– Dei to som sit her har vore med og øydelagt mitt barn.
Det sa ei sterkt prega kvinne då ho tok plass i vitneboksen i Haugaland og Sunnhordland tingrett før påske.
Ho er mor til ein gut som er fornærma i ei overgrepssak som gjekk for retten.
På tiltalebenken sat to menn frå Vestlandet, ein i 40-åra og ein i 60-åra.
Dei er begge tiltalte for seksuell omgang mot barn mellom 14 og 16 år.
Påtalemakta meiner omgangen er grov sidan det er utført av begge i fellesskap.
Offeret er ein gut som enno ikkje er myndig.
Begge tiltalte har erkjent straffskuld etter tiltalen.
To menn var på tiltalebenken i Haugaland og Sunnhordland tingrett sist veke. Dei er blant mange menn som er tiltalte for overgrep mot same gut. Biletet er frå utanfor tingretten.
Foto: Olav Røli / NRKFornærma si mor: – Det er ikkje frivillig når det er barn
Saka har prega mor til guten så sterkt at ho i retten gav uttrykk for sterkt ubehag over å sitja i same rom som dei to tiltalte.
– De har behandla han som sexleiketøyet dykkar. Gitt han sprit. Det er ikkje frivillig når det er barn inne i biletet, sa ho.
Den vaksne kvinna unnskylda seg, men sa ho var så forbanna over det som hadde skjedd at ho nesten ikkje hadde ord.
Dette var nemleg ikkje den første rettssaka der menn må svara for overgrep mot sonen hennar.
På denne parkeringsplassen sør i Vestland skal guten fleire gonger ha blitt utsett for overgrep i bil.
Foto: Olav Røli / NRKAktor: – Stakkars gut
I fjor haust vart ein tidlegare politikarar dømd til fengsel for overgrep mot den same guten.
Utover våren skal fleire saker opp, og familien skal vera til stades i alle.
Til saman er seks menn tiltalte for overgrep mot guten, ifølgje Bergens Tidende.
Blant anna er ein mann i 60-åra tiltalt for fleire overgrep på eit hotellrom. Belønninga skal ha vore sprit, pengar og sigarettar.
Så mange som 19 menn skal ha vore på ei mistenkt-liste etter at saka vart politimeldt i 2023.
Fleire saker er framleis under etterforsking.
Statsadvokat Folke Åmlid, som var aktor i saka mot to menn sist veke, kallar det spesielt og uvanleg at same gut er fornærma i fleire saker mot forskjellige menn.
Foto: Olav Røli / NRKAktor i den siste saka, statsadvokat Folke Åmlid, kallar det uvanleg og spesielt at så mange menn skal ha gjort overgrep mot same gut.
– Dette trekkjer tankane i ei retning av sjølvdestruktiv åtferd, og at det har gjort det som har skjedd mogleg, seier han.
Under sin prosedyre sa Åmlid «Stakkars gut.»
– Dette er ein gut som skal ha heile livet framføre seg, men i staden opplever å ha det særs vanskeleg, seier Åmlid.
Måtte på sjukehus
Dei to mennene som sist veke var i retten, skal ved fleire høve ha hatt seksuell omgang med guten.
Mellom anna er mannen i 40-åra tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med guten i ein bil på ein parkeringsplass.
Begge var tiltalte for å ha utført seksuelle overgrep mot guten heime i leilegheita til mannen i 60-åra.
– To gonger var det også ein anna mann til stades. Eg skulle tydelegvis vera lokkemat, sa den fornærma guten i dommaravhøyr som vart spelt av i retten.
Gjennom datingtenesta Grindr skal tiltalte og fornærma ha avtalt å møtast ved denne parkeringsplassen. Der skal den unge guten ha blitt utsett for overgrep i ein bil.
Foto: Olav Røli / NRKHan forklarte seg om smerte under overgrepa, om flasker med sprit, sigarettar og kontantar, som påskjøning.
Ved eit høve vart guten filma.
Filmen vart delt med andre menn av den tiltalte i 60-åra.
Fleire gonger drakk guten så mykje at han vart alkoholforgifta, og måtte på sjukehus.
Den eldste tiltalte forklarte i retten at han heller ville gje guten sprit, enn at han skulle gå gatelangs og få tak i narkotika.
– Så du er liksom ein frelsar, kommenterte guten sin bistandsadvokat, Sigurd Klomsæt.
Etter møta med mennene skal guten ha fått kontantar, sprit og sigarettar. Dette skal ha skjedd fleire gonger. Her er Haugaland og Sunnhordland tingrett der ei av rettssakene har gått føre seg.
Foto: Olav Røli / NRKBistandsadvokat meiner overgrepa er grovare
Den andre tiltalte fekk spørsmål frå Klomsæt om ikkje sprit og pengar i byte mot sex var prostitusjon.
– Nei, eg oppfatta det ikkje som prostitusjon, svarte han.
Alle overgrepa har sett sine tydelege spor hos fornærma.
Advokat Sigurd Klomsæt, som er fornærma sin bistandsadvokat, meiner politiet har etterforska altfor lite om guten har vorte misbrukt av eit organisert nettverk.
Foto: Olav Røli / NRK– Han makta rett og slett ikkje å møta i retten. No får han hjelp, behandling og terapi, forklarer den erfarne advokaten.
Mora forklarte om ein gut som hadde vore på ein mørk plass i livet.
Klomsæt la ned påstand om oppreisingserstatning til guten i rettssaka.
– Han har det heilt jævlig, seier Klomsæt.
Advokaten har også varsla eit sivilrettsleg søksmål og meiner overgrepa er langt grovare enn det påtalemakta har tiltalt mennene for.
Klomsæt hevdar det er snakk om både valdtekt og organisert aktivitet, og at erstatningsbeløpet skal vera høgare.
Ber om fengsel
Advokat Odd Arild Helland, som representerte den yngste tiltalte i retten på Stord, er heilt usamd med Klomsæt.
– Eg anar ikkje kvar Klomsæt tek dette frå. Det kan i alle fall ikkje vera frå saksdokumenta, for det er ikkje grunnlag for å påstå noko sånt, seier Helland.
Advokaten meiner det er trist for dei fornærma i saka at Klomsæt kjem med slike skuldingar.
Klomsæt på si side kallar etterforskinga i saka for skandaløs, og meiner politiet ikkje har gjort nok for å etterforska om overgrepa var organiserte.
– Eg kan berre uttala meg om saka som går for retten i dag. Etterforskinga har vore god, og tiltalen reflekterer alvoret i saka, seier statsadvokat Åmlid.
Påstanden frå aktor var fengsel i eitt år for den eldste tiltalte, medan påstanden var åtte månader i fengsel for den yngste.
Dom i saka er venta i starten av mai.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.
Bak kvart overgrep står ein gjerningsperson. En dømt overgripar fortel om kvifor han meiner han gjorde overgrep mot fleire mindreårige gutar. Han meiner svaret ligg langt tilbake i tid.
Publisert 15.04.2025, kl. 22.24