Høgh enda måltørken då Glimt stoppa LSK si draumerekke

2 days ago 11



Me oppdaterer saka.

Med 2-0-siger stoppa Glimt Lillestrøm si lange rekke utan tap. Ikkje på 511 dagar har LSK gått på eit ligatap.

– Fin rekord å ha hatt (511 dagar), men det er ikkje så farleg. I dag kunne me ha fått med oss noko, men me møter eit lag som straffar oss. Me er bra på mykje, men må bli smartare i periodar der me slit med ball. Det er altfor mange situasjonar der me gir han bort og må springe etter, seier LSK-trenar Hans Erik Ødegaard

Det er likevel over ti år sidan Lillestrøm har slått Bodø/Glimt i ein seriekamp på Åråsen.

En mann i svart treningsjakke med sponsorlogoer står foran uskarpt publikum. Mannen ser mot kamera. Bakgrunnen er uskarpt gul og gir inntrykk av en stadion. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

LSK-TRENAR: Hans Erik Ødegaard.

Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

– Ei gåvepakke

I første omgang var det ikkje mange sjansane for nokon av laga. Før Glimts Håkon Evjen tok imot eit innlegg på hovudet, for så og vri seg rundt og skåre for bortelaget.

– Det er Meisterliga-klasse over det han gjer der, sa TV2s kommentator Morten Langli om den første skåringa.

Glimt-spelaren var likevel ikkje fornøgd etter første omgang:

– Men eg trur me må opp dersom dette skal halde i alle fall, for eg trur ikkje det held med eitt mål i dag, sa Evjen til TV 2 i pausen.

To fotballspillere i hvite drakter løper på en gressbane. En spiller med nummer 20 på ryggen feirer. Tilskuere i gule og sorte drakter sitter på tribunen i bakgrunnen. En stor blå reklameskjerm er synlig bak spillerne. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Heldigvis for han og dei gule frå nord, spelte LSK-målvakt Dahlberg ballen rett i beina til Blomberg, som sende ballen vidare til Kasper Høgh.

– Oi her rotar det til Lillestrøm! sa Langli.

Dansken fekk ballen og skåra Glimt sitt andre mål.

– Kasper Høgh får sett han kontant frå to meters avstand. Han skal sitte ti av ti gonger, sa TV 2 sin ekspertkommentator Joanna Bækkelund.

MÅL: Kasper Høgh skåra den andre målet i kampen.

Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

– Kasper Høgh for ei gåvepakke! la Langli til.

Med det skåra også Høgh sitt første mål i Eliteserien for sesongen. Sist gong var i oktober i 2025.

Kanskje på sitt beste

Glimt-trenar Kjetil Knutsen var ikkje sikker på at det skulle bli siger i Lillestrøm.

– Dei (LSK) begynte klart best. Me måtte verkeleg kjempe oss inn i kampen, seier Knutsen til NRK etter kampen.

han forklarar at laget klarte å ta seg enda meir til saman etter pausen.

– Me set saman ein utruleg bra, trygg og fin andre omgang, der me kjenner igjen Glimt kanskje på sitt beste, forklarar han.

– Sesongane rullar og går. Og når ein skal jobbe seg ut av periodar der ein ikkje får det heilt til, med nesten ingen mellomrom mellom kampane, så kan du prøve sjølv. Det er ikkje enkelt altså, seier Knutsen og held fram:

– Utifrå der me har vore, så er eg faktisk imponert.

Publisert 26.04.2026, kl. 21.09 Oppdatert 26.04.2026, kl. 21.45

Read Entire Article