Hjullastar dytta med seg bil – køyrde inn i hus

16 hours ago 6



Seint tirsdag kveld fekk Sør-Øst politidistrikt fleire meldingar om ein hjullastar på ville vegar.

Hjullastaren køyrde ifylgje meldingane inn i eit autovern i Sandefjord-området. Føraren køyrde så vekk i retning Sandefjord.

Politiet mottok fleire meldingar frå personar som fulgte etter hjullastaren med bil, og rapporterte om at han køyrde på gang- og sykkelveg.

Den vinglete ferda enda med at hjullastaren køyrde inn i eit hus.

Hjullastaren står utanfor eit hus

Mannen som køyrde hjullastaren er pågripen.

Foto: Vegard Unger Ellefsen / NRK

– Han har kome køyrande inn i oppkøyringa, tatt med seg eit køyretøy og dytta det inn i husveggen, slik at det har gått inn i huset, seier innsatsleiar Birger Andersen på staden.

Det er store skader på både hus og bil.

Høyrde brak

Politet har pågripe føraren, som er ein mann i 60-åra. Ingen personar blei fysisk skada i hendinga, opplyser politiet. Seint tysdag kveld blei det gjort undersøkinga på staden.

– Om dette var uhell eller villa handling har vi ikkje klarlagt, seier Andersen.

Politiet opplyser at ingen kom fysisk til skade.

– Det var fem personar til stades i huset. Dei blir ivaretatt av av helsevesenet, seier operasjonsleiar Lise Bjørnsund.

Ein nabo NRK har snakka seier han høyrde eit brak, og at det rista i heile huset.

– Så såg vi at det stod ein svært hjullastar i oppkøyringa. Vi har jo barn, så vi prøvde å ta dei til oss fyrst, for å ha kontroll på dei. Det var skremmande, seier naboen.

Publisert 01.07.2025, kl. 23.47 Oppdatert 02.07.2025, kl. 04.58

Read Entire Article