Her vandrar kronprinsparet i Ålesunds gater

1 month ago 18



I går var det bli-kjent-fest i Ålesund. Og i dag har kronprinsparet valt å ta turen rundt om i Ålesunds gater.

Maja Falkevik skulle berre ein tur på butikken då ho plutseleg såg to kjente fjes.

– Vi gjekk bort, for dei såg ganske kjent ut. Så snakka vi med dei, dei var ganske hyggeleg, seier Falkevik.

Ho seier ho spurte dei om korleis dei likte seg i Ålesund, og dei hadde svart at det var ein fin by. Ho fekk også tatt eit bilde med dei.

Maja Falkevik møtte kronprinsparet på fredag.

Maja Falkevik fekk ta eit bilde saman med kronprins Håkon og kronprinsesse Mette Marit

Foto: Maja Falkevik

– Eg føler meg eigentleg veldig heldig, for eg trur ikkje det var mange som var ute å gjekk, fordi dei fleste er på skule og jobb, fortel ho.

Sjølv om ho er frå Ålesund er ho no busett i Kristiansand, og er på besøk i heimbyen i helga.

I dag skal alle gjestene forlate Ålesund og reise vidare til Geiranger der bryllaupsfeiringa held fram.

Alle gjestene blir skipet med båt inn i verdsarvfjorden. Men det er ikkje før i morgon det faktiske bryllaupet går av stabelen.

Publisert 30.08.2024, kl. 10.49 Oppdatert 30.08.2024, kl. 11.22

Read Entire Article