Her prøver Ingrid (16) den nye digitale lommeboka

7 hours ago 2



Eit pling i appen, og så kan du trygt få handle aldersbestemte varer.

– Det var veldig lett og effektivt, så eg tykkjer det er ei veldig god løysing på korleis ein kan gjera det i framtida, seier 16 år gamle Ingrid Brenne, som i dag fekk testa den nye løysinga.

Ingrid Brenne

Digital ID blir vist fram på ein skjerm for dei i kassa på butikken

Grafikk: June Erdalsdal Kolstad / NRK

Skal du handle energidrikk må du vere 16 år, og for å visa kor gamal du er må du i dag bruka butikkens app eller visa fram eit fysisk ID-kort.

Skal fungere på tvers av landegrenser

Regjeringa har som mål at alle skal få tilgang på ei gratis digital løysing.

Der skal alt av aldersbevis, attestar, førarkort, reseptar og billettar ligge.

Du kan også signere dokument og betale for varer. For kundane blir det forhåpentlegvis enklare og raskare.

Også dei som sit bak kassa ser fram til at ei slik løysing kjem på plass.

En kunde og en butikkansatt i en rema 1000-kasse.

Ingrid Brenne testar digital ID for å få kjøpt energidrikk

Grafikk: June Erdalsdal Kolstad / NRK

– Det er mange som ikkje har fysisk ID med seg. Dette vil gjera at det blir ein lettare prosess i kassa når me skal spørja om ID, og det gjer det enklare for oss å halde regelverket, seier kjøpmann Mona Lie ved Rema 1000 Sogndal Sjøkanten.

Løysinga skal fungere like godt både med og utan nettilgang, og også i utlandet, for heile EU har som mål å innføra ei slik digital lommebok.

Lovar sterkare personvern

Med appen skal personvernet bli sterkare. Du skal sjølv velje kva informasjon du vil dele og når.

– I dag er det slik at me deler altfor mykje data om oss sjølve. Difor ønskjer me å få på plass ei digital lommebok som er trygg og sikker, seier digitaliseringsminister Karianne Tung.

Karianne Oldernes Tung

Digitaliseringsminister Karianne Tung og kjøpmann Mona Lie i Rema 1000 diskuterer den nye løysinga

Grafikk: June Erdalsdal Kolstad / NRK

Ho seier vidare at data som kva du heiter, kor du handlar eller andre opplysningar ikkje er noko du treng å dela.

Ting tek tid

Men dei som er tenåringar no må kanskje venta til dei er i 20-åra med å få bruka løysinga.

Regjeringa har nemleg som mål at ho skal vera i drift innan 2030.

– Eg er oppteken av at dette blir gjort på ein sikker og trygg måte som følgjer norsk og europeisk lovverk. Målet er at du skal kunne bruka lommeboka både i Noreg og utlandet, seier Tung.

– Difor må me vera sikre på at det blir gjort på ein trygg måte, seier ho.

En mobil med QR-kode på skjermen blir scannet på en maskin ved kassen i en butikk.

Slik er det planlagd at ID-sjekk skal skje i butikken i framtida

Grafikk: June Erdalsdal Kolstad / NRK

Digitaliseringsministeren peiker vidare på at det er mange i Noreg som ikkje er digitale, og at det må bli gjort eit arbeid for å sikra at alle kan nytta den nye løysinga.

Publisert 17.03.2026, kl. 16.18

Read Entire Article