Hjernedød kvinne har fødd ein gut

5 hours ago 3



Den strenge abortlova i delstaten Georgia i USA, tvang legane til å halde Smith sin kropp i live.

Det fordi ho var gravid, og fosteret var levedyktig.

No har Adriana Smith fødd guten Chance, ved hjelp av eit akutt keisarsnitt.

en person som skjærer en kake

Familie og venner feira Smith sin bursdag 15. juni. Feiringa var til minne om Adriana Smith sitt liv, og eit oppgjer mot delstaten sine abortlover.

Foto: Megan Varner / Reuters / NTB

Sjukehuset har ikkje opplyst om bakgrunnen for det akutte keisarsnittet.

Babyen er fødd prematurt, men skal ifølge nyheitsbyrået AP vere frisk.

– Det er forventa at han skal klare seg. Han kjempar. Vi ønsker berre at folk skal be for han, seier April Newkirk, mor til Adriana Smith, til AP.

Streng abortlov

Adriana Smith blei erklært hjernedød i februar, etter fleire blodproppar i hjernen.

På det tidspunktet var ho ni veker på veg.

Men sidan Georgia har ei såkalla «hjarteslaglov», er det ulovleg å ta abort etter at fosteret sitt hjarte bankar.

Hjarteslag hos fosteret er vanleg etter seks veker.

På bakgrunn av dette fekk ikkje familien valet om å avslutte svangerskapet.

Legane ved Emory University Hospital Midtown, fortalde familien at dei ikkje hadde lov til å vurdere andre alternativ.

Dermed måtte dei halde kroppen til Smith i live.

et blått skilt med hvit tekst

Abortlova i Georgia er omstridd.

Foto: Megan Varner / Reuters / NTB

Justisministeren i Georgia, Chris Carr, har seinare uttalt at lova ikkje krev at helsepersonell skal halde kroppen til ei hjernedød kvinne i live.

– Å avslutte livsforlengande behandling er ikkje ei handling «med mål om å avslutte ein graviditet», sa Carr.

Situasjonen til Smith og familien har vekt stor merksemd i USA.

Nytt liv

Vesle Chance veg rundt 830 gram.

Han er for tida innlagt på nyføddintensiven ved sjukehuset.

I mellomtida har mora blitt kopla frå respiratoren.

en gruppe personer i et rom

Familie og venner slapp kvite ballongar under bursdagen til Adriana Smith. Dei feira livet hennar.

Foto: Megan Varner / Reuters / NTB

Adriana Smith etterlet seg Chance, i tillegg til ein son på sju år.

Ho vil aldri få sjå gutane sine vekse opp.

– Eg er mor hennar. Eg burde ikkje måtte gravlegge dottera mi. Dottera mi burde gravlegge meg, sa Newkirk til WXIA.

Interessert i meir frå utanriks?

Høyr podkasten vår her:

Publisert 18.06.2025, kl. 12.23

Read Entire Article