No kjem den første snøen: – Lurt å sko seg

5 hours ago 6



Det har vore sommarlege temperaturar til no i haust i Nord-Noreg.

Men no ser det ut til at kjøligare tider er på veg.

– Det ligg an til snø i fjellet i dagane framover, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Då kan det vere lurt å sjekke at bilen er riktig skodd, råder Vegtrafikksentralen.

Kjem du ut for ein ulykke med sommardekk på vintervegar, kan det nemleg bli din skuld.

Slik blir helgeværet.

Slik blir helgevêret i Nord-Noreg.

Foto: Meteorologisk institutt

Tre farevarsel i Nord

Nordlendingane kunne skryte om deilig sommarvêr til langt ut i september. Det blei til og med målt historiske tropenetter. Men no er det slutt, ifølge meteorologen.

Sommerlige scene i september i Kaldstad, Hamarøy. En gutt med snorkel går i vannkanten. I forgrunn er en steinete strand. I bakgrunn er flere små båter og flere spisse fjell.

Slik såg vêret ut midt i september på Hamarøy. No er det slutt på dette, ifølge meteorologen.

Foto: Siv Idunnsdatter Skoglund / Leserbilde

– Denne veka har det blitt fint i sør og dårleg vêr i nord, seier vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Årsaka er eit blokkerande høgtrykk i nord.

– Det ligg an til snø i dei høgaste fjellovergangane i Troms og Finnmark, og Saltfjellet i Nordland.

Geir Ottar Fagerlid

Vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid seier det er spesielt med et varsel for skogbrann så langt i september. Fagerlid trur varselet vil forsvinne når nedbøren kjem.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Det kan til og med kome farevarsel på.

– Det kan vere greitt med eit lite farsel på dei første snøfalla har vi erfart.

Snøgrensa ligg på 500–800 meter opplyser meteorologen.

Men lengst nord er det meir enn snø å uroe seg for. Torsdag ettermiddag er det heile tre farevarsel for Finnmark for skogbrann, høg vasstand og kraftige vindkast.

Bålkaffe på Finnmarksvidda.

Meteorologen minner om at så lenge farevarselet for skogbrann gjeld, må ein ikkje fyre bål. Det er nemleg tørt langt ned i lyngen på Finnmarksvidda.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Meteorologen er mest uroa for vasstanden. Det gjeld nemleg to floer, både torsdag kveld og natt til fredag i alle kystområda i Finnmark.

– Det er i tillegg ein del vind, så det kan bli litt utfordringar i strandsona. Det kan vere lurt å ta seg ein runde og sjekke.

Fagerlid seier at det no blir meir ustabilt og haustleg vêr i nord

– Det er ikkje så fint i langtidsutsiktene, seier Fagerlid, men legg til at det kan kome fine dagar imellom.

Men kven blir vêrvinnaren i helga?

– Det er nok Sør-Noreg. Frå Trøndelag og sørover. Det skal vere greitt vêr fram til søndag. Men i neste veke er det ingen som er vêrvinnar, åtvarar han.

Kan få skulda for ulykker med sommardekk

Brita Bjerklid, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen nord, seier det er på tide å legge om til vinterdekk om du har tenkt deg over fjellovergangane i nord.

Sjølv om fristen for å legge om til vinterdekk i Nord-Noreg er 15. oktober.

Hos Dekkstra på Forus er de travelt opptatt med å skifte til vinterdekk

Det er allereie travle dagar på mange dekkskiftsenter. Bjerklid seier det er ein god idé å planlegge fram i tid om ein veit at ein skal over fjellet i nord framover.

Foto: Erik Waage / NRK

– Kan de få konsekvensar om ein ikkje legg om før ein kryssar fjellet?

– Dersom du kjem i ein trafikkulykke på sommardekk i vinterføre er det du sjølv som må stå for den, seier Bjerklid.

Ho fortel at politiet i ein trafikkulykke ser korleis bilane er skodd.

– Skylda blir mest sannsynleg lagt til den som køyrde med sommardekk. Det er lurt å sko seg.

Regelen er at ein alltid skal køyre etter forhalda til føret som er meldt.

I morgon skal vegtrafikksentralen i Nord-Noreg ha møte for å finne ut om det er nødvendig å bemanne opp. Men førebels er det ikkje sagt noko om det.

– Vi kjem til å vere nok folk på, forsikrar trafikkoperatøren.

Publisert 20.09.2024, kl. 06.25

Read Entire Article