Ekteparet trudde det var jordskjelv då garasjetak sneia bustadhuset i Odda.
Publisert 16.12.2024 14:05 Sist oppdatert 4 minutter siden
Som TV 2 tidlegare omtalte måndag, vart eit nabolag i Odda særleg hardt råka av det kraftige uvêret i vest søndag kveld.
Gunnar Isachsen fekk eit heilt garasjetak i husveggen. Til TV 2 fortalde han at også naboen har fått skader på huset av det same flygande taket.
– Vi har fått ei lekt gjennom kjellerdøra. Den står bom fast og rekk 30 centimeter inn i gangen på innsida, seier naboen, Geir Tupsjøen.
Han er vekke på arbeid. Difor var det kona Trude Merete Bjotveit som høyrde braket då garasjetaket framfor huset deira losna i går kveld.
– Ho trudde først det var eit jordskjelv. Det var eit veldig smell, seier Tupsjøen.
Trefte deira hus først
Lekta stammar frå bølgeblikktaket som kom flygande.
Men der plankebiten gjekk i kjellerdøra, trefte resten av taket toppen av huset deira. Der manglar det fleire skiferstein.
– Taket er berre nokre år gamalt, så det er ergeleg. I tillegg ligg det restar av blikk i hagen, seier Tupsjøen.
Han legg til at det må ha vore store krefter i sving når ei lekt «skyt seg» inn i ei dør på denne måten.
– Det er berre flaks at ikkje kona var ute i hagen vår. Det er der vi hentar veden vår.
Mats (14) i flytrøbbel: – Vi ble kastet rundt
Blir litt å rydde
Etter at garasjetaket trefte huset deira, sigla det altså inn i husveggen til Gunnar Isachsen i gata bak.
Dermed blir det litt oppryddingsarbeid på naboane i Odda.
– Eg har vore i kontakt med forsikringsselskapet. Kjellerdøra er jo eigentleg det minste problemet. Vi er litt meir spente på korleis skadane på taket er, seier Tupsjøen.
Veldig blautt
Elles i Odda er situasjonen no at bygdebyen ikkje lenger er isolert.
Både riksveg 13 ved Skare i sør og fylkesveg 550 ved Måge i nord er opna for trafikk igjen.
Men på austsida av Sørfjorden, langs riksveg 13 nord for Odda, gjenstår ein god del ryddearbeid. Der møtte TV 2 sin reporter ein geolog like etter klokka 14.00.
Fleire stader har det kome jordskred og masser ned i vegbana.
– Det er veldig, veldig blautt i fjellsidene. Det fører til skred. Det er jo ein grunn til at folk blir oppmoda om å ikkje køyre når det er slike forhold som dette, seier geolog Jens Tveit til TV 2.