu kvar stein. Det betyr at vi også må sjå på om vi får til å kutte eigedomsskatt i dette budsjettet, seier Mæhle til NRK.

– Kva vil du seie til veljarane når Høgre braut Bybane-løftet i fjor og nå kanskje bryt løftet om eigedomsskatt?

– Eg trur alle veljarane skjønar at den viktigaste jobben er å sørge for at kommunen har kontroll på økonomien. Det er vi nøydde til før vi kan kutte eigedomsskatten.

– Var dette eit urealistisk valflesk?

– Nei, men eg trur det har vore underkommunisert for dei aller fleste bergensarane kor store økonomiske utfordringar kommunen står i.

Mæhle avviser likevel ikkje målet om halvert eigedomsskatt innan fire år.

– Eg håpar det er veldig sannsynleg. Det har eg alle intensjonar om å få til.

For Bergen kommune vil halvering av eigedomsskatten bety 400 millionar kroner mindre inntekter i året. I 2024-budsjettet reduserte byrådet eigedomsskatt-inntektene med 57 millionar kroner.

Jacob Mæhle (H), finansbyråd i Bergen

– Eigedomsskatten kan ikkje kuttast før vi har fått kontroll på økonomien, seier den nye finansbyråden i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ap: – Høgre rundlurte veljarane

Bystyrerepresentant Linn Kristin Engø (Ap) var ordførar i Bergen det siste året før valet i fjor. Ho er ikkje imponert over signala frå finansbyråd Mæhle.

– Veljarane som stemte Høgre i Bergen, bør kjenne seg rundlurte. Og eg lurer på kor mange sentrale valkampløfte som er igjen for Høgre å bryte.

– Vi åtvara fleire gonger om at det ikkje er mogleg å skrote eigedomsskatten i Bergen utan å gjere dramatiske kutt innanfor barnehage, skole, eldreomsorg, alle dei viktige tenestene til kommunen. Men Christine Meyer gjentok løgna om at eigedomsskatten skulle vekk, seier Engø.

Ho reagerer på at det er den ferske finansbyråden som nå sår tvil om skattekuttet.

– Det er underleg at ikkje Christine Meyer sjølv er den som avlyser løftet, sidan ho var så sentral i å love det fleire gonger i valkampen.

Linn Kristin Engø, Bergen Ap

Linn Kristin Engø i Bergen Ap meiner byrådsleiar Christine Meyer lurte veljarane og sjølv burde avlyst det Engø kallar

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Oslo er «i rute»

Korleis ligg «kampen mot eigedomsskatten» så an i dei tre andre Høgre-styrte storbyane?

Byrådet i Oslo har som mål å avskaffe eigedomsskatten på bustad på fire år. Allereie to månadar etter valet sørga byrådspartia Høgre og Venstre for det første kuttet.

– På få veker har vi kutta eigedomsskatten på bustad med nesten 30 prosent, og er i rute til å fjerne den heilt i løpet av fire år, sa byrådsleiar Eirik Lae Solberg (H) i november.

I 2024 har Oslo dermed 315 millionar kroner mindre inntekter frå eigedomsskatt enn det avgåtte Ap-byrådet ville gitt, ifølge Solberg.

– Størstedelen av reduksjonen skuldast auka botnfrådrag. Det gir ein god sosial profil, sa han.

Trondheim: – Utfordrande

I Trondheim har eigedomsskatten dei siste åra stege kraftig. Den er nå langt høgare enn for eksempel i Oslo.

Byrådet (Høgre, Venstre og MDG) har lova at eigedomsskatten skal frysast på dagens nivå: 890 millionar kroner årleg.

– Det reknar vi med å klare, sjølv om det sjølvsagt er utfordrande nok. Og vi har eit mål om å redusere eigedomsskatten viss den økonomiske situasjonen tillèt det, seier finansbyråd Kjetil Reinskou (H) til NRK.

Han vedgår at det er ei veldig rund formulering.

– Grunnen til at vi ikkje går meir offensivt til verks, er at kommuneøkonomien rundt omkring i Noreg er svak for tida. Så det er dessverre per nå ambisiøst nok for oss.

Gamle Stavanger og nye leiligheter bak

Neste år blir det slutt på eigedomsskatt for både gamle og nye bustadhus i Stavanger. Fleirtalspartia fjernar då siste rest av denne skatten.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Stavanger: – Fjernar heile skatten neste år

Stavanger kommune har opplyst at dei årleg hentar inn 280 millionar kroner i eigedomsskatt. Fleirtalskoalisjonen (Høgre, Frp, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet) har som mål å fjerna eigedomsskatten innan fire år.

– Me fjerna halvparten på årets budsjett og fjernar resten neste år, seier varaordførar Henrik Halleland (KrF) til NRK.

Ordførar Sissel Knutsen Hegdal (H) er litt mindre skråsikker:

– Om me klarer å fjerne heile skatten i haust, er ikkje avgjort, men ambisjonen er å gjere det før neste val, seier ho.

I år dekka dei inn det meste av dette inntektstapet ved at inntektene frå inntektsskatt auka.

– Korleis me løyser det i 2025, kjem me tilbake til i budsjettet seinare i haust, seier Halleland.

Publisert 22.08.2024, kl. 21.11

Read Entire Article