Kvardagen til OL-helten snudd på hovudet: – Lett å sjå at nokon tar eit snikbilde

4 hours ago 5



– Det er heilt «crazy», fortel Markus Rooth til NRK.

Laurdag kveld 3. august blei tikampen i OL avslutta. Rooth forsvarte leiinga og sprang inn til det som var Noregs første gull i sommar-OL.

Etter det har det meste forandra seg for 22-åringen, som fekk ein forsmak på den nye kvardagen omtrent omgåande. Da han gjekk inn på Instagram i etterkant av løpet, lyste det opp 500–600 varslingar.

– Eg har prøvd å svare på alle saman, men det er vanskeleg. Eg er ikkje heilt i mål ennå. Så viss nokon er misfornøgde med at eg ikkje har svart ennå, så held eg på, seier han med eit smil til NRK.

Han og mamma Mette Malm Rooth møter NRK i samband med at tikjemparen har målt fingerstørrelsen i forkant av ei kjendisbowling-turnering seinare i september – eit eksempel på ein av dei mange førespurnadene som har komme til Rooth etter OL-gullet.

Markus Rooth

FINGERMÅL: Det meste er klargjort for at Rooth skal kunne gjere det bra i kjendisbowling-turneringa i Oslo seinare denne månaden. Her frå fingermålinga onsdag.

Foto: Fredrik Jullumstrø

– Eg har gått frå å ikkje bli kjent igjen til å bli kjent igjen overalt. Det er jo ein ny kvardag, seier Rooth.

– Merke du at folk veit kven du er?

– Ja. Det er ganske lett å sjå at nokon tar eit snikbilde. Det er noko av det som du har aldri har tenkt over før, men som ein tenker over nå, seier Rooth, og fortset:

– Dei aller fleste kjem jo bort for å prate med meg. Det er jo meir hyggeleg enn eit snikbilde, kanskje. For da får ein i alle fall pratet med dei. Det som er fint er at det er ei positiv merksemd. Alle seier gratulerer og har lyst til å prate med meg om noko hyggeleg.

Friarbrev på Instagram

Den auka merksemda har også ført til ei rekke førespurnader om stemnemøte og hakket meir forpliktande førespurnader har komme inn i innboksen på Instagram.

– Det har blitt mykje, seier Rooth.

– Kva spør dei om?

– Det er nokon som har lyst til å gifte seg. Alt mogleg rart. Det er hyggeleg det, seier Rooth, og fortel at han har blitt beden på mange stemnemøte, men ikkje har sagt ja til nokon av dei.

– Så det er nokon som vil gifte seg med deg?

– Ja, eg er ikkje heilt der nå. Eg har ikkje tid til det. Eg kan ikkje gifte meg i år, trur eg. Men det er jo veldig hyggeleg. Det er veldig mange snille menneske, så eg set pris på alle dei som sender melding.

Også kort tid etter OL fortalde Rooth om friarbrev:

– Må skåne han litt

22-åringen får halde dei romantiske førespurnadene for seg sjølve, men det meste av andre førespurnader går via foreldra Mette og Espen Rooth.

– Det er mange fine førespurnad, men det må jo handterast. Det tar nokon timar kvar dag. Eg og Espen må koordinere, vi må involvere Markus litt og skåne han litt òg. Vi må prøve å sortere kva vi skal seie ja til og kva vi skal utsette, seier mamma Rooth.

– Eg har laga eit Excel-ark og der legg eg inn alle førespurnadene. Med dato og kva som er forventa, og at vi bør svare og så justerer eg han heile tida. Nå er han oppe i 150 linjer, så det er jo ganske mykje, seier ho vidare.

Både mor og son er opptatt av at perioden etter OL har vore ein periode der dei har hatt høve til å seie ja til fleire ulike ting. Rooths einaste konkurranse sidan OL-gullet var da han fekk Diamond League-debuten i lengde i Zürich i starten av september.

– Nå har Markus nokre veker der han trenar litt rolegare. Da har vi prøvd å putte alt dette inn nå, slik at når vi kjem inn i oktober, så er det trening som er fokuset igjen. Men at det kjem til å bli éin gong eller to i veka med ting, det trur eg i ganske lang tid framover, seier ho.

Prøver å treffe blink i 200 km/t 00:34

Publisert 20.09.2024, kl. 05.18

Read Entire Article