Her prøvde turistane seg på køyretur på Rallarvegen- måtte ha hjelp av brannvesenet

1 month ago 35



Den om lag 80 kilometer lange Rallarvegen er ifølgje DNT den mest populære sykkelturen i den norske fjellheimen.

Turen går mellom Haugastøl i aust til Myrdal i vest.

Mot slutten av turen syklar du ned dei 21 krappe hårnålssvingane, kalla Myrdalssvingane.

Her «heng du på bremsene», står det omtalt om sykkelturen ned bakkane.

Det er både bratt og svingete, og ikkje nokon stad for bilkøyring.

– Somme stader er svingane så krappe at du må rygga. Du må også ha firehjulstrekk, og ein høg bil, seier innsatsleiar Arvid Gilje i Aurland Brannvesen.

For det går an å køyra der. Om du har løyve, og veit kva du gjer.

– Har du feil bil må du ikkje nærma deg denne vegen, seier Gilje, som har køyrt der mange gonger i jobbsamanheng.

Med løyve.

Her står bilen på turen opp

Flåmsbana, som du ser høgt oppe i fjellsida bak, er populær mellom turistane. Nokre turistar har også prøvd seg køyreturen opp Myrdalssvingane.

Foto: Aurland Brannvesen

Dramatisk melding

Laurdag måtte han ut på ny tur på vegen.

Dei fekk først melding om at to turistar stod med bilen på ein skrent, og at det var eit stup på 50 meter ned.

Men det heile visste seg å vera litt mindre dramatisk.

Turistane hadde, nærmast heldigvis, berre komme seg til den tredje av dei 21 svingane. Der hadde dei stoppa opp, og bilen hadde sklidd ned ei lita skråning.

Dei var redde, ifølgje innsatsleiaren.

– Me sikra bilen slik at han ikkje skulle skli tilbake og skrudde av motoren. Hadde han sklidd ned, så kunne bilen ha velta og rulla ned, fortel Gilje.

Det var Sogn Avis som først intervjua innsatsleiaren.

Brannvesenet i vestlandskommunen er ikkje ukjend med turistar som får problem på dei mange populære vegane i området.

Dei har både hatt bubil på kanten av eit stup, og ein bil som vart berga av muskelkraft.

Ein liten bergingsbil fekk til slutt kontroll på turistane sin bil

Ein liten bergingsbil kom til og fekk berga turistane sin bil.

Foto: Aurland brannvesen

Turistar får feilinformasjon

Ein liten bergingsbil fekk drege opp bilen, slik at han kunne verta køyrt ned.

Med sjåfør frå det lokale brannvesenet.

Gilje etterlyser no skikkeleg skilt, på engelsk, som forklarar at dette ikkje er ein veg ein skal køyra.

Det er nemleg ikkje første gongen at turistar legg i veg oppover vegen som endar på Vatnahalsen Høgfjellshotell.

I 2014 så var det eit kinesisk reisefølge, som med to Volvo XC60, forserte bakkane.

Men då dei kom til topps var bilane kraftig bulka etter køyreturen.

Sofie Dytrtová på Vatnahalsen Høgfjellshotell seier turistar får opp denne vegen som rute via Google Maps til hotellet.

– Men einaste måte å komma til oss er med tog. Me kontaktar alle våre gjestar og fortel at dei må ta toget, forklarar ho.

Publisert 27.07.2024, kl. 22.19 Oppdatert 27.07.2024, kl. 23.16

Read Entire Article