Her er skrekktala Bodø/Glimt må snu: – Det er eit norsk syndrom

1 month ago 26



For å sette det heile i perspektiv: Sist gong eit norsk lag kvalifiserte seg for meisterligaen var Spanias 17 år gamle superstjerne Lamine Yamal halvannan månad gammal.

Da tok Rosenborg seg til gruppespelet, og det er sist gong Noreg var representert i den gjævaste klubbturneringa i verda.

Sidan den gongen har Brann, Molde, Strømsgodset, Stabæk, Bodø/Glimt og Rosenborg prøvd.

Resultat: Ingen norske lag i meisterligaen.

Men kvifor er det slik?

Tror du Bodø/Glimt kommer til mesterligaen?

– Norsk syndrom

– Det er eit norsk syndrom både på landslag og klubblag, så du treng det siste vesle når det er tøft og jamt. Det er noko med mentaliteten, seier Etzaz Hussain til NRK.

Han har også prøvd, men det blei «berre» spel i Europaligaen og serieligaen med Molde.

– Det går på kvalitet, seier Rosenborgs mangeårige målvakt André Hansen til NRK.

Dei siste fem åra har både Rosenborg, Molde og Bodø/Glimt tatt seg til playoff, siste hinder før gruppespelet. Men i tur og orden har dei blitt eliminerte frå meisterligaspel.

Champion Leauge. Kvalilifiseringskamp til Mesterligaen mellom Dinamo Zagreb - Rosenborg.

NEI: Dinamo Zagreb scorer på straffe og spolerer Rosenborgs mesterliga-drøm i 2019.

Foto: Terje Pedersen / NTB
Champions League - Play-off - Second Leg - Ferencvaros v Molde

NEI: Rødkledde Molde-spillere depper etter å ha røket ut på bordemål mot Ferencvaros i 2021.

Foto: BERNADETT SZABO / Reuters
Croatia Soccer Champions League

NEI: Bodø/Glimts keeper depper etter at mesterliga-drømmen røk på ekstraomganger i 2022.

Foto: Darko Bandic / AP
 Molde - Galatasaray (2-3)

OG ATTER NEI: Galatasarays Fredrik Midtsjø scorer et av Galatasarays mål som knuser Moldes mesterligahåp i 2023.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Det handlar om kvalitet, først og fremst. I alle fall når det er over to kampar. Så er det enkelte kampar der det ofte går på noko ein har snakka om i norsk fotball lenge: Den kyniske biten, seier André Hansen.

Kyniske Bodø/Glimt

Kjetil Knutsen og Bodø/Glimt var svært nære meisterliga-gruppespel for to år sidan, men etter ekstraomgangar blei draumen knust mot Dinamo Zagreb.

Nå har dei gule frå Bodø to år ekstra med europeisk erfaring, noko som gjer at trenaren ser lysare på moglegheitene i år.

Vi må spele kampen vår på premissane våre. Kynisme er så mangt, det er eit vidt omgrep og ikkje alltid eit negativt ord. Eg tenker vi går inn i ein kamp på premissane våre, seier Knutsen.

– Nå har Bodø/Glimt fått moglegheita fleire gonger, da bygger ein opp erfaring og kjenner på trykket. Det er mykje som står på spel, da handlar det ofte om mentalitet, seier Etzaz Hussain og fortsett:

Bodø/Glimt og Molde har ein fordel mot andre lag. Dei andre er i dårlegare fysisk form, men dei har vore der før og dei får det vesle ekstra.

«Det vesle ekstra» kan vere så mangt:

  • Molde rauk ut mot Galatasaray i fjor etter at tyrkarane hadde to mål som gjekk via muren og i mål.
  • Dinamo Zagrebs spiss Bruno Petkovic trylla fram eit utanomjordisk brassespark da kroatane slo ut Bodø/Glimt etter ekstraomgangar i 2022.
  • FC København slo ut Rosenborg på bortemålsregelen i 2010. Tre minutt før slutt skaut Roar Strand i stolpen.

Champions League Qualifying - Play-off Second Leg - GNK Dinamo Zagreb v Bodo/Glimt

«DET LILLE EKSTRA»: Bruno Petkovic leverte ei brasseskåring da Bodø/Glimt blei send ut av meisterligakvalifiseringa for to år sidan.

Foto: ANTONIO BRONIC / Reuters

Det var tre av mange eksempel.

– Det er den siste mentaliteten. Raude Stjerne er eit lag som er vant til å vere i situasjonen, men det handlar om å komme seg gjennom éin gong, som med Rosenborg. Dei kom seg inn, og da blei mentaliteten og kulturen endra, seier Hussain.

– Du møter dei beste laga i playoff, så treng du det siste vesle til å vippe det i retninga di. Kampen i seg sjølv var jamn, men dei klarte å omsette det. Dei vippa det sin veg, seier André Hansen.

Brukar mykje pengar

– Internasjonal fotball har utvikla seg enormt sidan starten av 2000-talet, og norsk fotball er i fin utvikling, seier Kjetil Knutsen.

Han meiner norske lag heng bra med, og peikar på den ekstreme økonomiske utviklinga i internasjonal fotball. Knutsen håpar å krone utviklinga med å ta laget til meisterligaen – og få slutt på 17 år med norsk reisesjuke.

– På eit eller anna tidspunkt vil det vere eit norsk lag i meisterligaen, så får vi sjå om det blir i år eller seinare. Det er norske lag som gjer det bra på den internasjonale scena. vi og Molde har vore lokomotiva, og nå kjem Brann òg, seier Knutsen.

For å nå draumen om meisterliga har Glimt forsterka med to nye spelarar før dei siste hindene til meisterliga-kvalifiseringa: Philip Zinckernagel og Michal Tomič.

I staden for å tenke på at ein skal spare og sikre klubbdrift, så har Glimt i stor grad spytta pengar tilbake i sportsleg satsing som har gjort at vi til kvar tid klart å halde eit konkurransedyktig lag, seier Patrick Berg.

Publisert 20.08.2024, kl. 10.22

Read Entire Article