Her blei Warholm «stempla» for alltid: – Gjort idrettslivet vanskelegare

2 hours ago 1



– Det er jo som ein feberdraum. Det er vanskeleg å hugse så mykje av det, fordi opplevinga var veldig surrealistisk. Det løpet har ein spesiell plass i hjartet, fordi heile greia var så absurd, seier Karsten Warholm til NRK.

I 2021 trudde ekspertane at «det var umogleg» å springe 400 meter hekk på under 46 sekund. Det var fram til Warholm sprang inn til 45,94 og tok OL-gull i same løp.

– Sett i retrospekt nå, så må eg kunne seie at det løpet har vore ekstremt definerande for meg.

Sjå løpet her:

Karsten Warholm sprang inn til OL-gull på 400m hekk i Tokyo. Han knuste samstundes sin eigen verdsrekord.

Warholm er stadig den einaste som har klart å springe øvinga på under 46 sekund. Det har ikkje alltid vore like lett å leve opp til i etterkant.

– Det har jo gjort livet mitt betre, men det har også gjort idrettslivet vanskelegare, seier Warholm.

Langt unna draumegrensa

29-åringen frå Ulsteinvik er klar på at rekorden har ført til ein del press.

– Sett i retrospekt nå, så må eg kunne seie at det løpet har vore ekstremt definerande for meg, seier han og fortset:

– Eg blir jo «benchmarka» med 45,94 heile tida. Og for å seie det slik, så er det ikkje så lett å skulle levere på det nivået heile tida.

en gruppe mennesker som står på en bane

GJENG: Amalie Iuel, Karsten Warholm og trenar Leif Olav Alnes har planen klar for VM.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

Nå er Warholm tilbake i Tokyo. Og det er på den same banen han nå skal kjempe om VM-gull.

For sjølv om han innrømmer at han truleg sette ein «for høg standard» med 45,94 i 2021, så kan det gi han ein fordel i VM.

– Det er ei eiga spesiell god kjensle. Sjølv om eg ikkje trur Tokyo-banen er noko betre enn mange andre moderne banar, så har eg så gode minne der. Det hjelper meg med den gode kjensla. Den må eg bruke for alt det er verdt.

Varslar supertider i Tokyo

Men i 2025, har verdsmeisteren frå Noreg begynt å nærme seg rekordtida att.

For under eit Diamond League-stemne i Polen i august, så small nordmannen til med tida 46,28. Hans raskaste tid på to år, og den tredje raskaste tida i verda nokosinne.

Eg har jo bygd forventningane. Det merkar eg òg. Det blir jo plutseleg veldig mykje spørsmål om den verdsrekorden igjen.

Kan det bli supertider?

Det kan det så absolutt. Det er ikkje eg bekymra for, eigentleg, at sjansen for det er ganske stor, seier Warholm og fortset:

Men eg prøver å vere disiplinert og fokusere på kva eg kan gjere for at det skal bli slik. Om eg ikkje får gjort ein god jobb, så kan det fort bli veldig dårlege tider òg. Så eg prøver å legge til rette for at det skal bli supertider. Det er jo det eg har aller mest lyst til.

Publisert 15.09.2025, kl. 09.49

Read Entire Article