Her slår politiet til mot useriøse reiselivsaktørar i Lofoten

1 hour ago 1



Turismen i Nord-Noreg er i stor vekst.

Nordlysturismen har dobla seg i landsdelen dei siste seks åra, og Airbnb-marknaden er no på nivå med hotellnæringa.

Men medaljen har også ei bakside.

Lofoten har dei siste åra etablert seg som ei kjend merkevare, noko som òg har tiltrekt seg useriøse aktørar som ønskjer å tene raske pengar. Det bekreftar reiselivssjefen i Visit Lofoten, Line Renate Samuelsen.

– Det er i Lofoten du kan tene pengar, og då eskalerer utfordringane våre. Ein del av næringa veks utan at vi har oversikt på verken kvalitet og omfang.

Det er fleire utanlandske reiselivsaktørar som driv med guida-turar, nordlysturar og fototurar i Lofoten, og det er ikkje alltid dei følger regelverket.

– Og problemet er aukande, seier reiselivssjefen.

Sist veke stansa politiet fleire utanlandske personar i Svolvær.

Dei var mistenkte for å ha drive med ulovleg guiding og persontransport.

Bot på 10.000 kroner

– Straffesaka gjeld brot på yrkestransportlova, som krev gyldig løyve for all persontransport mot betaling.

Det seier politiadvokat Rita Hermansen Dahl.

Ifølge ho var det ein bil med åtte passasjerar og ein førar frå Spania. Dei blei stansa for kontroll etter at politiet hadde fått tips om ulovleg persontransport.

– Saka er no påtalemessig avgjord og føretaket har fått ei bot på 10.000 kroner.

Slike tips om ulovleg persontransport er noko politiet har fått tidlegare, seier politiadvokaten.

A-krimsenteret i Nordland har også informasjon om at ein god del av slike utanlandske reiselivsaktørar køyrer rundt i Lofoten utan løyve for å drive med persontransport.

– Kartlegg omfanget

Dei har no ei satsing inn mot reiselivet, i samarbeid med A-krimsentera i Troms og Finnmark, og kontrollerer om aktørane følger lovar og reglar.

Men regelverket for utanlandske aktørar som opererer i Noreg er komplisert, seier leiaren for A-krimsenteret i Nordland, Kurt Jacobsen.

Vi er i gang med å kartlegge omfanget, modus for kriminalitet og kva for utanlandske aktørar som utgjer mest risiko og trussel. Det er difor vanskeleg å seie heilt konkret korleis situasjonsbilete ser ut innanfor reiselivsnæringa i Nordland.

En mann med beige dressjakke og hvit dresskjorte.

Leiar for A-krimsenteret i Nordland, Kurt Jacobsen seier dei har ein del informasjon om at ein god del av utanlandske aktørar ikkje har løyve for å drive persontransport.

Foto: A-krimsenteret i Nordland

Sidan selskapa ikkje er registrert i Noreg, betalar dei heller ikkje skatt, og det gjer det vanskeleg å følge med på om dei følger arbeidsmiljølova.

– Om du er uregistrert, så har du sannsynlegvis heller ikkje stell på arbeidskontraktar og det å registrere inn arbeidstimar på tilsette, seier han.

– Så det er ikkje utenkeleg at ein del av desse verksemdene også har dårlegare lønn og arbeidsvilkår for sine tilsette enn norskregistrerte firma, og at dei opererer på utsida av regelverket i forhold til arbeidsmiljølova.

Nøyaktig kor mange verksemder dette gjeld, og kor utbreidd problemet med uregistrerte reiselivsaktørar er, veit ikkje Jacobsen, men det er noko dei jobbar med å finne ut av.

A-krimsenteret med Nordlyskontroll i Troms og Finnmark

A-krimsenteret har blant anna hatt nordlyskontrollar i Nord-Noreg.

Foto: A-krimsenteret

– Sette folk i fare

Det at nokre aktørar ser ut til å operere på utsida av regelverket kan få konsekvensar, ifølge reiselivssjefen i Lofoten.

Samuelsen seier det for eksempel gir ulike konkurransevilkår, slitasje på samfunn og infrastruktur, og null verdiskaping.

– Kvifor skal ikkje eit utanlandsk selskap som opererer og tener alle pengane sine på norsk natur, betale skatt til Noreg, og forhalde seg til norske arbeidstidsreglar, og ha alle dei reglane som eit norsk selskap har?

I verste fall kan det føre til at folk blir skadde på grunn av mangel på lokalkunnskap om vêr og forhold, meiner ho.

I sommar melde dei eit fransk reiselivsselskap etter at to turistar gjekk seg fast på Reinebringen.

Franske turgåere måtte berges ned fra Reinebringen

Her blir dei franske turistane hjelpte ned frå fjellet, etter at dei blant anna hadde fått varme klede frå redningsmannskapet.

Foto: Bjarne Ravn Hunstad / Svolvær Alpine Redningsgruppe

– Dei hadde sett folk i fare, men den saka blei lagd bort. Det hadde vi rekna med, men intensjonen der var å sette fokus på eit område som er problematisk.

Visit Lofoten meldte også selskapet til A-krimsenteret for ulovleg guiding og persontransport, men den saka er framleis under arbeid.

For å løyse dette jobbar reiselivsdestinasjonen saman med A-krimsenteret for å gjere det lettare å rapportere om ulovlege verksemder.

– Vi ønsker meir kontroll og meir fokus på det. Derfor jobbar vi med A -krimsenteret for å lage blant anna eit skjema. Det skal vere digitalt, og skal ha punkt om kva ein bør vere merksam på og rapportere om.

Det kan til dømes vere kjenneteikn, firmanamn eller registreringsnummer.

Publisert 12.11.2025, kl. 18.43

Read Entire Article