Ho blir ny programleiar i Bakemesterskapet

4 hours ago 7



Det gjekk unna, gitt! Telefonen kom midt på natta, og timar etterpå stod eg på sett i teltet, seier Julie Strømsvåg.

Ho tek over som programleiar etter Ulrikke Brandstorp, som natt til første opptaksdag av Bakemesterskapet brått blei mamma.

Strømsvåg heiv seg rundt og sette seg på første fly til Bergen der innspelinga går føre seg.

Det var ei omvelting, men ikkje i nærleiken av korleis dette må ha vore for Ulrikke som plutseleg hadde den vesle guten sin på brystet. For ei rå dame, seier Strømsvåg.

Frå ski til sukkerbaking

Ulrikke Brandstorp er glad for at vikaren kunne steppe inn på så kort varsel.

– Eg hadde gleda meg mykje til å spele inn ein ny sesong med verdas finaste program, men når familiens nye sjef kom til verda natt til første innspelingsdag, kan eg ikkje anna enn å smile, seier den nybakte mora.

Vikaren er eit kjent fjes for mange. Nyleg leda Julie Strømsvåg VM-sendingane til NRK frå Trondheim sentrum.

Overgangen frå ski og sport til sukkerkaker er ikkje så stor, for Strømsvåg har tidlegare jobba på bakeri i sju år.

tre folk som sit på kjøkkenbenk og smiler

André Løvaas og Marthe Kilen er dommarar i NRK-programmet Bakemesterskapet. Her ilag med ny programleiar Julie Strømsvåg

Foto: Lars Kristian Steen / NRK

Ho trivst i den nye rolla og seier bakebobla er i ferd med å sluke henne.

Folka er så fine, og godt er det når vi skal henge saman over 12 timar kvar einaste dag. Eg liker også korleis dei har kasta meg ut i det. For baketoget stoppar ikkje for nokon, seier ho.

Kom brått på

Produsentane av programmet hadde frå før ei avtale med Strømsvåg i bakkant.

Likevel kom fødselen brått på dei alle, fortel Kristin Ytre-Arne programredaktør i NRK vest.

– Ulrikke var i kjempegod form i Baketeltet på prøver med teamet kvelden før. Heldigvis gjekk alt bra med alle, seier ho.

To personar som bakar kake medan ei kvinne står ved sidan av.

Brandstorp har vore programleiar gjennom to sesongar og stod klar for runde nummer tre. Her frå ein tidlegare sesong ilag med Bawer Abbasi og Olli Harder

Foto: Lars Kristian Steen / NRK

Ytre-Arne seier ho er imponert over Strømsvåg.

No rullar opptaka vidare med ivrige hobbybakarar som lager store prestasjonar og magiske augneblink.

Den nybakte mora Ulrikke Brandstorp må på si side følge programmet frå sofaen.

Ho seier ho er glad for at Strømsvåg går inn i rolla:

– Eg gler meg til å sjå henne skine i teltet. Eg er sikker på at alle dei fantastiske menneska før og bak kamera vil passe godt på henne.

Publisert 08.05.2025, kl. 10.00

Read Entire Article