Her kan det bli vanskelig å få plass fremover

5 hours ago 3



Då restaurantsjefen slo på telefonen, eksploderte det med bestillingar.

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
MATBY: Fleire restauranter i Bergen får no si første Michelin-stjerne. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Publisert 17.06.2025 15:17

Det er dagen deretter for Michelin-utdelinga. 

Men i Bergen er det ingen bakrus. Det er heller stor stemning og framtidsoptimisme. 

To nye restaurantar i byen har fått Michelin-stjerne. Då ser det lyst ut for vestlandshovudstaden som ein kulinarisk by. 

Det merkast også på bestillingane. 

Renn på etter stjerneutmerking

– Det er fint. Alt kjennast litt lettare ut i dag. 

Det seier Øystein Ellingsen. Han er dagleg leiar på Gaptrast som i går kveld fekk si aller første Michelin-stjerne. 

Det skjer berre eit år etter at restauranten opna dørene for aller første gang.

Restauranten merkar allereie at å få ei utmerking som ei Michelin-stjerne, det har positive ringverknader. 

– Vi har merka ein klar oppsving. Det kan vi skrive under på, seier Ellingsen. 

Gaptrast merka gjennom mars og april at bookingane gjekk treigare og det var stillare i restauranten.

I det sekundet det var snakk om at restauranten kunne få ei Michelin-stjerne, tok det seg opp. Både mai og juni leverte godt.

Men etter gårsdagen har det verkeleg gått so det susar, ifølgje Ellingsen.

 Privat
GRUNN TIL Å SMILE: Når Michelin-stjerna er på plass og bookingane renn inn, so er det vanskeleg å ikkje smile frå øyre til øyre. Foto: Privat

Det rant inn med so mykje bestillingar og gratulasjonar at Ellingsen rett og slett måtte ta seg ein spasertur rundt i Københavns gater for å få litt luft.

– I går kveld var eg so dum at eg ikkje lada telefonen min, men då eg kom tilbake på hotellet og fekk lada den opp att so eksploderte den med bestillingar. Vi er meir eller mindre fullbooka dei tre neste månadane. 

– Pågangen er upåklageleg

Litt lenger bort i Bergen sentrum ligg restauranten som tok plass i den prestisjefulle Michelin-guiden saman med Gaptrast. 

Omakase by Sergey Pak fekk også si første stjerne i går kveld. 

– Vi vart veldig overraska når vi fekk beskjed at vi burde vere til stades i København. Vi lurte på kva utmerking vi skulle få. Det å få ei stjerne no, det er vi veldig takksame for, seier Kjetil Smørås, direktør i De Bergenske, som eig restauranten.

Også dei merkar at utdelinga har bidrege til ei auka interesse for restauranten. Ifølgje hotelldirektøren so er det ikkje usannsynleg at det kan bli tidvis vanskeleg å få bord framover. 

 Tor Henning Flaatten / TV 2
KLAGER IKKJE: Hotell- og restaurantdirektøren har all grunn til å vere nøgd med Michelin-stjerne. Foto: Tor Henning Flaatten / TV 2

– Pågangen er upåklageleg. Vi har berre ti-tolv sitteplassar i restauranten, so det vert fullt fort i utgangspunktet. Men vi merkar at det har auka med pågang siste tida. Det kan bli fullbooka lang framover i tid utover hausten. 

Smørås meiner Bergen har mykje å vere stolt av når det gjeld byen som eit kulinarisk reisemål. 

Han skryt av utviklinga byen har opplevd dei siste åra. 

– Ekstremt gode restauranter

– Vi opplev at fleire kjem for å oppleve matbyen Bergen. Vi har ein god del foodies som reiser til Bergen med båt, fly eller helikopter for å oppleve dei gode restaurantane vi har her. Det leggast merke til!

På eit døgn gjekk Bergen frå å ha to restaurantar i Michelin-guiden til å no ha fem restaurantar. Tre av dei har Michelin-stjerner, to av dei er nemnde i guiden som anbefalinger.

Han trekk spesielt fram utviklinga som har vore i Bergen som matby etter at restauranten Bare fekk si første stjerne i 2020. 

Smørås kallar det heile ein maktdemonstrasjon av Bergen. 

– Det skjer utruleg mykje spennande i Bergen for tida. Byen har utvikla seg i forrykande fart. Det er ein heilt anna restaurantby å besøke no samanlikna med for nokre år sidan. Det er so ekstremt mange gode restaurantar som ikkje står i guiden, men som bidreg til eit enormt spennande mangfald. 

Read Entire Article